Me er i 1938 – og me kan ikkje opptre som om me var i 1991
Ein tryggleiksarkitektur som kjem «seinare», er i realiteten ei tryggleiksarkitektur som kanskje aldri rekk å kome.
IKKJE NED: Forsvarsløftet må reviderast – men ikkje ned, ikkje utover, ikkje seinare, skriv orlogskaptein Tor Ivar Strømmen.Foto: Kjersti Binh Hegna, Forsvarets forum
Tor Ivar StrømmenTor IvarStrømmenTor Ivar StrømmenOrlogskaptein, Sjøkrigsskolen
Publisert
Dette er et debattinnlegg. Innlegget gir uttrykk for skribentens meninger. Send inn kronikker og debattinnlegg til Forsvarets forum her.
Dei siste vekene har verda tala med eit ettertrykk som gjer det umogleg å halde fast ved den altfor lyse forteljinga mange klamrar seg til. Alt blir verre, tronga for robuste løysingar og faktisk kampkraft aukar dag for dag.
Det me trudde var ein avgrensa ustabilitet, kor det viktigaste låg fast, var i røynda berre ei lånt ro. Og no står konklusjonane fram – ikkje som tolkingar, men som harde røynsler som me må ta omsyn til, ikkje snakke og budsjettere vekk.
På alle vesentlege punkt har USA vorte demonstrert som ein aktør ein ikkje kan byggje tryggleik på: ikkje som ein røynleg alliert, ikkje som ein garantist, ikkje som ein stabil berebjelke når det røyner på.
Nye, store krigstog
Samstundes ser me kvar einaste dag eit Russland som ikkje gjev opp sine offensive mål, men held fram krigføringa med full kraft. Dette er ikkje eit Russland som «slit seg ut» av seg sjølv.
Det er eit Russland som har sett store delar av industrien på krigsfot, som dagleg betrar evna si til moderne krig, og som kan sitje att med 1–2 millionar mannskap med fersk og relevant krigserfaring. Med andre ord: Eit Russland som – om det kjem ei våpenkvile i Ukraina – kan vere klar for nye, store krigstog svært raskt etterpå – kanskje allereie i 2028.
Og medan den russiske krigsmaskina går varm, ser me òg eit Kina som, etter ordre frå Xi, skal vere klar til å ta Taiwan i 2027. Eit Kina som alt har ei større marine enn USA, og som kvar einaste dag tek steg som gjer maktbalansen mindre i amerikansk favør.
Slik vert risiko ikkje berre eit ord, den vert ei retning, ein trend, ei rørsle i historia som dreg oss mot meir uro, meir friksjon, meir krig.
TAIWAN: Forsvarsverker på Kinmen. Fastlandskina kan sees på andre siden av stredet.Foto: Krister Sørbø, Forsvarets forum
Me står difor i ei av dei mest alvorlege tidene sidan 1945. Krig – jamvel global krig – er ikkje lenger ei teoretisk fare, men eit røynleg, ja sannsynleg, utfall i løpet av få år. Då burde alt i norsk tryggleiks- og forsvarspolitikk vere innstilt på éin ting: å redusere krigsrisiko gjennom truverdig avskrekking og reell forsvarsevne, bygd no, ikkje seinare.
Me treng ikkje mindre ambisjonar
I denne stoda syslar likevel regjeringa, FD og forsvarssjefen med planar som luktar av det motsette: å redusere ambisjonar, å forsinke reetableringa av eit faktisk minimumsforsvar, og kanskje òg å kutte sentrale kapasitetar. Det er vanskeleg å forstå kva verd dette spring ut av, men røynda er det i alle fall ikkje.
For røynda seier dette: Det me treng no er ikkje mindre ambisjonar. Det me treng er ikkje eit lengre tidsperspektiv. Det me treng er ikkje ei vidareføring av den trøystande, men farlege førestillinga om at onkel Sam kjem inn som ein reddande engel når det dreg seg til.
Ja, Forsvarsløftet må reviderast – men ikkje ned, ikkje utover, ikkje seinare. Meir pengar må på bordet no. Alt som raskt kan auke forsvarsevna, må skyvast fram i tid, ikkje ut i tid.
Me er i 1938
Driftsbudsjetta må opp på eit nivå der Forsvaret kan øve, vedlikehalde, fylle opp, rekruttere og bu seg så mykje som mogleg – ikkje så mykje som tronge budsjettrammer tillet. For eit forsvar som ikkje øver, er ikkje eit forsvar; det er ei påminning om det me skulle ha hatt.
Vidare må tett samarbeid og bilaterale garantiar etablerast med flest mogleg av våre nærmaste allierte – i dag, ikkje om nokre år, og ikkje halvhjarta. Ein tryggleiksarkitektur som kjem «seinare», er i realiteten ei tryggleiksarkitektur som kanskje aldri rekk å kome.
Me må gjere oss mest mogleg kapable til å forsvare oss mot alle eventuelle tilfelle, så raskt som mogleg, og så langt mogleg utan støtte. Ikkje fordi me ønskjer å stå åleine, men fordi me ikkje kan basere planverket vårt på at andre alltid vil – eller kan – vere der i tide.
Dette hastar ikkje. Det er eit imperativ. For kvar krone me sparer, for kvar dag me skyv avgjerder ut i tid, for kvar einaste reduserte ambisjon, aukar både sannsynet for krig og sannsynet for eit uynskja utfall dersom det blir krig. Me er i 1938 – og me kan ikkje opptre som om me var i 1991.