kongsberg

Ny milliardkontrakt med amerikansk luftforsvar

Kongsberg skal levere JSM-missil til det amerikanske militæret for ytterlegare 2,7 milliardar kroner, skriv selskapet i ei pressemelding.

JOINT STRIKE MISSILE: Totalt har USA bestilt JSM-missil frå Kongsberg for om lag sju milliardar kroner.
Publisert

Joint Strike Missile er eit femtegenerasjons luft-til-bakkemissil, som i dag blir brukt av Noreg, USA, Tyskland, Japan og Australia.

No har produsenten Kongsberg signert ei ny kontrakt for leveransar til USAs luftforsvar, til ein verdi av 2,7 milliardar kroner.

Det skriv selskapet sjølv i ei pressemelding.

Det er venta at dei vil vere ferdig leverte innan slutten av 2029, heiter det vidare.

Denne føyer seg til ei rekke JSM-kontraktar mellom Kongsberg og det amerikanske militæret.

Den samla verdien er no om lag sju milliardar kroner.

Tips oss!

Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane


Powered by Labrador CMS