Nyheter

Fryktar at norske sjukehus vil vere sårbare i ein krigssituasjon

Til no har ein ikkje lagt planar for korleis ein beskyttar sjukehusa mot eventuelle angrep, seier helsedirektøren. Men ho meiner at det trengst.

HELSEDIREKTØR: Cathrine Lofthus var direktør for Helse Sør-Øst under pandemien. Ho seier erfaringa kom godt med under utviklinga av den nye helseberedskapsplanen.
Publisert
KLOKKA: Beredskapsklokka frå Forsvarets Sanitet står utstilt på eit litt for lite bord i Helsedirektoratet sitt Oslo-lokale.

Inne på Helsedirektoratet sine lokale står det ei skipsklokke. 

 For Helsedirektørens bruk til å påkalle Forsvarets ressursar. Tre (3) slag i klokka utløyser støtte!

– Den kjem vi ikkje til å bruke i tide og utide. Det er berre dersom det er krise, fortel direktøren sjølv, Cathrine Lofthus, med eit smil.

Men i den nasjonale helseberedskapsplanen som kom våren 2025, blei det bestemt at forsvar og helse skal jobbe tettare saman enn før. 

Dette kjem som del av ei større vurdering om korleis ein kan sikre det norske folk nødvendig helsehjelp og omsorgstenester i krise og krig.

– Det eine er at vi treng fleksibilitet. Vi må kunne omstille personell og bruke dei på andre område. Vi må ha planar og øve for å få til det, seier Lofthus. 

– Det andre er prioritering. Vi prioriterte ned ein del pasientgrupper i pandemien. I eit krigsscenario kjem vi til å gjere prioriteringar som er mykje meir krevjande.

Helsedirektoratet ønsker at ein skal oppretthalde så mykje normalitet i helsesektoren som mogleg, dersom det skulle bli krig i framtida.

Men hovudfunksjonen er klar, legger Lofthus til. Ein må kunne ta vare på norske og allierte soldatar, og sørge for at dei blir stridsdyktige igjen etter skadar, dersom det skulle bli krig. Samtidig må vi hjelpe skadde sivile og restem av folket.

– Når vi går ut og seier ganske tydeleg at vi bør førebu oss på dette, så seier vi samtidig til det norske folk at det er noko å vere redd for. Og det er ein vanskeleg balansegang, seier ho.

– Men vi meiner at situasjonen no i verda er så bekymringsfull at det er det einaste rette.

Manglar plan for å sikre sjukehusa

Det er særleg på sjukehusa at sårbarheita i den norske helseberedskapen kjem fram. 

Helsedirektøren sit også i hovudstyret til Verdas helseorganisasjon, og har besøkt helseministeren i Ukraina, Viktor Ljasjko, for å utveksle erfaringar.

Eitt inntrykk ho tok med seg heim er effekten av dei mange russiske angrepa på det ukrainske helsevesenet.

– Går ein tilbake i tid så har ein hatt respekt for helseinstitusjonar. Det finst ikkje lenger, seier ho.

SÅRBARE: Bileta frå sjukehuset i Mariupol, som Russland bomba i mars 2022, har blitt verdskjende. Lofthus meiner ein må ha ein plan klar for å verne om sjukehusa, dersom Noreg skulle hamne i ein krigssituasjon.

– Det er skremmande å sjå at russarane går etter dei som skal hjelpe, og dei som er utsette og sårbare og skadde. 

Tips oss!

Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane

– Er det nokre tiltak som blir sette i verk for at helseinstitusjonar i Noreg blir verna om i ein krigssituasjon?

– Der er et ærlege svaret at fram til no, så har det ikkje vore planlagt for det. 

Lofthus set dette i samanheng med at forsvarstryggleiken i Noreg har vore lågt på prioriteringslista etter Den kalde krigen. Det inneber for eksempel tilgang på tilfluktsrom.

– Så er det heilt klart at vi må ha planar no for at også helseinstitusjonar kan kome til å vere mål, men der har vi ikkje kome langt nok.

Lærdommar frå Ukraina

Eit direkte samarbeid mellom helse- og forsvarssektorane er noko det blir jobba med både i Noreg og Nato.

For eksempel på korleis dette gjerast godt, ser Lofthus igjen til Ukraina.

– Vi blir stadig vekk flinkare til å jobbe med konkrete scenario og tal på kva ein krig i Noreg vil bety, anten det gjeld skadde soldatar, allierte eller folket. Vi har gode data frå Ukraina, seier Lofthus.

– Der jobbar helse og forsvar saman. Det er dei jo berre heilt nøydde til. Dei har blitt tvungne inn i situasjonen.

SAMARBEID: I Ukraina jobbar helse- og forsvarssektorane saman. Her hjelper den militære helsetenesta etter eit bombeangrep mot Kostjantynivka, 19. april 2025

Prinsippa i den nye beredskapsplanen

1. Ansvarsprinsippet

Den som har ansvar for eit fagområde til dagleg, har også ansvaret i ei krise.

2. Likheitsprinsippet

Organisasjonen ein opererer med under kriser, skal vere mest mogleg lik den daglege organiseringa.

3. Nærskapsprinsippet

Kriser skal bli handterte på lågast mogleg effektive nivå.

4. Samvirkeprinsippet

Alle organ har eit sjølvstendig ansvar for å sikre godt samarbeid med relevante aktørar.

Konkrete samarbeid som er viktige for vegen vidare, er Noregs bidrag til evakueringar av ukrainske skadde gjennom MEDEVAC-ordninga, og øvingar der helsesamarbeid mellom forsvar og sivil helseteneste får stor plass i 2026. Eit eksempel på dette er Cold Response.

Forsvaret har også delt erfaringar frå arbeidet med opplæring i psykisk førstehjelp for ukrainske soldatar.

– Innan dette feltet har det skjedd ei stor utvikling sidan Den kalde krigen. Vi har blitt mykje meir medvitne på kor viktig psykisk helse er i beredskap og i krig, seier Lofthus.

– Det bringar meg over til noko anna som også er veldig viktig å jobbe med no i fredstid, som er å styrke motstandsdyktigheita blant folket. God folkehelse, god psykisk helse, er god beredskap og gir motstandsdyktigheit. 

– Ei enorm dugnadsånd

– No er vi midt i ein førebuande situasjon. Hadde vi klart å kaste oss rundt likevel og vore klare, dersom Noreg plutseleg blei invadert i morgon?

– Ja, det vil eg påstå.

Lofthus meiner at eit utval som blei sett i 2024 for å styrke samarbeidet mellom forsvar og helse, allereie «har fått gjort ein god del».

FRAMGANG: Helsesektoren er Noregs største beredskapsorgan. Det har skjedd mykje sidan samarbeidet med forsvaret blei styrka i fjor, seier Lofthus, og betre skal det bli.

– Pandemien har lært oss mykje om prioriteringar. Så ville ein, gitt at det blei krig, hatt ei enorm dugnadsånd i det norske folk, og Nato å spele på.

– Det betyr ikkje at det hadde vore enkelt. Det hadde vore fælsleg krevjande, og vi ville absolutt oppleve at det finst område vi ikkje er godt nok førebudde på.

Powered by Labrador CMS