Kronikk

Manglar Noreg strategisk forståing og strategisk tenking?

Regjeringa, Forsvarsdepartementet og deira rådgjevarar gjev eit bilete av å ikkje forstå sjømakt, avskrekking og strategi.

FREGATTAR: Forsvarsminister Tore O. Sandvik (Ap) og den britiske forsvarsministeren John Healey møttest på KNM Harald Haarfagre 4. september for å signere avtalen om kjøp av Type 26.
Publisert

Dette er en kronikk. Meninger i teksten står for skribentens regning. Send inn kronikker og debattinnlegg til Forsvarets forum her.

Eg har i mange år reist kritikk mot norsk strategi – eller fråværet av slik – og mot den låge kvaliteten på den strategiske tenkinga bak forsvarsplanlegginga vår. 

I mine auge har Noreg vore knytt til tidlegare forsvarssjef Sverre Diesen sitt dogme om at norsk strategi er å utløyse artikkel 5, og til eit stivna bilete av korleis «bastionforsvaret» vil arte seg. 

Når dette vert kombinert med ei nærast blind tru på amerikansk støtte, utan vilje til å spørje kva USA faktisk vil prioritere, og kva ressursar dei har å stille med, endar me med eit forsvar innretta på eit avgrensa sett oppgåver og ein bestemt russisk handlingsmåte.

Eit slikt forsvar kan verke solid så lenge fienden oppfører seg slik me ventar og verda utviklar seg som me trur. Men heile krigshistoria viser at dette sjeldan skjer. 

Ingen kan føresjå den neste krigens karakter presist, me kan berre ane utviklingstrekk og moglege handlingsrom. Difor må strategisk tenking byggje på fleksibilitet – i struktur, i slutningar, i tilnærming – og i kontinuerlege revurderingar. Utan det vil me stå ute av stand til å tilpasse oss når krigen ein dag kjem.

Sjølvpåførte avgrensingar

Med dette som bakteppe vil eg rette blikket mot regjeringa si avgjerd om samarbeidspartnar og leverandør av nye fregattar til Sjøforsvaret. Eg har lenge hevda at me bør velje Frankrike og FDI framfor Storbritannia og Type 26. 

Grunngjevinga er ikkje nasjonal preferanse eller blanke brosjyrar, men tre strategiske faktorar: oppdragsfleksibilitet, fleire bein å stå på, og evna til å sikre framtidig kampkraft.

TYPE 26: Storbritannias nye fregatt HMS «Glasgow» vart døypt i Glasgow den 22. mai 2025. Fregatten er den første av Storbritannias Type 26-fregattar og den første i City-klassen.

For det første: Type 26 er ein framifrå ubåtjegar, noko som sjølvsagt tener både Noreg og alliansen. Men skipet er nær makteslaust på luftvern – noko som er kritisk i våre farvatn og i antiubåtkrigføring, der russiske ubåtar alt er utstyrte med sjømålsmissil, også hypersoniske. 

Konsekvensen er at me får fregattar som berre kan løyse krigsoppdrag under vern frå eigne jagarfly eller saman med allierte luftvernskip. Det er ikkje fleksibilitet, men sjølvpåførte avgrensingar. FDI, derimot, ville gjeve oss ein genuin multirollefregatt med brei kapasitet og eit potent luftvern – eit reelt handlingsrom.

For det andre: Me har alt eit tett samarbeid med Storbritannia. Å velje dei styrkjer dette samarbeidet ytterlegare, men me misser samstundes høvet til å etablere reelt og praktisk samarbeid med Europa si viktigaste militærmakt – Frankrike. 

Med FDI kunne me til dømes ha fått teknisk og operativt innpass i europeisk ballistisk missilforsvar og samstundes skaffa oss eit nytt bein å stå på utover eit relativt svakt Storbritannia og eit stadig meir uføreseieleg USA.

For det tredje: Ei marine med få fartøy gjer teknisk tilgjengelegheit avgjerande. Frankrike har i årtier levert kring 80 prosent operativ tilgjengelegheit – eit tal nesten unikt globalt. Storbritannia, derimot, har slite med å halde flåten på sjøen dei siste 10–15 åra, uavhengig av fartøyklasse. Valet stod altså mellom ein aktør med dokumentert evne og ein som berre lovar betring. Er det klokt å satse på det siste?

Djupt alvorleg

På bakgrunn av desse argumenta er det all grunn til å stille spørsmål ved klokskapen bak valet av fregatt og samarbeidspartnar. Tvil om dei strategiske og faglege vurderingane har dessutan vorte forsterka av utsegna til forsvarsministeren etter avgjerda. I eit intervju med Forsvarets forum sa han, når han var utfordra på fregattane sitt manglande luftvern:

«Vi vil ikke plutselig, ut av intet, bli overfalt av en aggressor, det vil være en eskaleringsstige. Da vil våre fregatter være omgitt av allierte og da vil det være kapasiteter som vil beskytte dem.»

FDI: Denne franske FDI-fregatten frå Naval Group, bygd for Hellas, vart sjøsett i 2023. Noreg har valt bort dei franske fregattane.

I mine auge vitnar dette anten om at ministeren ikkje forstår alvoret, eller at han er låst i eit forsteina bilete av trugslane me står overfor. Uansett er det djupt alvorleg når den øvste ansvarlege for Noreg sitt forsvar snakkar slik. For krig kjem aldri slik me trur – men alltid raskare, annleis og meir overraskande enn me trur. 

Og han kjem gjerne raskare enn me rekk styrkeoppbygge og før me kan rekne med full alliert støtte. Dette er jamvel russisk doktrine og ligg djupt i den russiske strategiske kulturen.

Den som tvilar bør sjå til 9. april 1940, Pearl Harbor, Port Arthur (1904), 22. juni 1941, Yom Kippur, 7. oktober – eller for den del 24. februar. Alle er vitnemål om at «eskaleringsstigar» kan vere illusjonar, eller at ein nektar å ta innover seg alle varsla som kjem. Å tru noko anna er å gamble med rikets tryggleik.

Diverre stogga ikkje dei uheldige utsegnene med dette. Ministeren sa òg:

«Det er tilstrekkelig avskrekking i disse fregattene. Vi kan ikke se norske forsvarskapasiteter isolert hver for seg.»

Dette avslører anten at han ikkje forstår avskrekking, eller at han ikkje ser føre seg at Noreg må kunne handtere kriser på eiga hand – uavhengig av alliansen. For å seie det enkelt: Det ligg inga avskrekking i sjølve fregattane. Avskrekking skjer i hovudet til motstandaren – når motstandaren sitt leiarskap trur me har kapasitet og vilje til å nekte han å nå sine mål, eller til å straffe han ut over det han vil tole.

Eit forsvar som kan verke åleine

Vår viktigaste avskrekking er ein truverdig allianse, og truverdige bilaterale samarbeid. Noreg sitt viktigaste bidrag i nasjonal og alliert samanheng, er å ha truverdig kapasitet til å hindre Russland frå å oppnå fait accompli, og å styrke trugselen om at alliansen kan svekke eller eliminere russisk nukleær andreslagskapasitet. 

Fregattane er berre verktøy i dette spelet. For å ha effekt må dei verke, vere øvde, samspelte og rett plassert – og fienden må ha mål og operasjonar fregattane kan truge eller nekte. Fregattane kan bidra til avskrekking, men dei utgjer ingen avskrekking i seg sjølve.

Endå meir alvorleg er det ministeren indirekte seier at våre fregattar ikkje kan brukast utan vern frå andre. Er det då dei rette fregattane? Skal me verkeleg ha eit forsvar som berre fungerer dersom allierte er på plass? Forsvarets hovudoppgåve er å førebyggje krig og å handtere kriser slik at våre interesser blir sikra. Då treng me eit forsvar som òg kan verke åleine, utan trygging frå andre, og jamvel langt inn i ei krigsstode.

Difor må eg med uro konstatere at regjeringa, Forsvarsdepartementet og deira rådgjevarar – med sitt fregattval og sine utsegner – gjev eit bilete av å ikkje forstå sjømakt, avskrekking og strategi.

Powered by Labrador CMS