Nytt om namn
Frå privat konsulent til avdelingsdirektør i FD
Anne-Marie Mellbye blei fredag utnemnd til avdelingsdirektør for tryggleik og sivilmilitært samarbeid (SIV) i Forsvarsdepartementet.
Ho er utdanna sivilingeniør ved NTNU og kjem frå rolla som Principal i Boston Consulting Group (BCG).
No skal Anne Marie Mellbye (32) vere direktør for SIV i Forsvarsdepartementet (FD).
Dette etter å ha jobba med BCG si støtte til FD i perioden 2024-2025, med strategisk IKT og organisasjonsutvikling.
– Eg gleder meg til å komme tilbake til Forsvarsdepartementet og jobbe saman med så mange engasjerte og flinke folk, seier ho i ei utsegn frå FD.
– Det blir spennande å vere med på å utvikle gode løysingar i ein sektor som er så viktig.
Det er departementet som bestemmer når Mellbye skal tiltre i rolla. Datoen er ikkje sett enno.