Nyheter

Leiarbyte i Norsk-ukrainsk venneforeining

Jan Ottesen erstattar Jørn Sund-Henriksen som leiar for foreininga, som jobbar for auka norsk militærstøtte til Ukraina.

NY LEIAR: Jan Ottesen er valt inn som ny leiar i Norsk-ukrainsk venneforeining.
Publisert Sist oppdatert

– Ein ukrainsk siger er avgjerande for Noregs og Europas framtid, og eit tett samarbeid med Ukraina er den viktigaste investeringa Noreg kan gjere.

Det skriv Jan Ottesen i ei pressemelding onsdag, etter å ha blitt valt inn som ny leiar for Norsk-ukrainsk venneforeining.

Han blir med dette etterfølgaren til Jørn Sund-Henriksen, som har leia foreininga sidan den blei starta i 2022.

Formålet var eit tett samarbeid med ukrainske organisasjonar for auka norsk støtte til landet sin fridomskamp.

Sund-Henriksen held fram i foreininga som styremedlem, heiter det i pressemeldinga.

Den tilfører at Anna Sandman valt inn som nestleiar.

Ny jobb?

Har du eller nokon du kjenner fått ny jobb? Då vil vi gjerne at du skriv eit par linjer om vedkommande og jobben, legger ved et bilde i breiddeformat, og sender til 

tips@fofo.no

Merk gjerne emnefeltet med «Nytt om navn». 

Powered by Labrador CMS