Nyheter

Noreg med offiserar til Ukraina-styrke

Nesten 3000 soldatar frå europeiske land øver no på sikre Ukraina og framtidig fred.      

KOALISJON: Bildet er frå ei markering for Coalition of the Willing tidlegare i år med styrker for Ukraina. Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj saman med Tysklands forbundskanslar Friedrich Merz.
Publisert Sist oppdatert

Tips oss!

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane. 

Personell frå tolv land øver no saman sør i Polen fram til 22. november. Øvinga er leia av Storbritannia og er ein del av Coalition of The Willing-initiativet. Dette er den første gongen ei fleirnasjonal styrke for Ukraina trener saman.

Noreg sender to stabsoffiserar til hovudkvarteret til styrka, samt nokre få observatørar. Desse kjem frå Forsvarets operative hovudkvarter (FOH). Det skriv Brage Steinson Wiik-Hansen, talsperson i Forsvaret, til Forsvarets forum. 

Fakta om Coalition of The Willing

  • Øvinga i sør vest i Polen varer frå 9.–22. november.

  • Storbritannia har rolla som leiar av øvingane.

  • Desse landa deltek i tillegg til Noreg:

  • Belgia, Estland, Frankrike, Litauen, Nederland, Polen, Spania, Sverige, Storbritannia, Tyrkia og Tyskland.

  • Multinational Force – Ukraine (MNF-U) er namnet på dei militære styrkane som etter plana skal til Ukraina etter framtidig fred.

  • Coalition of the Willing er ei gruppe land som har lova å støtte Ukraina i kampen mot Russland, både militæret og økonomisk.

Sender signal

Storbritannia, Frankrike og Tyskland er dei største bidragsytarane og dei som stiller med flest soldatar til øvinga. John Karlsrud har doktorgrad i internasjonal politikk og er forskar ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi).

– Du kan sjå på denne øvinga som første steget på vegen mot å stille sikkerheitsgarantiar til Ukraina. Det er eit signal om ønske om å stille sikkerheitsgarantiar. Kva vi ender med er framleis meir usikkert, seier Karlsrud til Forsvarets forum.

I ulike rundar med forsøk på fredsforhandlingar har eit av hovudpoenga til Ukraina vore at dei vil ha sikkerheitsgarantiar om det skal bli varig fred. 

Nupi-forskaren seier at dei europeiske landa vil signalisere militær styrke med øvinga i Polen.

SPESIALIST: John Karlsrud forskar ved Nupi blant anna på koalisjonar sine roller i internasjonal sikkerheit og FN sine fredsbevarande styrker.

– Det handlar om å vise handlekraft. At man har planlagt og at dei kan jobbe saman, seier Karlsrud.

Økonomisk pressa Frankrike

Karlsrud seier at statsbudsjetta til både Storbritannia og spesielt Frankrike er pressa.

– Frankrike og England har lite pengar, så korleis kan dei vise at dei har evne og kan støtte? Då kan dei bruke eigne troppar og delta i øvinga. Frankrike har jo ikkje særlege ressursar. Dei deltek med ein stor kontingent i øvinga og det er dette dei kan stille med på dette tidspunktet, seier forskaren.

Han meiner at Russland må slite om det faktisk skal bli noko av den internasjonale styrka i Ukraina.

– Samtidig skal Russland vere pressa ganske hardt viss dei skal akseptere ein slik multinasjonal styrke som ein del av ein fredsavtale, seier Karlsrud.

Tankesmie: – Europa vil vise samling

Forskar Lesia Ogryzko er medgrunnleggar og direktør av den ukrainske tankesmia Sahaidachnyi Security Center. Ho er denne veka i Noreg for å halde foredrag blant anna på Nupi. Ho seier øvinga i Polen er europeiske land som vil vise samla styrke.

– Først handlar det om å skape sjølve koalisjonen og vidare sende eit signal til Russland om at dei ikkje vil klare å splitte oss, seier Ogryzko som har bakgrunn blant anna frå FN og arbeid for den ukrainske regjeringa. 

DIREKTØR: Lesia Ogryzko er forskar og direktør a den ukrainske tankesmia Sahaidachnyi Security Center.

Ogryzko seier også at Coalition of the Willing-initiativet og den fleirnasjonale styrka for Ukraina vitnar om eit Europa som har forandra haldning til Russland.

– Alliansa viser at dei skaper nye initiativ og mekanismar som skal bygge opp konkurransekraft og operativ kapasitet på militært, industrielt og politisk nivå. Det andre er at dei seier vi førebur oss og at vi forstår truslane som kjem mot oss, seier ho til Forsvarets forum.

Powered by Labrador CMS