Nyheter
Slik kan Noreg bli angripe av Russland
– Meir truleg med angrep og krig enn ikkje, seier oberstløytnant og forskar ved Krigsskolen. Ukrainsk rapport åtvarar om store norske svakheiter.
– Dei norske planane for opprusting og forsvar tek lang tid, samanlikna med det Russland er i stand til no, seier Polina Istomina til Forsvarets forum.
Ho representerer den ukrainske tankesmia og analysesenteret Sahaidachnyi Security Center.
Dei har laga rapporten The Battle of Norway der dei ser på dei russiske strategiane og metodane brukt mot Ukraina.
Ut ifrå dette peikar tankesmia på kva Noreg kan vente seg om Putin skulle gå til angrep.
Rapporten åtvarar om store hol og svakheiter idet norske forsvaret mot det russiske krigsmaskineriet. Istomina åtvarar om at det er fleire år før Noreg og andre europeiske land er ferdig rusta opp.
Vil kutte straumen
Trygve Smidt er oberstløytnant og forskar tilknytt Krigsskolen. Han har lese rapporten og seier den ukrainske granskinga av Noreg er god.
– Eg meiner dei har treft ganske godt i analysen av sårbarheitene til Noreg, seier Smidt til Forsvarets forum.
Både den ukrainske tankesmia Sahaidachnyi Security Center og Smidt meiner det mest trulege scenarioet er at Russland går etter Estland, Latvia og Litauen.
– Angrip Russland dei baltiske landa, vil russarane samtidig stikke kniven der det smertar mest. Det er mot norsk olje og gass. Hovudsakleg gassleveransane til Europa. Det er svært sannsynleg at Russland vil søke å sabotere og angripe denne infrastrukturen slik at dei blant anna kan ramme Europas evne til å levere straum, seier oberstløytnanten og fortset:
– Noreg er ein svært viktig leverandør av energi til Europa. I fjor kom 33 prosent av gassforbruket til EU og Storbritannia frå Noreg. Gassen vi eksporterer tilsvarer 1270 terawattimar, tilsvarande ni gongar det norske straumforbruket, seier Smidt.
Han kallar den norske undersjøiske infrastrukturen veldig sårbar og viser til at det ligg nesten 900 mil med norske gassrøyr på havbotnen.
Nakne Noreg
I rapporten The Battle of Norway blir det peika på at Noreg ikkje har noko som kan skyte ned ballistiske missil. Det norske forsvaret mot dronar og missil blir beskrive som nakent. Det er oberstløytnant Smidt einig i.
– Ja det er korrekt at vi er nakne. I rapporten seier dei det slik som det faktisk er. Dette er informasjonen dei har henta frå opne kjelder, seier han og utdjupar.
– Vi har absolutt ikkje noko forsvar mot ballistiske missil eller hypervelocity missil. Sjølv etter fullskalainnovasjonen av Ukraina i 2022 har ikkje dette blitt retta opp på, seier Smidt. Eit hypervelocity missil går enno raskare enn hypersonisk missil og øydelegg målet med rein kinetisk energi og ofte utan stridshovud.
Oberstløytnanten meiner det er mykje bra på gang ved den norske opprustinga, men at den skjer alt for sakte.
– Det er bestemt at dette skal skaffast forsvar mot ballistiske missil ein eller anna gong i framtida. Det verkar ikkje som dei politiske avgjerdstakarar har forstått kva hast det er i trussebildet mot oss, seier han.
Sannsynleg med krig
Smidt har jobba i 38 år operativt og administrativt i Forsvaret, samt i Forsvarsdepartementet. Oberstløytnanten vurderer det som sannsynleg at Russland vil angripe eit eller fleire Nato-land. Og at dette vil føre til at også Noreg vil bli angripe.
– Den fara er veldig stor. Russland har jo eit uttala mål om å reetablere sin interessesfære, som dei hadde under sovjettida. Så deira mål er både å sikre seg betydeleg større delar av Ukraina, men også Baltikum. Det er det dei har sagt, bestemt seg for og sett i gang med, seier Smidt.
I rapporten The Battle of Norway peikar Sahaidachnyi Security Center på dei neste tre åra som eit vindauge for Putin. Smidt seier fleire land si etterretning beskriv det same kritiske tidsvindauget.
– Mange europeiske lands etterretning og no også CIA, har erkjent at det er svært sannsynleg at eit angrep skjer ein eller annan gong frå i haust til 2029, seier Smidt.
Han har blant anna skrive forskingsrapportar for Nupi og Corisk om Russlands angrepskrig mot Ukraina.
– Kor stor sannsyn er det slik du ser det for at Putin-regimet angrip eit Nato-land?
– Det er meir sannsynleg at dei gjer det, enn at dei ikkje gjer det, seier Smidt.
Aktive angrep
Smidt seier angrepa som har blitt vurdert av etterretningstenestene er alt frå cyberangrep til konvensjonelle angrep for å ta og halde landområder. Han viser til at Russland allereie er i gang.
– Europeiske land har blitt angripne fleire hundre gongar sidan 2022 av Russland, eller agentar betalt av Russland, gjennom cyber-angrep og ulike former for sabotasje. Russland har med andre ord kryssa grensa for aktive angrep mot europeiske land, seier han og fortset.
– Det vi snakkar om her er med andre ord sannsynligheita for eskalering av dei pågåande angrepa med større omfang, eller med større skadelege konsekvensar. Dette inkluderer eit mogleg større konvensjonelt angrep mot ein, eller fleire av de baltiske statane seier Smidt.
– Tenk masse og volum
The Battle of Norway peikar på at Noreg er eit stort land med lite folk. Tilrådinga i analysen frå den ukrainske tankesmia er å satse på automasjon, KI-drivne forsvarssystem der mange dronar kan styres av få operatørar.
– Ikkje vent på perfeksjon, gå i stor skala. Det er viktig å forstå at krigen no har blitt ein masse-krig der det blir produsert mykje og billig, seier Istomina med eit nikk til Ukraina si dronesatsing som har bidrege til å stoppe den russiske framrykkinga.
– Vi har fleire års erfaring med å stå i mot russisk okkupasjon. Enkeltindivid, samfunnet og industrien vår har kunnskap som vi er glade for å dele og bidra med, seier ho.
Råder til taktskifte
Smidt seier at lærdommar og kunnskap frå Ukraina må brukast til å hurtig få på plass beskyttelse mot dronar og missil.
– Det største gapet vi har og som det hastar veldig å gjere noko med, er å skaffe eit missilforsvar. Slik at vi er i stand til å redusere verkingane av russiske ballistiske missil og særleg high velocity-missil, seier den pensjonerte oberstløytnanten.
Smidt seier det allereie er system på plass som beskyttar petroleumsproduksjonen, men at det raskt må på plass meir sikring.
– Alle dei store ilandføringsanlegga våre må beskyttast både frå lufta og frå bakken. Vi må også beskytte undersjøisk infrastruktur. Dei 33 prosentane av energien til EU og Storbritannia kan ikkje erstattast hurtig, det vil ta fleire år, seier Smidt.
Etterlyser dogmeskifte
Ei av tilrådingane i The Battle of Norway er at Heimevernet blir utrusta med dronar og droneforsvar, for å lage eit landsdekkande droneskjold. Oberstløytnant Smidt er einig i også den analysen.
– Den einaste moglegheita for å få nok droneforsvar og dronekapasitet til det ganske land, det er gjennom Heimevernet. Men, det krev ei enorm utvikling av trening og utdanning. Det vil krevje eit fullstendig dogmeskifte, seier forskaren.
Rapporten skriv at Noreg i dag har ein brigade som skal vere fult utrusta i 2030 og to nye som skal vere klare innan 2036. Tankesmia skriv at Noreg er avhengige av hjelp frå både Finland, Sverige og andre Nato-land om Russland skulle starte bakkeinvasjon av Noreg. Dei norske brigadane er planlagt å ha rundt 4500 personell.
Tilrår tredobling
Smidt seier at om det skulle kome ein bakkeinvasjon, vil dei norske brigadane halde i maks fjorten dagar slik dei er rusta i dag.
– Skal vi kunne slost i meir enn to veker med tre brigadar, må vi multiplisere både personell og materiell med to til tre gongar det vi har dag, seier han og fortset.
– Det er enkel matematikk. Om ein brigade skal slost, må du vente mellom 100 og 150 personelltap i døgnet. 80 prosent av tapa skjer i infanteri og panseravdelingar. Mistar du 100 i døgnet kan du i beste fall slost i to veker før desse avdelingane er komplett nedkjempa. Det må ei tredobling til skal vi ha lenger utholdenheit enn to veker, seier oberstløytnant Smidt.