Råder Noreg til å svare på russiske hybride angrep
Det er på tide å innsjå at Russland berre forstår styrke og slå tilbake, seier ukrainsk forskar.
HACKA: PST meiner ei pro-russisk hackargruppe tok over styringa til ei demning i Bremanger kommune på Vestlandet i fjor. Hackarangrepet førte til at slusene blei sett på full opning i fire timar.Foto: Arve Olav F. Solbakken, Firdaposten, NTB
Forsvarets forum omtala nyleg The Everywhere War-databasen som viser hybride angrep mot Noreg og andre Nato-land. Russland er enten mistenkt eller dømt for å stå bak dei hybride operasjonane.
Annonse
– Noreg og Europa må svare og slå tilbake mot dei russiske hybride angrepa. Om ikkje blir de kokt som frosken i kjelen som ikkje merkar at temperaturen stig, sakte men sikkert, seier Elena Davlikanova til Forsvarets forum.
Ho er seniorforskar ved den ukrainske tankesmia Sahaidachnyi Security Center og står bak databasen The Everywhere War.
Fryktar dødelege angrep
Davlikanova meiner at norske og europeiske politikarar ikkje har noko truverdig og meiningsfull strategi for å møte dei aukande russiske hybride angrepa.
– Ekspertar og forskarar ser at dette er ei koordinert, fullskala kampanje med kinetiske verkemiddel under terskelen for open krig. Medan politikarane ikkje ønsker å vere ærlege ovanfor folket fordi dei ikkje vil skremme, seier Davlikanova til Forsvarets forum.
EKSPERT: Forskar Elena Davlikanova har granska blant anna russisk hybrid krigføring mot EuropaFoto: Privat
Seniorforskar Davlikanova meiner europeiske politikarar både har stukke hovudet i sanden og brukt silkehanskar ovanfor Russland.
– Vi må slutte å liste oss rundt Russland. Regimet er svært alvorleg og svært aggressivt. For Europa kan konsekvensane bli dødelege. Det første vi må gjere, er å slutte å vere redde for Russland og vere styrte av frykt.
– Russland slepp unna
Forskaren ved Sahaidachnyi-tankesmia viser til dei mange raude linjene Russland har kome med, men som har vore tomme truslar.
England: Seks menn dømt for spionasje mot journalistar, russiske dissidentar og ukrainske soldatar i 2025.
Polen: Tre menn dømt for å vere ein del av eit sabotasjenettverk aktive i Polen, Litauen og Latvia i 2025. Russisk etterretning skal vere oppdragsgivar.
– Det bør vere ein tydeleg opptrappingsstige. Den bør ikkje vere basert på frykt. Stigen bør vere basert på ei forståing av at russarane berre respekterer styrke, seier forskaren og fortset:
– Når russarane veit at dei vil møte ein reaksjon, og at denne reaksjonen er uunngåeleg og alvorleg, kan det hende dei tenker seg om ein gong til. Men akkurat no veit dei at dei kan sleppe unna med det, seier seniorforskaren og utdjupar.
Etterlyser konsekvensar
Førsteamanuensis Karen-Anna Eggen er leiar av Program for Ukraina og fullspektrumstrusler, ved Institutt for forsvarsstudium.
Ho meiner også at Russland må få eit motsvar.
– Russland må få beskjed direkte og indirekte om at ulike angrep over og under terskelen for væpna makt smerter tilstrekkeleg. Slik at det ikkje lønner seg, seier forskaren ved Forsvarets høgskole.
Eggen seier også at det er relevant med ein debatt om korleis ein skal møte hybride angrep.
SPESIALIST: Karen-Anna Eggen ved Forsvarets høgskole har forska på hybride truslar og angrep frå Russland.Foto: Krister Sørbø, Forsvarets forum
– Blir problemet for stort må vi ta ein seriøs diskusjon om korleis vi skal møte det over tid, seier forskaren.
Tips meg!
Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send meg ein e-post på: ow@fofo.no
Ho peikar vidare på at det er fleire måtar å svare på russiske hybride angrep. Om ein ikkje vil slå tilbake med same mynt inne i Russland, kan ein gå etter frosne russiske pengar.
– Det er fullt mogleg å finne smertepunkt utanfor landet. Ein kan til dømes gå langt meir systematisk etter skuggflåten eller frosne middel. For kvart angrep som truverdig kan knytast til Russland, blir eit skip arrestert eller ein sum pengar teken frå dei frosne midlane, seier Eggen.