Nyheter

Her kan du sjå russiske hybride angrep mot Noreg

Frå opning av sluser i vanndam til kutting av kablar ved militære flyplassar: Oversikt viser bekrefta eller mistenkte russiske hybride angrep mot Noreg. 

MISTANKE: Både Forsvarets forskingsinstitutt og politiet mistenker at nokon har sabotert kablane som blei strekt ut under ein test av militært elektronisk jammeutstyr ved Andøya flystasjon i 2024.
Publisert Sist oppdatert

Tips oss!

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene. 

Vatnet renn over demninga ved Risevatnet i Bremanger ein måndag i april i fjor. Straumen flyt som vanleg med 195 liter i sekundet over kanten. Så skjer det noko. Slusene opnar seg. Vatnet renn plutseleg med 497 liter i sekundet. Nokon har kome seg inn i kontrollsystemet til demninga anlegget. Ventilane er skrudd på full opning.

HACKING: Bildet er ein skjermdump frå ein video lagt ut av ei russiske hackargruppe på Telegram. Videoen viser då hackarane kom seg inn i kontrollen av damanlegget på Vestlandet.

PST og Kripos har etterforska saka og meiner ei prorussiske gruppa står bak. Hackarane har lagt ut ein fire minutt lang video på ein Telegram-kanal og i andre sosiale medium. Klippet viser styringspanelet til demninga, at nokon har fått fjerntilgang og at tastar inn nye tal for vannivået.

Database

– Dette er Russland som testar Norge, seier Karen-Anna Eggen til Forsvarets forum.

Førsteamanuensen ved Institutt for forsvarsstudium har sett på eit kart over både Europa og Noreg som er full av raude og oransje flekkar. Ein av dei røde flekkane er Risevatnet på Vestlandet. 

FORSKAR: Karen-Anna Eggen er seniorforskar ved Forsvarets høgskole.

Flekkane finn du også ved dei militære flystasjonane ved Andøya og Evenes. Og ved ei oljeplattform i Nordsjøen. Kartet og databasen heiter The Everywhere War – Sub Threshold Warfare Tracker. Databasen som er open for alle, viser ulike former for russiske hybride angrep mot blant andre Noreg, Sverige, Danmark og andre Nato-land.

Trackeren er laga av den ukrainske tankesmia og analysesenteret Sahaidachnyi Security Center. Seniorforskar Olena Davlikanova fekk ideen til databasen.

– Vi oppretta trackeren for å hjelpe europearar med å sjå den reelle trusselen. Russarane tek det dei driv med, svært alvorleg og dei har eit heilt konkret mål, seier Davlikanova ved Sahaidachnyi-senteret til Forsvarets forum. 

OVERSIKT: Den nye databasen har samla inn stadfesta og mistenkte russiske hybride angrep mot Noreg og andre europeiske land.

Davlikanova jobbar i tillegg som stipendiat ved Kings College i London ved avdeling for krigsstudium. Sahaidachnyi Security Center står også bak ein rapport om sårbarheiter til både Forsvaret og sivil infrastruktur.

Oversikt

Seniorforskar Eggen ved Forsvarets høgskole har gjort seg kjent med databasen og brukt den.

– Dette er eit kjempegodt initiativ. Eg ønsker velkomen alle slike tiltak for å prøve å kartlegge kva denne type trusselen er, seier førsteamanuensen og legg til:

FORSKAR: Olena Davlikanova ved Sahaidachnyi Security Center

– Det er ein ting eg synest er fint med denne databasen. Det er at den forhåpentlegvis kan bidra til å gi eit slags mentalt kart for folk over spennet idet ein møter. Og kanskje også etter kvart gi nokre verktøy til politikarar og folk som jobbar med dette, for korleis du skal kategorisere truslane og møte dei, seier forskaren.

Fakta om hybride angrep mot Noreg

  • The Everywhere War har registeret alt frå cyberangrep til droneflygingar.

  • Eksempel på cyberangrep og hendingar mot Noreg er:

  • GPS-forstyrringar over Kirkenes i 2025.

  • Russisk spionsatellitt nær Telenor-eigde Thor 6 satellitt i 2024.

  • Cyberangrep mot BankID og Arbeidstilsynet blant andre i 2022.

  • Opning av slusene til Risedammen i Bremanger i 2025.

  • Databasen viser også mistenkelege droneflygingar:

  • Haugesund flyplass blei stengd i 2022 grunna dronar.

  • To droneobservasjonar over gassanlegget på Kårstø i 2022.

  • Dronar flyg ved oljeplattformene Kristin, Gullfaks C, Heidrun, Snorre A og Gina Krog i 2022.

  • Gardermoen stengt i tre timar etter droneflyging i 2025.

  • Fem dronar sett i droneforbodssona over Brønnøysund flyplass, første til stenging.

Kjelde: The Everywhere War – Sub Threshold Warfare Tracker.

Eggen seier at ho på forskingsprogrammet sitt sjølv skal jobbe med datasett om hybride angrep mot Noreg:

– Målet er å få betre grep om fenomenet og aktørane som står bak, seier ho.

Du kan sjå databasen og oversikta til Sahaidachnyi Security center her. 

Bekrefta angrep

Demninga på Vestlandet har ein ting til felles med BankID, Vipps, Altinn og Arbeidstilsynet blant andre. Dei har blitt angripne av det Nasjonal sikkerheitsmyndigheit (NSM) og politiet meiner er prorussiske hackargrupper. 

Eggen peikar på at The Everywhere War-databasen gjer eit skilje. Det er raude dottar på kartet. Det viser angrep som er stadfesta frå myndigheiter eller andre at det er eit russisk hybrid angrep. Dei oransje flekkane er åtak som ikkje er stadfesta, men som passar i mønsteret til russisk hybrid krigføring.

– Dei er veldig tydelege på kva ulike land meiner juridisk og på anna vis er sporbart til Russland. Dei er også tydelege med at dei har ein kategori der ein ikkje veit sikkert kven som står bak, men at hendingane passar i hybrid-mønsteret, seier Eggen. 

Seniorforskar Davlikanova seier at du kan klikke på kvar enkelt hending og få meir informasjon.

– Du kan stole på databasen fordi du kan klikke deg inn på artiklar frå anerkjende medium eller rapportar frå respekterte tankesmier, hovudsakleg vestlege tankesmier, som omtalar kvar enkelt hending. Det finst altså ikkje eitt einaste tilfelle der vi berre hevdar at Russland står bak, utan å legge ved dokumentasjon, seier Davlikanova som har doktorgrad i økonomi og leiing.

Kutta kabel

Fakta om dommar mot Russland

Ifølge databasen er det registrert 27 stadfesta hendingar eller hybride angrep mot Noreg. Det er vidare registrert 13 mistenkte tilfelle. Eit av dei mistenkte angrepa i databasen er frå 2024. Under ein test av elektronisk jammeutstyr i regi av Forsvarets forskingsinstitutt blei det oppdaga kutta kablar. Politiet mistenkte og etterforska sabotasje, men ingen blei tekne og saka lagt bort på bevisets stilling. 

Databasen har også med oversikt over droneflygingar som har fått flytrafikk ved Gardermoen i 2025 eller Sola til å stoppe opp i 2022. Det er registrert langt fleire hendingar i land som Polen, Tyskland, Estland og Litauen. Til no har seks europeiske domstolar slått fast russiske hybride angrep. I 2025 blei ein ung mann dømt for å ha tent på eit IKEA-varehus i Vilnius på oppdrag for russisk etterretning.

Det same året blei fem menn dømt for å ha tent på eit Starlink-lager i England, på oppdrag av den russiske Wagner-gruppa. Polske myndigheiter seier russisk etterretning stod bak sprenging av polsk jernbane i november i 2025. Ruta som blei angripe blir brukt til å frakte militært utstyr og anna hjelp til Ukraina.

ANDØYA: Bildet viser Forsvarets forkskningsinstiutt (FFI) sitt utstyr som blei testa ved Andøya flystasjon i 2024. Det var dei svarte kablane på bildet som blei kutta.

E-sjefen: – Vil redusere støtte

Lars Lervik er sjef for Etterretningstenesta. Han seier Russland driv med hybride angrep for å skape utryggleik.

– Russlands brutale krig i Ukraina viser ingen teikn til å avta, og målet til Russland er full politisk kontroll over Ukraina. Støtte frå Vesten er heilt avgjerande for Ukraina. Russland ønsker å redusere støtta frå Vesten og skape uvisse blant Europas innbyggarar. Det gjer dei gjennom påverknad og ulike former for sabotasje. Europeisk forsvarsindustri er eit mål for russisk sabotasje, skriv han i eit e-post-svar til Forsvarets forum. 

Lervik seier vidare i svaret at Russland vegrar seg for å gå til militær krig mot Nato-land.

– Kreml ser på konflikten med Vesten som varig, men Russland vil framleis unngå å hamne i ein militær konflikt med Nato. I dag ser vi ingen teikn til at Russland førebur eit konvensjonelt åtak mot eit Nato-land, skriv Lervik. 

SKREMME: Lars Lervik er sjef for Etterretningstenesta og seier Russland ønsker å skremme Noreg frå å blant anna støtte Ukraina. Bildet er frå då generalløytnant tok over som sjef for Etterretningstenesta tidlegare i år.

Har kartlagt Noreg

Forskar Eggen seier at russiske myndigheiter har som strategi å forandre tankane våre. Og ønsker at vi skal frykte Russland. 

– Dei er òg utruleg opptekne av psykologisk påverknad av motstandarar. Dei brukar kjempemykje tid og krefter på det. Dei har folk som jobbar med dette kontinuerleg, seier seniorforskaren.

Ho viser til at Russland har etterretnings- og spionasjeorganisasjonar som FSB, GRU og SVR. Eggen seier Russland har kartlagt Noreg over mange år.

– Vi er på ingen måte skåna mot både hybride angrep og informasjonsinnhenting. Vi veit at Russland har kartlagt Noreg i ganske stort omfang. Dei har gjort førebuingar, om det skulle eskalere, seier Eggen.

FFI kom i sommar med ein rapport der dei har analysert korleis Russland har kartlagt Noreg og prøvar å påverke norske val. Eggen seier å påverke norske val også er ein del av den russiske hybride operasjonar, med mål om å stoppe norsk støtte til Ukraina. 

Dødelege konsekvensar

Ved Risevatnet i Bremanger tok det fire timar før nokon oppdaga at slusene stod opne. Dammen er vassforsyning til eit anlegg som produserer lakseyngel til oppdrettsnæringa. Slusene blei stengde igjen, verken folk, fisk eller utstyr kom til skade.

Samtidig la hackargruppa ut mange skrytande postar og videoar på Telegram og Twitter/X. Forsvarets forum har sett ein video lagt ut av gruppa, som viser hackinga i detalj.

HACKA: PST seier det var russiske hackarar som tok over kontrollen over slusene ved demninga i Risevatnet i Svelgen i Bremanger kommune 07.04.2025

Andre angrep har ført til dødsfall. To arbeidarar ved eit tsjekkisk våpenlager mista livet under eit bombeangrep. Våpena og ammunisjonen skulle til Ukraina. Tsjekkiske myndigheiter konkluderte i 2024 med at den russiske militære utanlandsetterretninga GRU stod bak angrepet.

Powered by Labrador CMS