Nyheter
Så viktig er israelsk teknologi for norske våpen
Fleire av Noregs viktigaste våpen har delsystem eller delar frå israelske selskap, bekreftar Forsvarsmateriell (FMA).
– Den gjengse oppfatninga om innovasjonen i Tel Aviv, er at den i aller største grad er på høgde med Silicon Valley.
Det seier toppdiplomat Kåre Aas, som var ambassadør for Noreg i Israel frå 2020 til 2023.
Han seier han prøvde utan hell å få fortgang i eit direkte forsvarssamarbeid med Israel, men at det viste seg politisk vanskeleg.
Det skjedde ikkje då, og har ikkje skjedd sidan. Men i fjor signerte regjeringa ein avtale om kjøp av britiske fregattar med delsystem frå israelske Elbit Systems.
Ikkje berre det - minst åtte viktige våpensystem i Forsvaret inneheld israelske delsystem eller komponentar.
Det viser er ei oversikt som Forsvarets forum har sett saman, og Forsvarsmateriell (FMA) har bekrefta.
– No er eg ingen forsvarsekspert, og i alle fall ikkje materiellekspert, seier Aas, som i dag er PR-rådgivar for Kruse Larsen.
Kruse Larsen har våpenselskapa Kongsberg og Nammo på kundelista. Aas seier han ikkje har jobba med desse.
– Men eg skjønar jo det at Israel har veldig, veldig mykje å tilby som kan vere av nytte for styrkinga av Noregs forsvarsevne.
Dei nye kampflya
Noreg har 52 av F-35 kampfly, som har hovudbase på Ørland flystasjon.
Pilotane som flyg dei har på seg ein hjelm med eit digitalt visir, også kalla eit Helmet Mounted Display System (HMDS).
Dette er laga av RCEVS, eit samarbeid mellom amerikanske Rockwell Collins og israelske Elbit Systems.
– Diverre er det nokre som trur at F-35 berre er eit amerikanskprodusert fly, seier senior forsvarsanalytikar i Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi), Per Erik Solli.
– Men det som er heilt normalt no, er at store militære system som fly og marineskip har masse underleverandørar frå mange forskjellige land.
Talet er gjerne tosifra og inneber ofte israelske selskap, ifølge Solli.
Storbestilling av stormpanservogner
I sitt nye forslag til langtidsplan for Forsvaret vil regjeringa satse på stormpanservogner, til ein samla verdi av nesten 20 milliardar kroner.
Det dreier seg om omtrent 80 nye CV9035, omtrent 24 med 120mm bombekastar, og ombygging av omtrent 32 eksisterande vogner til støttevogner.
Alle CV90-modellar som Noreg har, har brannsløkkingsanlegg levert av amerikanske Emerson, som i 2015 kjøpte opp den israelske leverandøren Spectronix.
Dette er den opphavlege leverandøren av sløkkingsanlegga, og produksjonen skjer også i Israel.
Dette har ikkje påverka regjeringa si vilje til å kjøpe dei, seier forsvarsminister Tore O. Sandvik til Forsvarets forum.
– Erfaringa frå Ukraina er at dei set veldig pris på denne typen kamp- og støttevogner, held han fram.
– Vi gjer dette for å avskrekke. For å vise Russland at vi er i stand til å forsvare oss, og at dei ikkje bør prøve seg.
Meir fullstendige svar frå både Sandvik og FMA finst lenger ned i denne saka.
På lista finst også desse systema:
K9 VIDAR: Brannvernsystemet har israelske komponentar frå Beth-El Zikhron Yaaqov Industries.
Foto: Krister Sørbø, Forsvarets forum
LEOPARD 2: Leopard-stridsvognene inneheld sjølvforsvarssystemet EuroTrophy, som er basert på eit israelsk design av selskapet Rafael. KNDS produserer dei i ein tilpassa versjon i Tyskland for den europeiske marknaden.
Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
DINGO 2: Eit pansra hjulgåande køyretøy som Noreg opprinneleg hurtigkjøpte til bruk i Afghanistan.
Foto: Ole-Sverre Haugli, Forsvaret
Ventilasjonssystemet, som skal verne mot kjemiske-, biologiske-, radioaktive- og kjernevåpen, er laga av Beth-El Industries, som har israelsk opphav.
WISENT 2: Ingeniør- og bergingspanservogner. Delar av vernet for besetninga er laga av AMEFO, eit fransk dotterselskap av israelske Plasan.
Foto: Frederik Ringnes, Forsvaret
FREGATTANE: Type 26, som Noreg kjøper frå Storbritannia, inneheld delsystem frå israelske Elbit Systems.
Foto: Royal Navy
Ein kan ikkje berre kvitte seg med delane det gjeld, meiner Nupi-forskar Solli.
– Det er ikkje berre å ta det ut som ein legobrikke frå eit marineskip eller eit fly, og så erstatte det med noko anna, seier han.
– Når eit fly eller skip er sertifisert, er det sertifisert for dei systema det har om bord, som er testa og validerte.
Forsvarsministeren: Ingen norsk boikott
Noreg har ikkje noko generelt boikott av israelsk utstyr, seier forsvarsminister Sandvik.
– Vi sel ikkje våpen til Israel, og vi kjøper ikkje stand-alone israelske våpensystem, seier forsvarsminister Tore O. Sandvik.
– Men for oss er det heilt uaktuelt å gå ein åleinegang der Noreg skal ha forsvarsmateriell som er skreddarsydd på den måten. Det vil gjere det heilt umogleg å bygge opp Forsvaret, og det vil også gjere det veldig vanskeleg å vere integrerte i Nato.
FMA skriv til Forsvarets forum at dei berre har eitt direkte samarbeid med israelsk forsvarsindustri, som er med det amerikanske dotterselskapet til Elbit.
– Vi vil også gjerne kjøpe meir materiell saman med andre land, slik at vi er med på å sikre større standardisering mellom allierte, seier talspersonen.
– Dette betyr likevel at vi då også vil få med komponentar og delsystem frå samarbeidspartnarane til dei vi kjøper ifrå. I nokre tilfelle vil dette inkludere israelsk forsvarsindustri.
Dei gir Tyskland som eksempel på ein slik samarbeidspartnar.
«Taparar» utan israelsk innovasjon
Diplomat Aas seier han blei overraska over stoda mellom Noreg og Israel då han blei ambassadør til landet i 2020.
Vi var eitt av få europeiske land som ikkje hadde noko forsvarssamarbeid med Israel, seier han, og «nesten ikkje politiske kontaktar».
– Andre europeiske land såg det potensialet og moglegheitene som Israel representerte, seier han.
– Kvifor skilde vi oss ut så veldig der?
– Noreg var i ein veldig spesiell situasjon. Den hadde å gjere med heile spørsmålet om Palestina, overgrepa på Vestbreidda, ulovlege busetnader og den type ting.
– Noreg er oppteke av å bidra til ei politisk løysing på konflikten, med ein palestinsk stat som lever i fred og harmoni med Israel. Det har i mange år vore hovudoppgåva.
Ved å unngå eit direkte forsvarssamarbeid med Israel går Noreg glipp av noko, meiner Aas. Han viser til at svenskane og danskane har valt annleis.
– Eg meiner at i den tryggingspolitiske situasjonen vi lever i, og dei utfordringane vi i Noreg og det internasjonale samfunnet har i Europa, at det er heilt påkravd at ein har det beste militære utstyret, seier han.
Dette er avhengig av kva politikarane ønsker, seier Aas, men tilfører:
– At vi er taparane i forhold til at vi ikkje har noko med israelsk smartness å gjere på forsvarssida, det er heilt klart. Det er eg heilt overtydd om.