Soldaten «Trond» har i løpet av perioden han har vore i Bagdad, skrive ned notat, teke lydopptak og filma nokre av hendingane rundt seg.
Desse har han vist til Forsvarets forum i ettertid. Vi kjenner til identiteten hans, og har møtt han etter at han reiste heim til Noreg. Av omsyn til anonymitet publiserer vi ikkje lydfilene med stemma hans.
Saka, som er skriven i notid, tek deg gjennom hendingane slik han har skildra dei.
Det har gått 19 dagar med konsekvente angrep frå Iran.
Annonse
Ein norsk soldat, som vi kallar for «Trond», tek opp mobilen sin og spelar inn eit lydopptak.
– Eg er sliten. Eg er lei. Vi må reflektere litt over kva for ein krig dette er, og kven vi krigar for, seier han.
Soldaten var i Irak då krigen starta. Soldaten har bede om å vere anonym av omsyn til tryggleiken kring Forsvaret sine operasjonar i Midtausten.
I to og ei halv veke dokumenterte han hendingane rundt seg gjennom lydklipp og notatar, lenge utan å vite sikkert når han skulle heim.
– Eg delar erfaringar eg meiner er viktig kjem fram slik at historia blir sett frå dei som har handa i driten, og ikkje berre er skriven i etterpåklokskap, fortel han til Forsvarets Forum.
ANONYM: Soldaten «Trond» har bede om å vere anonym på grunn av stillinga si i Forsvaret. Forsvarets forum kjenner til identiteten hans.Foto: Krister Sørbø, Forsvarets forum
Alt norsk personell er trekt ut av Irak, har Forsvarsdepartementet bekrefta. Nato seier til Reuters og AFP at heile Irak-oppdraget er «trygt» flytta til Europa.
Dette betyr at vi, med løyve frå Forsvaret, kan dele historia som «Trond» har teke opp og filma.
Vi startar med det første lydklippet han tok opp, og seinare har delt med oss.
11. mars
Krigen har gått føre seg i tolv dagar.
«Trond» held til på ein base for Nato-styrkar, på ei gradert adresse i Bagdad.
– Det har vore mange døgn med lite søvn og mykje stress, fortel «Trond».
– Missil og dronar og skot er rundt oss, og i alle fall over oss der eg er no.
IRAKISK FORSVAR: Eit irakisk humvee-køyretøy, parkert for å beskytte den grøne sona i Bagdad. Her inne held mange diplomatar til, også amerikanske.Foto: Hadi Mizban, AP, NB
Også denne natta blei dei bedne om å søke dekning, av ei amerikansk stemme på høgtalaranlegget.
– Eg skal vere ærleg. Eg kjenner på redsel her ute, men eg har lært at mot ikkje handlar om å vere fryktlaus, men å gjere jobben sjølv om hjartet slår litt fortare, seier han.
– No når vi står i ein situasjon der døden ikkje er eit fjernt omgrep men ein reell moglegheit, så forstår du kor verdifullt livet er. Både ditt eige og andre sitt.
Han har vore mykje åleine sidan krigen starta. Det er viktig at dei ikkje samlar seg for mange om gongen fordi det er ein tryggingsrisiko.
PÅ BASE: Soldatane på oppdraget i Irak har teke fleire bilete framfor sandsekkane ved tilfluktsrommet. Vi har skjerma identitetane deira.Foto: Privat
Om få augneblikk skal nokre av dei militærtilsette likevel prøve å samlast rundt eit måltid.
– Når ting har vore verkeleg krevjande, med mykje stress og der eg søv med eitt auge ope fordi eg høyrer lydar eg vanlegvis ikkje høyrer, eller eg trur eg høyrer lydar, eller eg er litt skrudd på sjølv om eg eigentleg prøvar å slappe av, hender det at eg ber ei stille bøn, fortel soldaten.
– Det gir meg fokus og styrke til å gjere jobben min. Litt som ein kristen versjon av mindfulness og meditasjon, vi eg seie.
Mot slutten av opptaket trekker han pusten djupt, bles opp kinna og slepp den att.
– Det var det eg hadde, per no. Eg saknar Noreg. Eg gjer det.
13. mars
Det andre lydopptaket er berre berre 25 sekund langt.
Vi høyrer ein flyalarm, følgd av ei stemme som seier «incoming, incoming, incoming».
– Åh, fuck. Fuck, fuck, fuck, fuck, fuck. Everyone get out, seier «Trond» til nokon i bakgrunnen. Opptaket stoppar.
Kort tid seinare tek han opp ein video, filma i rommet han held til på.
– To vekkingar denne dagen her. Eller, den er ikkje ferdig. Klokka er berre halv tre, seier han til kamera, medan han tek av ein skotsikker vest med norsk flagg på brystkassa.
EIN PUST I BAKKEN: «Trond» til høgre, saman med ein kollega. Nordmannen seier biletet blei teke etter at ein drone blei skote ned i nærleiken, denne gongen 300 meter unna.Foto: Privat
– Det varte ikkje så lenge denne gongen, så då kunne folk legge seg igjen.
Når beskjeden kjem skal alle som er på basen «ta det dei har og springe», fortel han.
Det han hadde i nærleiken var sivile klede - ei blå dongeribukse og ei svart allvêrsjakke. På hofta er ei hylse med pistol i.
Det kjem ei ny annonsering i bakgrunnen. «Trond» stoppar opp medan den varar. Inga ny evakuering.
– Ein blir gal i hovudet av dette, sukkar han, og snur kameraet til senga i hjørnet.
– Så blir det å legge seg igjen. Det tek aldri slutt, dette. God natt. Stay strong.
16. mars
Det har vore ei lang helg, seier «Trond» inn i mobilen påfølgande måndag. Alarmane har gått både natt og dag.
Laurdag ettermiddag blei den amerikanske ambassaden i Bagdad treft av eit angrep, men ingen blei skadde.
Sist natt skjedde det noko han seint kjem til å gløyme.
SKADAR: Angrepa har ført til skadar fleire stadar i Bagdad. Her er den irakiske regjeringa på besøk til eitt totaløydelagt bygg.Foto: Det irakiske statsministerkontoret
Han blei vekt av ein ny «incoming», og skulle i tilfluktsrommet. På veg ut av bygget såg han eit missil bli skote ned av amerikansk luftvern.
Eksplosjonen var «som ein actionfilm», 150 til 200 meter unna, fortel «Trond».
– Det var veldig surrealistisk, veldig tett på. Eg kjente det fysisk, seier han.
– Eg fortsette inn i bunkeren og fekk opptelling på alle. Det gjekk bra denne gongen også. Så kan ein undre seg kor mange gongar det skal gå bra før det ikkje går så bra.
På ein annan base, i nordlege Erbil, gjekk det gale. Seks soldatar blei skadde, og ein blei drepen. Den siste var ein franskmann.
ERBIL: Ein franskmann er død etter angrep mot Erbil. Biletet er frå ein eksplosjon på flyplassen 11. mars.Foto: Leo Correa, AP, NTB
– Vi rakk å ha ei lita minnestund for han. Det vitnar om eit alvor. Krig er ingen leik, seier «Trond».
– Evna til individa her er stor, og vi er ved godt mot. Men ein kjenner at det tek på, mildt sagt.
17. mars
Klokka 2.24 filmar han ein mørk video inne på basen.
«Trond» fortel at dei blei vekte og måtte i tilfluktsrommet i to timar.
Dei har fått opplysingar om at det gjeldt eit ballistisk missil og iranske Shahed-dronar.
DRONAR: Denne videoen er filma inne på basen under eitt av angrepa. Video: Privat
– Veldig attkjenneleg, den lyden, seier han.
– Er det rart at ukrainarar får PTSD av dronelyd, eller?
19. mars
Sjukaste forbanna uttrekkinga!!!!
Dette skreiv Trond på mobilen klokka 12.54, torsdag ettermiddag.
Vi blei angripne av dronar og alt blei avblåst tre gongar på grunn av trussel.
Det blei skote ned ei drone framfor flyet då vi borda. Men vi kom oss av garde.
Nedskytinga skjedde 200 meter unna flyet, har «Trond» fått høyre.
FORLÉT LANDET: Her er Nato-styrkane på veg ut av Irak.Foto: Privat
Når dei er komne til ein trygg plass, som er ein hemmeleg stad i Europa, tek «Trond» opp eit siste taleopptak. Det er nesten fem minutt langt.
– Eg har nettopp sove fire timar midt på dagen, fordi eg er heilt utkøyrd og utbrent og alt, fortset han.
– Vi driv og snakkar litt om det no, som ein liten debrief. Det var ekstremt, ekstremt krevjande.
Nokre styrkar har allereie letta med eit dansk Hercules-fly. Sjølv må han vente litt til.
– Vi blir flydd heim i morgon, kanskje, med ein norsk Hercules, seier han.
HERCULES: Det var eit norsk Hercules-fly som frakta soldatane frå den europeiske basen, fortel soldaten.Foto: Ole-Sverre Haugli, Forsvaret
Dei har allereie møtt det norske personellet på flyplassen, som spurte om dei hadde det bra, fortel «Trond».
– Det var eit lite frysningar-på-armen-augneblikk får oss alle der, faktisk. Det har blitt nokre tårer også kan eg seie, fortel han.
– Men no går det bra. Vi skal snart heim. Vi er veldig glade.
Tre soldatar til saman
Noreg har til saman bidrege med tre soldatar til Nato Mission Iraq (NMI).
Desse er ikkje involverte i irakiske militæroperasjonar, men har ei rådgivar- og mentorrolle for irakiske styrkar og styresmakter, seier Forsvaret.
Forsvaret har også hatt 60 soldatar i Irak og Jordan i samband med den USA-leidde militæroperasjonen mot IS. Desse blei henta ut ei dryg veke før krigen starta.
FØREBUINGAR: «Trond» brenn noko av utstyret sitt i påvente av at dei må forlate basen. Video: Privat
Det er etter den dramatiske uttrekkinga, i det siste lange taleopptaket, at «Trond» fortel at han er lei.
Han seier det norske militæret «må reflektere litt over» kven det «krigar for».
– Det blir jævlig viktig å skrive ein ordentleg «lessons learned»-rapport etter dette om kva det betyr å sende norsk personell i strid, seier han alvorleg, før han rundar av.
– Ok. Vi snakkast.
Tips oss!
Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane.