Nyheter

– Vi kan ikkje tillate oss lange prosessar

Det finst framleis folk som dagdrøymer om at den gamle verda skal kome tilbake, meiner Høgres nye leiar. Ho vil skjerpe planane for den verda vi er i.

MEINER DET HASTAR: Fleire forsvarsinnkjøp står framleis på startblokka etter fleire år, seier Ine Eriksen Søreide, som ber om fortgang.
Publisert

STORTINGET (Forsvarets forum): – Min generasjon vaks opp og blei politisk aktive i ei tid der alle piler peika i rett retning. No gjer mange av dei negative geopolitiske utviklingstrekka eit ganske kraftig comeback.

Forsvarets forum møter Høgre sin nye partileiar på eit storting midt i seinsommar-ansiktsløftet.

Det er papp-plater på golvet, ei trillebår i gangen, og generelt lite folk å sjå.

Men Ine Eriksen Søreide er godt i gang. I sin første tale som leiar under landsmøtet i vår, oppfordra ho partifellane til å «forhalde seg til verda slik den er, ikkje slik vi skulle ønske den var».

NATO-FORKJEMPAR: Ein må halde fram med samarbeidet med alle land i Nato sjølv om ein er politisk ueinige, seier Eriksen Søreide.

– Eg trur at nokon har tenkt at dette berre er ein fartsdump i historia, men realiteten er at dette representerer ei ny retning.

Dette må politikarane erkjenne, meiner ho. Forsvaret også.

Meiner innkjøpa går for treigt

Tidlegare i sommar vedtok Stortinget einstemmig å auke utgiftsramma for Forsvaret sin langtidsplan til 121,15 milliardar kroner innan 2036.

Høgre ber om at regjeringa får fortgang i det som er vedteke.

– Det held ikkje å berre vere einige om rammene. Det må gjennomførast også, og det er regjeringa sitt ansvar, seier Eriksen Søreide.

OPPDATERT: Tidlegare i år blei langtidsplanen for Forsvaret oppdatert, blant anna ved å auke kostnadsramma. Her frå pressekonferansen om endringane.

Særleg oppbygginga av Noregs forsvarsindustri og sikring av nok straum til den produksjonskapasiteten som trengst, meiner partileiaren hastar.

– Vi vedtok i 2024 at vi skulle ha eitt ytterlegare langtrekkande luftvernbatteri. Den prosessen er framleis ikkje ordentleg i gang, seier Eriksen Søreide.

Ho viser til at Stortinget måtte innføre nye vedtak for å få fortgang på dette, og at investeringa i 28 standardiserte fartøy også framleis er på startblokka.

– Vi kan ikkje tillate oss veldig lange prosessar. Det har vi ikkje tid til, og det har ikkje andre land tid til, heller.

LUFTVERN: Høgre vil ha fortgang i leveransen av NASAMS frå Kongsberg Defence & Aerospace til det norske forsvaret.

Eit anna eksempel er dronar, legg ho til.

– Det er ei utvikling som verkeleg har skote fart, og der Noreg heng litt etter. Det har Høgre etterlyst i lang tid, seier ho.

Mindre spesialløysingar, meir trening

Samtidig som at forsvarsløftet får ein større pott, har Forsvaret sine driftsinntekter blitt stramma inn to år på rad.

Dette er ikkje berekraftig, meiner Eriksen Søreide.

– Det er heilt feil signal å sende. Aktiviteten må auke i Forsvaret, ikkje takast ned, seier ho.

– Det at øvings- og treningsaktiviteten i for eksempel Hæren gjekk ned i 2025, meiner vi var heilt uakseptabelt. Derfor la vi inn meir pengar til det i våre alternative budsjett.

MEIR ØVING: Høgre har lagt inn meir pengar til øving i Forsvaret i sitt alternative budsjett.

– Kva tenker du at ein kan prioritere ned på dette tidspunktet?

– Realiteten er at vi må basere oss på mykje meir standardisering, mykje meir hyllevare, i den grad ein kan seie hyllevarer finst når det gjeld militært materiell, fortel ho.

Høgre vil altså ikkje bruke ekstra tid og pengar på å spesialtilpasse utstyret til norske forhold, seier Eriksen Søreide.

STANDARDISERING: Sjøforsvaret skal ha 28 nye standardiserte skip, som blant anna skal erstatte Skjold-klassen.

– Det handlar om tid, og det handlar om kostnad, fortset ho.

– Dersom vi skal binde opp store kostnader i ting som tek frykteleg lang tid å skaffe, vil vi truleg hamne i ein situasjon der vi ikkje får det utstyret vi treng til den tida det er nødvendig.

– Ting tek tid i Forsvaret

Dei neste åra skal Forsvaret forvalte ein stor del av samfunnet sine ressursar, har politikarane bestemt.

Tips oss!

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane

Eriksen Søreide er oppteken av at dette blir gjort på ein «fornuftig og smart» måte.

– Det er heilt openbert at vi ikkje kjem til å ha råd til absolutt alt. Det betyr at nokre andre politikkområde får mindre, får mindre vekst eller får kutt. Det må ein vere ærleg om, seier ho.

VIL BEVARE TILLITEN: Ein må vere ærleg om kva det kostar for at folk skal fortsette å støtte forsvarsløftet, meiner Eriksen Søreide.

– Det handlar om å bevare ei folkeleg oppslutning for at Forsvaret skal ta mesteparten av det økonomiske handlingsrommet i åra framover.

Eriksen Søreide, som sjølv var forsvarsminister frå 2013 til 2017, ser heller ikkje bort ifrå at Høgre vil støtte ein ytterlegare auke i pengebruken på forsvar.

– Med det vi veit no om fullskalakrig i Europa, burde både Noreg og andre land lagt til rette for ei endå raskare oppbygging, seier ho.

– Men ting tek jo tid i Forsvaret.



Powered by Labrador CMS