YRKESSKADE-ERSTATNING
Ny lov: – No blir Forsvaret ein tryggare arbeidsplass
Dei nye reglane beskyttar om du blir skadd under trening eller øving. Historisk betring for tilsette i Forsvaret, seier tillitsvalde.
Fredag blei alle partia på Stortinget einige: Frå første januar 2027 kjem det ei ny lov:
– Tilsette i Forsvaret har større risiko enn andre for å bli skadd på jobb. No vil dei som tek den ekstraordinære risikoen vere dekka når det kjem til yrkesskade, seier Ståle Reiten, major og leiar av Norsk Offisers- og spesialistforbund (NOF).
– Slutt på gråsoner
Grete Thorsby er oberstløytnant og forhandlingsleiar i Befalets Fellesorganisasjon (BFO):
– Den nye lova sikrar at tilsette i Forsvaret ikkje står åleine viss ulykka skjer. No vil alle i Forsvaret få den nødvendige tryggleiken når det kjem til yrkesskade, seier ho og legg til:
– Det har vore gråsoner for når du er dekka. No står det svart på kvitt og er veldig tydeleg når det kjem til skader på jobb, seier Thorsby. Både BFO og NOF har jobba over fleire år for at tilsette i Forsvaret skal få erstatning om dei blir skadd under pålagd øving og trening.
Slutt på rettssaker om yrkesskade
Forsvarets forum har skrive fleire saker om militært tilsette som har blitt skadde på jobb. Blant andre grenader Eirik Lundby. I starten av juni tapte han mot staten i lagmannsretten. Han vurderer no om han skal anke til Høgsterett.
Slike saker blir det slutt på, seier Reiten i NOF:
– Dette er kanskje den viktigaste endringa som har skjedd med tanke på yrkesskade dei siste 30 åra, seier majoren som har bakgrunn både frå Luftforsvaret og Hæren.
Fleirtal for spesialreglar for Forsvaret
Forslaget som blei einstemmig vedteke på fredag gjeld alle tilsette i det norske arbeidslivet. Dette er ei forandring i Folketrygdlova og lovforslaget kom frå Sosialistisk Venstreparti (SV).
SV har også saman med Høgre og Frp komme med eit forslag om at tilsette i Forsvaret skal ha eit særleg vern om dei blir skadde under jobb eller øving:
– Dette vedtaket er viktig. No blir tilsette i Forsvaret like godt tekne vare på som i Politiet, seier Thorsby i BFO.
Forslaget om å forandre Forsvarslova fekk så vidt fleirtal. Det blei sikra av SV, Høgre, Venstre, KrF og Frp. Dei andre partia og regjeringa meiner at tilsette i Forsvaret skal vere godt nok dekka av den nye Folketrygdlova.
Snur bevisbyrda
Fram til no har reglane om du blir skadd under øving eller trening vore slik: Du må regne med å bli skadd på jobb i Forsvaret. Du må samtidig bevise at det har vore noko heilt spesielt og unikt med skaden din:
– No blir reglane slik at skaden treng ikkje vere å uventa eller ekstraordinær for å vere dekka, seier Reiten i NOF.
Har dempa øving og trening
Leiaren av NOF seier at forbundet hatt ei sak der eit medlem blei skadd under trening på nærkamp. Han seier vidare at ein konsekvens av den gamle lova var dårlegare og mindre realistisk trening:
– Slik reglane har vore har det ført til at Forsvaret har måtte innføre restriksjonar på korleis ein kunne øve, seier Reiten som ventar at det blir meir realistisk øving i Forsvaret når den nye lova kjem.
LES OGSÅ