Vann designkampen om dei nye standardiserte fartøya
Forsvarsmateriell (FMA) har bestemt seg for kven som skal designe og utvikle konseptet til dei nye fartøya i Forsvaret. Vinnaren er konsortiet Salt & KDA.
ARBEIDET BYRJAR: Samanslutninga Salt & KDA har delt dette eksempelbiletet for dei nye fartøya. Det er ikkje designet som har vunne konkurransen, men selskapa som står bak det - difor kan resultatet bli annleis.Illustrasjon: Salt & KDA
Det blir Salt Ship Design AS og Kongsberg Defence and Aerospace AS (KDA) som saman skal lage design og konsept til den nye standardiserte fartøyklassen.
Utforminga av nye standardiserte fartøy til Forsvaret er eitt av dei mest omfattande prosessane i sektoren.
Bestillinga er gjort som del av Forsvaret sin langtidsplan, og Flåteplanen som blei vedteke i 2024.
– Noreg treng eit moderne og robust sjøforsvar som kan møte eit stadig meir komplekst trusselbilete, seier statssekretær Marte Gerhardsen i FMA si pressemelding.
INVESTERING: Dei nye fartøya blir «ei investering i tryggleik og beredskap», seier statssekretær Marte Gerhardsen.Foto: Robert S. Eik, Forsvarets forum
– At vi utviklar desse fartøya i Noreg er ei investering i tryggleik og beredskap, samtidig som at vi brukar vår nasjonale industri, som er verdsleiande på dette området.
Dei ferdige fartøya skal også bli selde til allierte land, fortset Gerhardsen.
Første fartøy er planlagt levert i løpet av 2030.
– Stram tidslinje
Salt & KDA skal no lage eit fullstendig teknisk grunnlag til dei som skal bygge sjølve skipa.
Dette blir utlyst som ein eigen konkurranse, også for norsk industri, som er planlagd allereie i år.
– Tidslinja er stram, og nettopp difor er kompetansen og kapasiteten til Salt & KDA avgjerande, seier direktør i FMA, Gro Jære i pressemeldingen.
LØFTER: Dei nye fartøya skal vere enklare å vedlikehalde, billigare i drift og effektive, lovar selskapa i ei pressemelding.Illustrasjon: Salt & KDA
KDA gler seg til å komme i gang, seier leiar Eirik Lie.
Tips oss!
Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane.
– Ein standardisert flåte basert på Kongsberg og Salt si ekspertise, som støttar Forsvaret og FMA, vil gjere vedlikehald enklare, redusere kostnader og sikre effektivitet i marinen sine operasjonar, seier han i ei pressemelding frå selskapa.
Denne månaden vann Salt & KDA også ei anna kontrakt saman med kanadiske Adaptive Maritime Solutions Inc.
Denne er for å designe dei nye fartøya til den kanadiske kystvakta.