Nyheter

Institutt: Land kjøper kinesisk for å bli mindre avhengige av USA

Fleire hamnar no i «skvis» mellom stormaktene, seier ein norsk økonom. Han trur at nokre, under press, vil kome til å velje Kina.

I ENDRING: Mønstera i eksport av materiell frå USA og Kina har endra seg dei siste fem åra. Nokre land har kjøpt kinesiske våpen for å omgå den amerikanske marknaden.
Publisert

I 2025 registrerte Kina det største årlege handelsoverskotet som eit land har hatt nokosinne, trass i ein aktiv handelskrig med sin aller største kunde.

Men det at USA også gjekk til handelskrig med dei aller fleste, førte til at mange handla meir kinesisk enn før, viser den amerikanske avisa The New York Times.

Skiftet bort frå amerikanske leverandørar ser ein også på forsvarsmateriell, viser tal frå International Institute for Strategic Studies (IISS).

Det har hatt gevinst for Kina. Kor stor er det enno for tidleg å slå fast.

– Kinesisk forsvarseksport har eksepsjonelt lite openheit. Det finst utan tvil ei mengd avtalar som vi berre ikkje kjenner til enno, seier materiellekspert Tom Waldwyn ved instituttet.

Kinesiske helikopter, filma på det som skal vere eit amfibiekrigsskip på ei militærøving søraust for Taiwan. Skjermdumpen er frå ein video sendt ut av det kinesiske militæret.

– Ofte finn vi ut om dei berre når utstyret blir oppdaga i landet (som har kjøpt det, red. anm.).

Spolar ein litt lengre tilbake i tid, blir biletet tydelegare.

Vi har teke føre oss tre år med internasjonal våpenhandel for å vise endringane IISS har kartlagt så langt.

2020

USA

Vi er i starten av pandemien, og før den russiske fullskalainvasjonen av Ukraina. Denne hausten vinn Joe Biden presidentvalet mot Donald Trump, som har sete fire år i sjefsstolen.

Dei største inntektene til amerikanske produsentar dette året kjem frå Taiwan, på 80 milliardar kroner, og Polen, på 46 milliardar kroner.

Dei kjøper høvesvis jagarfly og kampfly, av typane F-16 og F-35.

– Dei siste åra har USA stått for meir enn 40 prosent av den globale forsvarsmarknaden av internasjonal våpeneksport, seier professor Håkon Lunde Saxi ved Stabsskolen på Forsvarets høgskole.

– Ein får sjå om dette vedvarar, no som europearane byrjar å få sterke motførestillingar mot å vere så avhengige av USA.

Det karta IKKJE viser

Nokre sal av forsvarsmateriell dukkar ikkje opp i desse oversiktene.

IISS seier sjølve at dei utelukkar dei minste dronane, småvåpen (som maskingevær) og mykje ammunisjon.

Mange av kjøpa er også vanskelege å spore.

– Dei aller fleste etterretningstenester på vestleg side meiner at det har vore ganske vesentlege overføringar [av materiell] frå Kina til Russland, seier Øystein Tunsjø ved Institutt for forsvarsstudium.

Dette, seier han, gjeld alt frå teknologi til reservedelar og våpensystem.

– Ei drone, for eksempel, kan seljast sivilt til Kasakhstan, og så går den frå Kasakhstan til Russland og blir brukt på slagmarka i Ukraina.

– Kina har truleg selt ganske mykje til Russland gjennom tredjeland.

Denne gråsonen mellom militære og sivile kjøp er også problematisk, ifølge Arne Melchior ved Nupi.

– I gamle dagar, så var det meir tydeleg kva som var militært og ikkje, seier han.

– I dag har du ei flytande grense med teknologi som blir brukt både sivilt og militært.

To av USA sine kundar, Thailand og Pakistan, bestiller også materiell frå Kina i 2020.

– Dei asiatiske landa er i ein skvis fordi dei er avhengige av både USA og Kina, seier økonom Arne Melchior ved NUPI, som har forska på internasjonal handel og regional utvikling i Asia.

– Dersom dei må velje, så er det godt mogleg at ein del av dei vel Kina.

Kina

Koronapandemien fører til den første nedgangen i økonomisk vekst for Kina sidan 1976. Tech-selskapa har det også vanskeleg, fordi fleire land har valt å boikotte kinesiske merke av tryggingsomsyn, melder tankesmia Council on Foreign Relations (CfR).

Dette året fokuserer dei kinesiske våpenselskapa på kontraktar med asiatiske og afrikanske land.

Vi har prisen på berre to kjøp, begge gjort av Thailand. Den samanlagde prisen var på 670 millionar kroner. Dette utgjorde om lag 13 stridsvogner, av modellane V-16 og VT-4, også kjend som MBT-3000. 

Den fjerde største kunden, Benin, kjøper berre av Kina dette året. Men dei skal også kjøpe av USA i åra som kjem.

Sala bør tolkast i samanheng med at Kina vil etablere seg på våpeneksportmarknaden, seier Øystein Tunsjø, som er professor på Institutt for forsvarsstudium.

Han forskar særleg på relasjonen mellom USA og Kina, og tryggingspolitikken i Aust-Asia.

– Dersom du ser på USA og Russland, eksporterer nok dei fleire våpen basert på om dei skal støtte ein av partane i ei konflikt, seier Tunsjø.

– Kina har nok ikkje hatt den same ambisjonen om å ha ein posisjon eller ei rolle i den konflikten, men heller å selje til dei ein kan selje til.

2023

USA

Det nærmar seg eitt år med fullskala krig i Ukraina, og pandemien er historie. Joe Biden er halvvegs i sin presidentskap, og til hausten får han endå ei enorm utfordring i utanrikspolitikken.

7. oktober går terrorgruppa Hamas til angrep på Israel. Israel slår hardt tilbake militært, og ein fleirårig krig på Gazastripa er i gang.

Våpenleveransar frå USA til Israel er ikkje registrerte på kartet i denne perioden, sjølv om dei har funne stad. Det er fordi kontraktane blei signerte før 2023. 

Dei største kontraktane som blir signerte er med Canada, som kjøper for til saman 210 milliardar kroner.

På kvitteringa står det F-35 kampfly, P-8A Poseidon overvakingsfly, og MQ-9B Sky Guardian overvakingsdronar.

Nest størst er Polen, som kjøper M1A1 Abrams stridsvogner, ei rekke forskjellige panservogner og luftvernsystemet Patriot PAC-3 MSE.

Eitt av kjøpa manglar prislapp, men dei utgjer minst 107 milliardar kroner.

Kina

Pandemien kastar ein lang skugge over den kinesiske økonomien. Eigendomsmarknaden er i krise, mange unge kinesarar er arbeidslause, og handelen med omverda har gått ned, skriv CfR.

Men dette har ikkje hindra Kina sine globale ambisjonar. Marknaden for forsvarsmateriell har utvida seg deretter.

Tre av materiellkjøpa i 2023 er gjorde av land i Midt-Austen (Dei sameinte arabiske emirat, Saudi-Arabia, Irak) og eitt i Europa (Serbia).

IISS skriv i sin årsrapport at Saudi-Arabia og Emirata bestemte seg for å kjøpe kinesiske dronar då USA sa nei til å selje sine.

Emirata kjøpte sin første Wing Loong-modell allereie i 2010. Dette året bestiller Emirata dei eit Sunflower 200.

Saudi-Arabia bestiller på si side Wing Loong-10B, og Irak bestiller CH-5. Begge desse er overvakingsdronar.

2025

USA

Donald Trump er tilbake i presidentjobben, og Amerika først-politikken hans tek fatt i verdsmarknaden. Først aukar han tollen mot naboane Canada og Mexico, så Kina, og nesten alle andre land i verda.

Blant dei relativt få nye forsvarskjøpa som er registrerte, er dei største kundane begge i Europa.

Tips oss!

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene

Polen bestiller pansra køyretøy (11), angrepshelikopter (96) og F-16 jagarfly (48) for til saman 140 milliardar kroner.

Tyskland bestiller 60 CH-47F Chinook transporthelikopter, for 76 milliardar kroner.

– Veksten i amerikansk forsvarseksport dei siste åra har særleg kome som eksport til Europa, seier Saxi.

Dette har med den tryggingspolitiske situasjonen å gjere, seier han, etter starten av fullskala-krigen i Ukraina.

– Den europeiske forsvarsindustrien er ikkje i stand til å levere nok utstyr, tydelegvis. Verken raskt nok eller rett type.

– USA har jo vore ein alliert. Den næraste allierte, for veldig mange land. Og ein har vore under sterkt amerikansk press om å ikkje kjøpe kinesisk.

Kina

Den militære moderniseringa fortset i Kina gjennom 2025, men framgangen blir hindra i noko grad av korrupsjonsskandalar i toppleiinga.

Tollmurane til Trump har først sterke konsekvensar for kinesisk økonomi. Kjøp av kinesiske varer i USA minka kraftig.

Som svar trappar Kina opp handelen med andre land, med stort hell. EU, omgitt av amerikanske tollmurar, handlar vanlege varer for 150 milliardar kroner meir i løpet av tredje kvartal. 

Når det gjeld forsvarskjøp, har berre eitt blitt registrert av IISS i 2025. 

Thailand signerer kontrakten for ein Yuan-ubåt, utstyrt med skipsmålsmissil og tungvektstorpedo, for nesten 4 milliardar kroner.

Denne avtalen har vore på hylla i fire år. 

Den støytte på problem då Kina ikkje klarte å skaffe tyskproduserte dieselmotorar til ubåten, og føreslo å erstatte dei med kinesiske.

Utanom denne avtalen, har IISS nokre opplysingar om kinesiske bidrag til Russland si krigføring i Ukraina. Desse blir ikkje talfesta.

– Så langt vi veit gjeld dette alt som ikkje seier pang, om du vil, seier materielleksperten Waldwyn.

– Så det blir ikkje relevant for vår metode, sjølv om det viktig for den russiske krigsmaskina.

Mindre frå USA, meir frå Kina?

Thailand, golfstatane og statar i Sahel-beltet i Afrika har alle utvida lista over våpenleverandørar for å vere mindre avhengige av amerikanarane.

Kinesarane står på den nye lista. Tyrkiske og sørkoreanske våpenleverandørar er endå meir populære.

Vi bør ikkje undervurdere dei kinesiske, meiner Tunsjø. 

– Kina sitt svar på, lat oss seie, Innovasjon Norge, meiner at Kina har teke kvantesteg på dei fleste område, seier han.

– Ein kan gå ut ifrå at Kina er ein god nummer to på det teknologiske området, og kanskje også har gått forbi USA på andre område. 

Gode eksempel der Kina er på andreplass er missilteknologi, skipsbygging, cyberkapasitet og satellittar i verdsrommet, seier Tunsjø.

Taiwan delte dette biletet av ein kinesisk Wing Loong II-drone våren 2025.

På ein delt førsteplass set han kinesisk og amerikansk KI, kvanteteknologi og bioinformatikk. 

Produksjonskapasiteten dei har er minst like viktig, legger han til.

– Når land i Europa, men også andre, ønsker å vere mindre avhengige av USAs militær, er det eit naturleg følge at dei blir meir avhengige av Kina?

– Eg håpar ikkje det. Eg meiner jo at det ville vere eit feilsteg.

Forsvarsminister Tore O. Sandvik meiner at det framleis er stor forskjell på kinesisk og amerikansk forsvarsmateriell.

– I dei siste krigane Kina kjempa, så gjekk det veldig dårleg. USA har eit veldig trent forsvar og har bevist teknologi, seier han til Forsvarets Forum.

Sandvik trur at kinesarane først og fremst vil vere leiande i sin eigen region, men legger til:

– Dei er dominerande på dronar, og dei har bygd opp kjernevåpenkapasitet, og dei rustar opp i rommet. Så det er klart det er bekymringsverdig. 

Powered by Labrador CMS