Nyheter

MDG vil ha senter mot psykologisk forsvar

MDG vil at det skal setjast av 50 millionar kroner til eit senter mot psykologisk forsvar, etter modell frå Sverige.

PÅVERKNAD: Julie Stuestøl er uroa for blant anna russiske psykologiske operasjonar mot Noreg.
Publisert

Tips oss!

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene. 

PST åtvarar i si opne trusselvurdering at russisk etterretning brukar falske nyheiter og koordinerte kampanjar med desinformasjon for å påverke folk i Noreg. Stortingspolitikar Julie Stuestøl beskriv dette som ein del av Russland si krigføring:

– Det er på tide å legge til side naiviteten og begynne å ikkje berre løfte forsvarsevna vår i form av auka forsvarsbudsjett og F-35 og stridsvogner. Har vi ikkje med befolkninga og motstandskrafta vår, så lykkast vi heller ikkje med å styrke den totale forsvarsevna i samfunnet, seier MDG-politikaren til Forsvarets forum.

Ho jobbar til vanleg i Politiet og har bakgrunn frå Direktoratet for samfunnstryggleik og beredskap.

Ser til Sverige

MDG foreslår i sitt alternative statsbudsjett å sette av 50 millionar kroner til eit senter for psykologisk forsvar. Sverige oppretta i 2022 Myndigheten för psykologiskt försvar.

Ei av dei viktigaste oppgåvene til senteret er å finne og analysere informasjonspåverknad som er laga for å true Sverige sine interesser. Stuestøl seier MDG vil ha noko liknande i Noreg.

– Det handlar om å følge med på utanlandske påverknadsoperasjonar. Og bygge kunnskap om korleis det fungerer og slår ut idet norske samfunnet. Og gje råd til privatpersonar, men òg til myndigheiter, næringsliv og sivilsamfunn om korleis vi skal vere robuste i møte med påverknadsoperasjonar, seier stortingspolitikaren.

Forskar: – Kritisk mangel

Paul Buvarp er seniorforskar ved Forsvarets forskningsinstitutt, FFI. Han og kollegaer ved FFI har granska blant anna korleis utanlandske krefter prøvar å påverke norske val via sosiale medium. 

FORSKAR: Paul Buvarp, seniorforskar ved Forsvarets forskingsinstitutt (FFI)

– Russarane har forsøkt å dreie over debattar, eller opne debattrommet for ting som kanskje ikkje hadde vore naturleg. Det har vi sett i forskinga, seier han og fortset.

– I utgangspunktet syns eg at eit slags senter for psykologisk forsvar er noko Noreg manglar og treng. Vi manglar ein funksjon i statsapparatet eller embetsverket som ser og forstår kva som skjer i informasjonsmiljøet. Og om nokon andre prøver å påverke den norske opinionen. Det er ein mangel i Noreg som er nokså kritisk, seier seniorforskaren.

Skal analysere og opplyse

MDG-politikar Stuestøl seier at ho ikkje vil at eit senter for psykologisk forsvar skal gå inn å fjerne artiklar eller postar i sosiale medium. Ho vil at senteret skal analysere, opplyse, kurse og gje informasjon til myndigheiter, journalistar og befolkninga.

– Ei innvending er at eit slik senter kan bli til at staten skal bestemme om kva vi skal meine?

– Vi har jo lover og reglar i dag som seier noko om kva som er lov og ikkje lov. Hatefulle ytringar eksempelvis er regulert i straffelova. Så dette gjer vi jo allereie. Eit slik senter handlar ikkje om å snevre inn ytringsfridommen, men å beskytte oss, seier Stuestøl.

Powered by Labrador CMS