Nyheter

Ny svensk strategi for psykologisk forsvar

Den svenske regjeringa presenterer for første gang ein strategi for å styrke landet sitt psykologiske forsvar, skriv den på sine nettsider.

LANSERER NY BEREDSKAPSPLAN: Sveriges sivilforsvarsminister presenterte innhaldet i den psykologiske beredskapsplanen.
Publisert

Tips oss!

Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane

– Vi blir stadig utfordra av statar og statsliknande aktørar som prøvar å utfordre tilliten vår til det svenske samfunnet.

Det seier Sveriges sivilforsvarsminister Carl-Oskar Bohlin, under presenteringa av ein ny svensk beredskapsplan.

– Sverige og dets folk må kunne motstå dei som utanifrå prøvar å skade Sverige og svenske interesser.

Den nye planen skal styrke svenskar sin motstandskraft mot medvitne forsøk på å påverke demokratiet og det sosiale samhaldet.

Det skriv den svenske regjeringa i ei pressemelding.

Den gjeld særleg hybride angrep med informasjonspåverknad som formål.

Sveriges fire søyler for psykologisk forsvar

Strategien fokuserer særleg på desse områda:

1. arbeid mot utilbørleg påverknad av informasjon
2. forsvarsevne
3. medieberedskap og sikring av moglegheiter for kommunikasjon med publikum
4. internasjonalt samarbeid

Dette er første gongen Sverige lanserer ei slik strategisk tilnærming, ifølge regjeringa, som viser til at tryggingssituasjonen har tilspissa seg.

Ansvaret for å møte måla i strategien blir fordelt på Psykologisk forsvarsstyresmakt, Sivilforsvarsstyresmakta, Forsvaret, og krigsplikts- og eksamensstyresmakta i Sverige.


Powered by Labrador CMS