FD i retten: – Ein etatsleiar må haldast ansvarleg
På dag to i Oslo tingrett forklarer nøkkelpersonar i Forsvarsdepartementet kvifor dei ikkje hadde tillit til den omplasserte leiaren i Forsvarsbygg.
VITNA I RETTEN: Forsvarsministeren erklærte i vinter at det ikkje var tillit til Thorbjørn Thoresen som Forsvarsbygg-leiar.Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
Tysdag er det departementsråden sin tur å forklare seg om omplasseringa av tidlegare Forsvarsbygg-sjefen.
Annonse
Han er kalla inn av begge partar i rettssaka mellom Thorbjørn Thoresen og Forsvarsdepartementet (FD), der førstnemnde krev jobben sin tilbake.
Frede Hermansen er likevel tydeleg: FD hadde rett til å fjerne han frå jobben, då det meiner han må haldast ansvarleg for det som har skjedd.
– Det vi oppfattar er medvitne brot på innkjøpsregelverket over fleire år knytt til dei største prosjekta denne verksemda har hatt ansvaret for, seier han.
DEPARTEMENTSRÅD: Her kjem Frede Hermansen fram til Oslo tingrett tidleg tysdag morgon.Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
– Det er såpass alvorlege avvik, at vi meiner at dei må ein etatsleiar haldast ansvarleg for.
Det er funne ulovlege brot på fire rammeavtalar i Forsvarsbygg sin portefølje. Det samla overforbruket er på nesten 440 millionar kroner.
To av desse er i viktige satsingsområde for langtidsplanen i Forsvaret: nye radaranlegg, og bygg og anlegg til nye ubåtar på Haakonsvern.
Seier Forsvarsbygg ikkje melde om risiko
I dei rapporteringane som FD fekk knytt til rammeavtalane var det ikkje meldt om noko risiko for at vidare bruk kunne føre til lovbrot, ifølge Hermansen.
– Det var derfor det var såpass overraskande då vi oppdaga, og fekk rapportert i desember 2025, at det var gjort fleire kjøp langt over rammeavtalane sin verdi, seier han.
RAMMAR UBÅTBASE: I 2024 markerte ein grunnsteinnedlegginga for ubåtfasilitetane på Haakonsvern, med besøk av Tysklands forsvarsminister. Thoresen står heilt til venstre i biletet, med FMA-leiar Gro Jære.Foto: Krister Sørbø, Forsvarets forum
– Vi har jobba intenst med å få oversikt, for dette er eigentleg så nære ei krise som du kjem.
Eitt av temaa som er omstridd i saka, er om Thoresen var informert i forkant av den største dokumenterte overskridinga, som gjeld ein rammeavtale med ingeniør- og konsulentformaet Multiconsult til ubåt-prosjektet.
Tips oss!
Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane.
Tysdag vitna to personar i retten som meiner det var tilfelle: avdelingsdirektøren for innkjøp i Forsvarsbygg, og den tidlegare avdelingsdirektøren for prosjekt og utvikling.
Thoresen sa i si forklaring måndag at han ikkje hugsar denne samtalen, og ville hugsa det dersom han gav grønt lys til eit lovbrot.
Forsvarsministeren vitne
Det var 20. februar i år at Thoresen blei fjerna frå stillinga si med tvang, etter at Forsvarsministeren sa det ikkje lenger var tillit til han som direktør.
Dette var etter å ha fått eit «overveldande» faktagrunnlag frå departementsråden, fortel Tore O. Sandvik sjølv når han vitne i retten.
Han seier han sette seg inn i rammeavtalesaka sjølv då han fekk spørsmål om den frå Stortinget sin kontroll- og konstitusjonskomité, tidleg i desember 2025.
MEDIA TIL STADES: Forsvarsministeren sitt vitnesbyrd fekk stor mersemd.Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
– Her kom det dokumentasjon på faktiske hendingar, at Forsvarsbygg hadde brote norsk lov, ikkje informert departementet, ikkje hadde system for å fange opp det i strukturen undervegs, fortel han.
Dette meiner også Sandvik at Thoresen som etatsleiar må ta ansvar for.
– Det er alvorleg med lovbrotet. Det er alvorleg med brotet på informasjonsplikta. Men det som kanskje er det viktigaste er: kunne ein hatt tillit til at dette var ein organisasjon som ville teke tak i slike ting framover?
Thoresen sin advokat, Marianne Klausen, utfordrar forsvarsministeren på dette dokumentgrunnlaget.
Ho seier den då-permitterte Forsvarsbygg-leiaren ikkje hadde fått vite om rammeavtalesaka eller hatt høve til å forklare seg før Sandvik sende sitt svar til Stortinget.
MISTA TILGANGAR: Thoresen seier han ikkje hadde tilgang på brukarane sine medan han var permittert, og i den tidlege fasen fekk vanskar med å innhente informasjon.Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
– Det endra ikkje faktum. Så må eg understreke at vi står i ein svært alvorleg tryggingspolitisk situasjon, der Forsvarsbygg har ei avgjerande rolle, svarar Sandvik.
– Forsvarsbygg må fungere for at vi skal kunne bygge dei bygga vi treng til vårt materiell, vårt personell, og ikkje minst halde ved like tilliten i samfunnet som heilskap.
Varslingssaka relevant likevel
Måndag blei det slått fast i retten at Thoresen først blei permittert frå stillinga si i samband med ei varslingssak, ikkje brota på rammeavtalane.
Varslingssaka mot han var konkludert, kom det fram i ein e-post frå FD som blei vist fram i retten.
Dette var upresist formulert og stemmer ikkje, seier departementsråden tysdag ettermiddag.
– Varslingssaka, som eg også har svart om tidlegare, er ikkje sluttført enda, i påvente av den saka vi no sit her i rettssalen om, seier Hermansen.
ARBEIDSGIVAR: Det var Frede Hermansen som hadde ansvar for å gjenopprette eit forsvarleg arbeidsmiljø etter varslingssaka i Forsvarsbygg, fortel departementsråden sjølv.Foto: Jo Straube, Forsvarets forum
Rapporten bekreftar påstandane om eit uforsvarleg arbeidsmiljø som følge av Thoresen si åtferd, fortel han.
Den siterer åtte varslarar, fleire av dei i leiargruppa, men er ikkje teken med som dokumentasjon i denne rettssaka.
– Dersom varslingsrapporten hadde sagt at her var alt fint, dette er ikkje realiteten i påstandane som har kome, då kunne også han ha gått tilbake (i jobben, red. anm.), seier Hermansen.
– Varslingssaka påverka kvifor vi ikkje sende han tilbake for å forsøke å rydde opp i forholda. Vi meinte at føresetnadene ikkje var til stades.
Dette bryt med det regjeringsadvokaten sa måndag, altså at omplasseringa av Thoresen eine og åleine handla om brota på rammeavtalane.
Advokat Klausen meiner at dette er eit viktig poeng.
Onsdag fortset rettssaka. Då står vitnesbyrda frå forsvarssjef Eirik Kristoffersen for tur.