Nyheter
Spansk-tysk samarbeid skal styrke europeisk luftvern
Diehl Defence og Indra-gruppa skal saman utvikle nye system for luft- og missilforsvar. Dei skal tilpassast det spanske militæret.
Den europeiske fellesinnsatsen for å bli mindre militært avhengig av USA har blitt tilført ein ny produksjonsavtale, melder The Defense Post.
Tyske Diehl Defence og spanske Indra-gruppa har avtalt å saman utvikle system til landbasert luftforsvar med ei middels lang rekkevidd.
Løysinga er skreddarsydd til det spanske militæret og tek utgangspunkt i Diehl sine missil i IRIS-T-familien og Indra sin radar- og kommunikasjonsteknologi.
– Saman skal vi auke variasjonen i dei landbaserte luftvernsystema som er tilgjengelege, for å sikre sjølvstyret og sjølvbestemminga som kundane våre er ute etter, seier leiaren for Dehl Defence, Helmut Rauch, i ei pressemelding frå dei to selskapa.
– Avtalen er ein tilførsel til produksjonen i Spania av nye system og missil av denne typen, seier Indra-leiar José Vicente de los Mozos i den same pressemeldinga.