Nyheter

Desse kjempar om å forme nye skip for Sjøforsvaret

Seks designhus er vidare i konkurransen om å utvikle nye standardiserte fartøy. På lista står Kongsberg Maritime og Ulstein Verft.

ULSTEIN MED VIDARE: Blant dei seks designselskapa som skal kjempe om oppdraget, er Ulstein Design & Solutions AS. Slik ser dei føre seg at fartøya kan bli sjåande ut.
Publisert Sist oppdatert

Som del av langtidsplanen for forsvarssektoren og flåteplanen, skal Noreg ha minst 28 nye standardiserte fartøy.

Forsvarsmateriell har arrangert ein tilbydarkonferanse med de seks designhusa som er vidare i konkurransen om fartøysdesign- og konseptutvikling for dei nye fartøya.

Dei seks selskapa som er vidare i konkurransen er:

  • Breeze Ship Design AS
  • Kongsberg Maritime AS
  • LMG Marin AS
  • Salt Ship Design AS og Kongsberg Defence & Aerospace AS (leverandørfellesskap)
  • Skipsteknisk AS
  • Ulstein Design & Solutions AS

Tips oss!

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane

I ei pressemelding takkar Forsvarsmateriell alle deltakarane for «gode bidrag og stort engasjement».

– Vi ser fram til neste fase av arbeidet, skriv dei.

Fartøya skal fordelast på Kystvakta og Marinen, og erstatte fleire av fartøyklassane som er i bruk i dag.

Dei som går til Marinen skal på sikt erstatte korvettar i Skjold-klassen, og minefartøy i Alta- og Oksøy-klassane.

Formålet er å auke fleksibiliteten i Sjøforsvaret, skreiv FMA då konkurransen blei utlyst.

Powered by Labrador CMS