Nytt om namn

FOH får ny sjefsersjant

Joachim Bjørnbak er forfremma til sersjantmajor og blir ny sjefsersjant i Forsvarets operative hovudkvarter (FOH).

SJEFSSERSJANT: Joachim Bjørbnak blir sersjantmajor og sjefsersjant i Forsvarets operative hovudkvarter (FOH).
Publisert

Joachim Bjørnbak har til no vore sjefsersjant ved heimevernsdistrikt 2, som har ansvaret for den militære beredskapen i Oslo og det som pla vere Akershus fylke. No blir han del av leiinga i Forsvarets operative hovudkvarter (FOH).

Dette er første gongen ein sjefsersjant oppnår graden etter teneste ved FOH sine heimevernsdistrikt, skriv leiinga for Heimevernet i eit innlegg på Facebook.

— Joachim Bjørnbak har demonstrert svært gode samarbeidsemne og oppnådd resultat ved å sette menneska i fokus, skriv FOH-sjef Rune Andersen i ein e-post til Forsvarets Forum.

— Han vil utfylle oss i leiinga ved FOH og bli ein viktig støttespelar i å utvikle hovudkvarteret vidare.

Powered by Labrador CMS