Nyheter:

Ein eldre mann sit under eit tre i regionen Dogon i sentrale delar av Mali. Bildet er datert 4. juli 2019.

Malis komplekse tragedie

Noreg sa nyleg nei til å sende ei styrke til Mali, men kva går konflikten i Sahel ut på? Både gamle misjonærar og forskarar peikar i same retning: Det er komplisert.

Publisert Sist oppdatert

Denne artikkelen er over fire år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

– Hølje Haugsjå sit koronafast som dei fleste i Vesten. Den nye kvardagen heime i Telemark er annleis enn den gamle. Men jamvel dei normale dagane tidlegare i år, stod i kontrast til livet hans i starten av dette tusenåret. Tidleg i 2001 landa han og familien i Mali. Dei flytta ut i ein liten landsby kor dei skulle verke for misjonen. Dei kom til eit fattig land. Eit land som både den gong og no ligg langt nede på indeksen for menneskeleg utvikling til FN. Men Mali var den gong ein fredeleg stad. Mykje fredelegare enn nabolandet Elfenbeinskysten, kor misjonen alt hadde verka ein del år.

Dei kom til eit muslimsk land, kor islam var einaste, i alle høve offisielle, religion. Men som fleire land i Afrika på den tida var hovudstraumen av islam prega av den ganske tolerante sufiretninga av religionen. Og animismen var ikkje langt unna.

Haugsjå mottar ei høne i gåve i landsbyen Tambaga under eit besøk i 2019.

Haugsjå gjekk til oppgåva med protestantisk iver, som alle som har sett sine føter på eit bedehus kan kjenne att. Islam var på mange måtar «fienden» i den globale kampen om dei fortapte sjelene. Men det gjekk ikkje lenge før han byrja å justera synet han hadde med seg i bagasjen.

– Eg kom tidleg i kontakt med ein katolsk misjonær som lærde meg viktigheita av dialog, seier Haugsjå i dag.

Kontroll på åndene

Som for mange nordmenn hadde jakta vore ein naturleg del av oppveksten i indre Telemark. Og med tida vart han tatt inn i det lokale jegersamfunnet som var i landsbyen. Det ga han innsikter i den lokale kulturen som saman med dialogen gjorde at han fekk ein viss status i det vesle samfunnet han og familien budde i.

– Jakta hadde mange assosiasjonar til animismen og det var ikkje uvanleg med ofring. Broren til imamen var leiar for jaktlaget. Eg fekk innsyn i kulturen, og fann ut at dette jegersamfunnet var den store kulturberaren i samfunnet. Dessutan fekk eg ein viss status om ein var ute på jakt om natta – det synte at ein hadde kontroll på åndene. Og eg fekk innpass med imamen i tillegg.

På det var det bilete av ein mann som nyleg hadde blitt kjend over heile verda – Osama Bin Laden.

At han hadde kontroll på åndene og førde dialog var ikkje noko som naudsynt fall i god jord hos dei som hadde sendt han ut. På avstand verkar kanskje ting meir svart-kvite enn dei er på bakken. Det var òg høve i Mali på den tida. Men Haugsjå fekk ganske raskt innsyn i at det var ting som murra under bakken i landet. Han hadde berre vore der drygt ni månadar då åtaka i USA den 11. september 2001 skjedde. Kort tid etter, under eit besøk i hovudstaden Bamako, la han la merke til nye klistermerker bak på fleire av taxiane. På det var det bilete av ein mann som nyleg hadde blitt kjend over heile verda – Osama Bin Laden.

Pakistanske misjonærar

Men endringa såg han fleire stadar enn i hovudstaden, han opplevde den òg heime i landsbyen. Ein dag fekk han vite av dei lokale at det hadde kome nye misjonærar. Overraska freista han finne ut kven det kunne vere og kva organisasjon dei kom frå. Det synte seg at det var tre pakistanarar. Salafistar som var ute for å spreie det harde bodskap frå islam. Noko heilt anna enn det liberale islam som hadde vore normalen i landsbyen. Men innbyggarane i landsbyen var ikkje utan vidare mottakelege for denne harde linja. Og salafistane var sjølvsagt mot tradisjonar som dei nattlege jaktturane i bushen, og andre ting som gjekk utanfor deira smale sti.

Haugsjå og familien vende heim att i 2010 etter to periodar i Mali. Men han har halde kontakten med landet og vore der jamleg etter det, mellom anna med hjelpeorganisasjonen NorSahel. Før dei drog feira dei mellom anna jul i Timbuktu så seint som i 2008. Dei hadde med ungar og alt verka normalt i denne unormale verda dei hadde verka i. Men observasjonar gjort gjennom åra i ganske høg oppløysing på landsbynivå, verkar i dag som varslar føre den byrjande stormen. Ein storm som meir og mindre har herja Mali eitt tiår no.

Menneske, våpen og narkotika

Stormen kom inn frå nord. Frå overgangen mellom Sahara og Sahel. Dette aude landskapet har i hundreår vore nomadane sin heimebane. Hovudsakeleg tuaregane i vest og toubou i aust. Den fyrste gruppa dominerer nord i Mali. Utan desse gruppene kan ein ikkje kryssa Sahara. Alt i 1875 delte dei opp landskapet i ulike ruter. Ruter kor det i dag går menneske, narkotika, ulovleg gods og våpen. Ein gong var det hasj frå Marokko, men i dei seinare år har Vest-Afrika vorte ein innfallsport for kokain frå Sør-Amerika og ei alternativ rute inn i Europa i høve FNs organisasjon for narkotika og kriminalitet UNODC. Men regionen har òg blitt ein stad kor radikal islam er ei vekstnæring. Jamvel om åtak frå jihadistorganisasjonar auka i omfang etter opprøret i Libya i 2011 blei frøa sådd lenge før.

Det har i fleire år vore opprør frå tuaregane i Mali og Niger. I starten av 90-talet var det opprør i begge landa. Men alt i 1979 oppstod det ein milits på omkring 8000 mann kalla den islamske legion, skriv Peter Tinti og Tuesday Reitand i boka «Migrant, Refugee, Smuggler, Saviour» frå 2016. Dei to sporar smuglarøkonomien i regionen attende til 1970-talet. Men inn i dette landskapet kom jihad-organisasjonanar som al-Qaida i Maghreb (AQIM). Opphavet deira er frå i grupper som var med i den algeriske borgarkrigen på 90-talet. Men dei bakanforliggande årsakene til at radikale islamske grupper har vekst fram i området er meir komplekse enn nokre misjonærar som har spreia bodskapen.

Forsvarets forum besøkte Mali i 2019.

Dei har i mange år blitt marginaliserte frå sentralstyresmaktene i landa dei tilhøyrar. Det ligg klassiske konfliktar mellom nomadar og fastbuande der, eit mønster som ein kan finna att i Midtausten sidan byrjinga av islam, og nok før det òg. Beiterettar har vorte tatt over av sentrale myndigheiter og i samfunn kor korrupsjonen står sterkt er det sjølvsagt statstilsette som har tent på det. Det same kan seiast om smugling, skriv dei to i boka. Dei som vert slått ned på er i regelen dei som ikkje har betalt nok «tryggingspengar» til styresmaktene. Men jamvel om smuglinga har halde fram i tiår er det fyrst og fremst etter at Libya braut saman og Tuareg-opprørar trena av Gadaffi kom sørover at opprøret i Mali har auka i styrke og fått internasjonal merksemd. Dei såkalla ørkenløvene kom frå Libya med lang stridserfaring, tunge våpen og var i hovudsak unge sinte menn. Medan Niger i stor grad klarte å integrere dei inn, vart dei ignorerte i Mali. Det sende landet inn i kaos og kupp.

I nord byrja eitt nytt opprør som i starten var leia av det sekulære MNLA i partnarskap med den islamistiske gruppa Ansar Dine. I en rask operasjon på få dagar i mars-april 2012 tok dei kontrollen over dei tre sentrale byane nord i Mali – Kidal, Geo og Timbuktu. MNLA erklærte så ein uavhengig Tuareg-stat, men gruppa vart utmanøvrert av islamistane i Ansar Dine. Leiaren for islamistane Iyad Ag Ghali hadde alt etablert samarbeid med AQIM og MUSAQ, ein islamistorganisasjon i Vest-Afrika. Dei innførde ein ekstrem versjon av sharialovgjeving, byrja kidnappa folk for å krevje løysepengar og sjølvsagt smugling.

Frankrike går inn i hovudstaden Bamako, som dei fleste den gong trudde var trygg, var dei lite handlingskraftige etter at to tredjedelar av landet vart teke av opprørarane i nord. Men då den maliske hæren ikkje greidde å stogga ein offensiv sørover i januar 2013, byrja alarmklokkene å ringa rundt i verda. Ein frykta at Mali kunne verte eitt nytt Afghanistan. Ein trygg stad for islamistar. Frankrike intervenerte i sin gamle koloni i 2013 med operasjon Serval. 2000 franske soldatar jobba i partnarskap med soldatar frå Mali og andre afrikanske naboland og fekk stogga framrykkinga. Dei fortsette vidare mot nordaust, men jamvel om mange islamistar vart drepne, fordufta fleire inn i terrenget i Nord-Niger og Sør-Libya.

Bildet frå 22. januar 2020 viser gullgruver i Kidal i Mali. Nyheitsbyrået AP skriver at det går føre seg eit gullrush nord i Mali, der militsgrupper med tilknytning til al-Qaida opererer.

På denne tida byrja òg amerikanarane å auke nærværet i Sahel og Sahara-regionen. Hovudsakleg med det ein kallar lågt fotavtrykk – med spesialstyrkar som mentorerte lokale styrkar og innhenting av etterretning. Men alt frå 2002 hadde amerikanarane auka det militære samarbeidet med regionen i det såkalla Trans-Sahara Counter Terrorism Partnership. Opprettinga av AFRICOM ein eigen kommando for Afrika må òg sjåast i denne samanhengen, jamvel om det er fleire faktorar som speler inn i det valet.

I august 2014 byrja Operasjon Barkhane, leia av Frankrike i saman med statar i Sahel og støtta av ulike vestlege land. I snart seks år har operasjonen rulle og gått, for det meste utan at media har fokusert på det som skjer i regionen i særleg grad. For Frankrike er det i hovudsak tre ting som er viktige. Kampen mot jihad, økonomiske interesser i regionen, mellom anna olje og uran, samt den aukande straumen av emigrantar som kom over Libya, som gjer at nærværet deira i regionen viktig. I det komplekse mønsteret som har oppstått har òg toubouane i Niger sett moglegheita i å ta over meir av område som var dominert av tuaregane tidlegare med å legge seg på ei anti-terror linje. Under den tidlege kampen mot jihadistar var ein viljuge til å sjå mellom fingrane på smuglinga av menneske, men det synet var kortsiktig og snudde då emigrantane byrja å strøyme nordover i 2013 og åra etter, hevdar Tinti og Reitano.

Noreg har i nokre år hatt ein FN-misjon i Mali. Men i november i fjor kom det ein førespurnad frå Frankrike og ei meir aktiv deltaking i Operasjon Barkhane. Hovudårsaken til at Frankrike sende rundt spørsmål til dei europeiske landa om deltaking ligg i Washington. I januar i år sat leiaren for AFRICOM, general Stephen J. Townsend, i ei høyring i Washington og sa, mellom linjene, at USA var i ferd med å minke nærværet i Sahel. Unnataket var nokre etterretningskapasitetar dei andre landa ikkje har. For USA sin del verkar det som at alle veger peiker austover, mot Stillehavsregionen. I dette ligg nok hovudforklaringa til førespurnaden som altså Noreg sa nei til no.

Forsvarets forum besøkte norske styrker i Mali: Les reportasjen «Mali- et land på hell» her

Stig Jarle Hansen frå NMBU på Ås, som nyleg skreiv boka «Horn, Sahel and Rift» om jihadistgrupper i Afrika, peikar på at det i dag er gruppa Nusrat ul-Islam, grunnlagt i mars 2017 som dominerer i Mali og nærområda. Det er ei samanslåing av gamle grupper som Ansar Dine og den søre delen av AQIM mellom anna. Jamvel om dei ikkje har fotfeste i dei store byane som i 2012, hevdar Hansen at dei er såkalla semi-territoriale. Dei trekk seg ut i villmarka under offensivar og kjem så attende til landsbyane. Her rekrutterer dei og tar inn skattar. Samstundes er det òg eit fenomen at dei giftar seg inn i ulike etniske grupper og vert integrert i samfunna. Det peiker både Haugsjå og Tinti og Reitano på som eit fenomen. Det same fann ein òg att med IS i Irak i si tid.

For Hansen er noko av nøkkelen i konflikten det faktum at jihad-gruppene er i stand til å utnytte folka på landsbygda. Han skriv at desse sjeldan får merksemd internasjonalt. Den rurale folkesetnaden får sjeldan trygging frå regimet eller internasjonale styrkar. Og så snart som offensiven er over kjem bandittar og jihadistar attende og kan «leve av landet». Om en ikkje finn nokon løysing på den spiralen vil konflikten gå føre seg i fleire år. Heller ikkje Haugsjå ser nokon ende på problema i Mali på kort sikt.

Ei brikke i bilete

Men Mali er ikkje ein isolert konflikt. Det går føre seg ein konflikt over heile Sahel og nord for der som i Libya. I Libya støtter Russland og Tyrkia ulike fraksjonar. Og strategisk kan utfallet i den eine eller andre sin favør leie til at dei kontrollerer flyktningtrafikken inn i Europa frå sør. Smuglinga både av menneske og narkotika gjennom Sahel har blitt ein stor business som årleg generer milliardar av dollar i høve Tinti og Reitano. I så fattige land som i Sahel vil det sei handlingsrom. Og jamvel om smuglarar får betalt for å halde trafikken nede, vil det føre til omlegging av ruter, som ofte er farlegare. Frå ein eurosentrisk synspunkt er det å vere i Sahel ikkje berre ein kamp mot jihadistar, men òg å ha ein viss kontroll med menneskesmuglarrutene nordover. Men i heile området ligg lag på lag av faktorar som kan utnyttast til den eine eller andre sin fordel.

Samfunna det gjeld er sjølvsagt dei som merker konflikten mest. Den gamle jegerkulturen Haugsjå fekk ta del i, er i ferd med å verte viska ut av meir fanatiske retningar av islam, seier han. - Jihadistar speler etniske folkegrupper opp mot kvarandre og det er farleg. Men eg har eit von om at dialogen som har stått sterkt i Mali kan vinne fram på sikt. Spørsmålet er kva ein skal gjere med dei fanatiske jihadistane, tenker han høgt.

Røysta frå Telemark

Frå rommet i Telemark merkar han òg harme mot franskmennene på sosiale media kvar gong den maliske hæren tar tap. Franskmennene er ikkje naudsynt like populære, jamvel om det var regima som inviterte dei inn. Med tida kan dette sjølvsagt verte verre. Jamvel om Noreg no sa nei til deltaking har svenskane og estlendarane sagt ja. Det er lite som tyder på at konflikten i Mali og Sahel er over på kort sikt. Og reint militært vil arbeidet under fransk kommando ha store utfordringar både med språk og franskmennene sine relativt liberale «rules of engagement». Noreg står førebels utanfor skarpe oppdrag i Mali. Men problemet kjem ikkje til å forsvinne frå agendaen. Hølje Haugsjå har uansett eit råd om det skulle verte aktuelt å sende ned nordmenn til Mali. - Sett dykk inn i den lokale kulturen og forstå dynamikken.

Hølje Haugsjå omgitt av mangoseljarar.

Så lenge det ikkje er skarpe norske oppdrag i landet vert nok problema i Mali verande noko for spesielt interesserte. Men no som me har skrapa litt i lakken ser ein at konflikten går frå beitande kveg til global jihad. Og mellom der ligg lag på lag med faktorar som går langt utafor Mali sine grenser. Mens sandstormen herjar er det ikkje lett å orientere seg. Men eg kjenner meg litt meir opplyst i det eg nettar av frå stova i Telemark. Etter alt og døme vil me koronafaste sleppe ut om ikkje alt for lenge. Mali vil derimot vere fastlåste i konflikt så langt synsranda rekk inn i framtida.

Powered by Labrador CMS