Nyheter

Vil ha overgangsordning for skadde på jobb

Tidligare skadde under øving og trening vil ikkje få erstatning når nye regler for yrkesskader trer i kraft ved nyttår.  Det vil fleire parti på Stortinget gjere noko med.

SJUKEHUS: Eirik Lundby enda på sjukehus og med varige skadar etter ei blodhard treningsøkt i Forsvaret. Han har tapt i fleire rundar i retten.
Publisert Sist oppdatert

Tips oss!

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane

Fleire som har blitt varig skadde under pålagt øving og trening i Forsvaret, har ikkje fått yrkesskadeerstatning. Alle partia på Stortinget er einige om nye reglar: Blir tilsette skadde under obligatorisk trening og øving på jobb, har dei krav på erstatning.

Lundby blei skadd under trening i Forsvaret i 2018. Han har vore fleire runder i retten der det blei konkludert med at han ikkje hadde krav på verken yrkesskadeerstatning eller yrkesskadetrygd.

– Eg håper andre slepp å stå i dette i åtte år, slik som eg har gjort, seier Lundby til Forsvarets forum.

Dei nye reglane vil ikkje gjelde han og dei som allereie har blitt skadde på jobb i Forsvaret.

MDG: – Djupt urettferding  

Den nye lova om yrkesskade vil i utgangspunktet ikkje gjelde dei som allereie har blitt skadde på jobb tidlegare. Ho vil gjelde frå 1. januar neste år og framover:

ORDNING: Ingrid Liland er fungerande leiar av Miljøpartiet de grøne. Ho er klar på at det bør kome ei ordning som fangar opp dei tilsette som har blitt skadde på jobb i Forsvaret i nyare tid.

Fakta

Ny lov om yrkesskade

  • Eit samla storting kjem med nye reglar for yrkesskade i Folketrygdlova.

  • Blir du skadd under pålagd øving eller trening skal du dekkast.

  • Endringa gjeld alle arbeidstakarar.

  • I dei gamle reglane fekk arbeidstakarar ikkje erstatning med mindre pålagd øving og trening var av ekstraordinær karakter.

  • Arbeidstakar måtte bevise at skada kom frå treninga og øvinga og at den ikkje kunne kome frå noko anna.

  • Kravet om såkalt omvendt bevisbyrde blir fjerna.

  • Arbeidsgjevar må no bevise at skada ikkje kjem frå pålagd trening eller øving på jobben.

  • SV kom med forslaget og fekk med seg alle partia på Stortinget.

  • Dei nye reglane gjeld frå 01. januar 2027.

  • 12. juni vedtok alle partia den nye lova.

– Det gjev meg ein vond smak i munnen at folk som Eirik Lundby, som har ofra helsa si i teneste for fellesskapet, blir ståande igjen på bar bakke. Det er djupt urettferdig at dei som har tatt støyten for å vise oss kor skakkøyrt systemet var, og som har bidrege til den lovendringa som kjem, ikkje får erstatning, seier Ingrid Liland som er fungerande leiar i MDG.

Liland seier partiet er positive til ei overgangsordning for folk som ikkje får nyte godt av lovendringa som kjem 1. januar:

– For MDG kan det absolutt vere aktuelt med ei overgangsordning. På prinsipielt grunnlag meiner MDG at staten må ta ansvar for folk som ofrar helsa si på jobb i statlege verksemder. Når Stortinget først har erkjent at det gamle lovverket var for dårleg, så må vi faktisk ta konsekvensen av det.

Venstre: – Openbert urimeleg

Venstre-leiar Guri Melby meiner det er feil at Lundby og andre som har teke kampen for erstatning, ikkje skal kompenserast:

– Det er openbert urimeleg. Heile poenget med lovendringa er at folk som blir skadde under pålagt trening og øving skal få erstatning. At dei som faktisk har stått fram og laga grunnlaget for endringa, blir ståande utanfor fordi skada skjedde for tidleg, undergrev heile intensjonen, svarar Melby på e-post. 

VENSTRE: Guri Melby vil ha overgangsordning for tilsette som har blitt skadde under trening eller øving i Forsvaret.

FAKTA

Fleirtal for spesialreglar for yrkesskade i Forsvaret        

  • SV, Høgre og Frp har foreslått særreglar for tilsette i Forsvaret.

  • Frå før har Politiet og Kriminalomsorgen eigne reglar som sikrar yrkesskadeerstatning om dei blir skadde under trening eller øving.

  • Det er no fleirtal på Stortinget for at det skal bli spesialreglar for yrkesskade i Forsvaret.

  • SV, Frp, Høgre, KrF og Venstre sikra fleirtal med 51 mot 47 stemmer. 

Melby seier dei er opne for fleire løysingar for å sikre erstatning:

– Venstre er opne for ulike innretningar, enten ei overgangsordning eller tilbakevirkende verknad frå eit bestemt skjeringspunkt. Det viktige er at gruppa det gjeld, faktisk blir fanga opp, seier Melby og legg til:

– Vi forventar at regjeringa kjem tilbake til Stortinget med eit forslag til korleis dette kan gjerast. Skjer ikkje det, må Stortinget sjølv ta initiativ.


PARAT: Eirik Lundby er medlem av Parat forsvar. Han fekk advokathjelp og dekka dei til no tre rettsrundane han har stått i. Til høgre: Advokat Øyvind Vidhammer frå advokatfirmaet Simonsen Vogt Wiik som har ført Lundby-saka på vegner av Parat.

SV støttar overgangsordning

SV står bak forslaget som blei einstemmig vedteke, om lovforandring som gjev betre dekning ved yrkesskade. SV vil sjå på ei overgangsordning for dei som fell utanfor:

– For SV er det absolutt aktuelt å vurdere ei overgangsordning som kan fange opp dei som allereie står i yrkesskadesaker, seier SV-leiar Kirsti Bergstø.

ENGASJERT: Kirsti Bergstø er leiar av SV og har personleg engasjert seg i arbeidet med å få ei ny lov som sikrar betre yrkesskadeerstatning.

Ho seier vidare at lova vil gjelde frå 1. januar 2027 og at lover generelt sett ser framover:

– Vi skulle gjerne sett at lova hadde tilbakevirkende kraft då dette ville vore det rimelegaste for mange arbeidstakarar, men ifølge Grunnlova kan ikkje Stortinget vedta lover med tilbakevirkende kraft. 

Sp opne for overgangsordning

Tidlegare yrkessoldat og no stortingspolitikar Bent-Joacim Bentzen seier Senterpartiet er opne for ei overgangsordning:

ORDNING: Bent-Joacim Bentzen seier Sp ikkje har utforma korleis ei overgangsordning kan bli, men at dei er opne for ei løysing.

– Uvissa og den økonomiske belastninga for dei som er skadde, er stor. Det er derfor grunnlag for å sjå på løysingar som kan sikre at desse personane blir tekne vare på i tråd med intensjonen til Stortinget, seier Bentzen som jobba ti år i Forsvaret.

Rødt vil ha tidsavgrensa ordning

Stortingsrepresentant  for Rødt Bjørnar Moxnes svarar at han og partiet ber regjeringa sjå på ei løysing:

– Hovudregelen er at ny lovgjeving gjeld framover i tid. Samstundes kan det vere behov for overgangsløysingar når Stortinget rettar opp eit regelverk som har gitt urimelege utslag. Difor meiner vi at regjeringa bør vurdere om det kan etablerast ei avgrensa overgangsordning òg for denne gruppa.

Ny veteranlov

Stortingspolitikar frå Høgre, Anna Molberg, har markert seg i arbeidet med at det skal kome særreglar for yrkesskade i Forsvaret. Ho seier at Høgre ikkje har planar om ei overgangsordning, men ser på saka i ei anna komande lov:

GLAD: Anna Molberg er stortingsrepresentant for Høgre og har saman SV og Frp teke til orde og fått igjennom at det skal vere spesialreglar for yrkesskade i Forsvaret.

– No er det ei ny veteranlov som på trappene. Kanskje det går an å sjå på det på nytt der. Eg er ikkje ein politikar som har lyst til å gi falske forhåpningar. Dette var det vi fekk til i denne omgangen, seier Molberg.

– Paradigmeskifte

Molberg viser til at dei komande reglane blir vesentleg betre for tilsette i Forsvaret:

– Eg meiner det er verdt å feire dei forandringane vi har fått plass. Det er mange viktige historier som har bidrege til å bane veg for den endringa som kjem, seier juristen og Høgre-politikaren og fortset:

– Eg vil kalle det eit paradigmeskifte. At bevisbyrda no blir snudd. Den skadde vil sleppe å måtte bevise årsakssamanhengen. Det blir ei enorm endring som eg er stolt av at vi har klart å få på plass, seier Molberg.

– Hastebehandling 

Agnes Nærland Viljugrein sit i Arbeids- og sosialkomiteen for Ap. Ho seier Ap ikkje har planar om overgangsordning, og satsar på hurtig-spor:

RASK BEHANDLING: Agnes Nærland Viljugrein er stortingspolitikar for Ap og seier dei jobbar med å få dei nye reglane for yrkesskade på plass så raskt som råd.

– Det har vore viktig for oss å få det nye regelverket på plass så raskt som råd. Derfor bad Arbeidarpartiregjeringa Stortinget om å hastebehandle det nye regelverket. Det fekk vi gjennomslag for nettopp fordi vi ikkje ønsker at fleire skal måtte oppleve å skade seg på jobb utan rett på erstatning.

KrF avventande

Frp som var med å ta initiativ til særreglar for yrkesskadeerstatning i Forsvaret, seier dei ikkje har planar om ei overgangsordning. KrF svarar at dei ikkje har teke stilling til overgangsordning enno og at dei håper regjeringa vurderar det grundig.  





















Powered by Labrador CMS