SKADD PÅ JOBB
Får ikkje erstatning, trass ny lov
Eirik Lundby blir peika på ein av dei som har bidratt til lovforandring. Likevel får han ikkje sjølv yrkesskadeerstatning: – Veldig urettferdig, seier forbundsleiar.
Etter fleire år er det klart. Alle partia på Stortinget frå Rødt til Frp er einige. Om du blir skadd under øving eller trening på jobb i Forsvaret og elles i arbeidslivet: Då har du krav på yrkesskadeerstatning.
– Urettferdig
Samtidig som fleire fagforbund i Forsvaret jublar over lovforandringa, er dei også kritiske:
– Det er urettferdig. Dei har stått i det og vist manglane i lova og laga grunnlaget for lovendringa. Om dei sjølve ikkje får noko frå dette synest eg det er veldig urettferdig, seier Staale Reiten, leiar av Norsk offisers- og spesialistforbund (NOF).
Forbundsleiaren viser til blant andre grenader Eirik Lundby som har stått fram og gjeve eit ansikt til dei som har blitt varig skadde etter pålagd øving og trening i Forsvaret.
Og som ikkje har fått yrkesskadeerstatning.
Tapte ny runde i retten
Først vann Eirik Lundby i tingretten, men staten anka og i starten av juni tapte han i lagmannsretten.
Blir denne domen ståande får ikkje Lundby yrkesskadeerstatning, trass i det einstemmige Stortingsvedtaket. Grenaderen blei skadd i 2018. Den nye lova gjeld først frå 1. januar 2027:
– Saka mi har gått i åtte år. Det er rart at ikkje pågåande saker i så fall blir vurdert inn, seier Lundby.
Den tidlegare grenaderen kunne ikkje fortsette som yrkessoldat etter at han blei ramma av rabdomyolyse under ei knallhard treningsøkt leia av U.S. Marines ved eit leiarkurs i Bardufoss.
– Fagfolk i Forsvaret ikkje høyrt på
Lundby er medlem i Parat forsvar og det er deira juridiske avdeling som har ført saka hans i tre rettsrundar. Eivind Olsen er forbundsleiar av Parat forsvar. Han seier at han ikkje trur den nye lova vil få tilbakeverkande kraft. Han seier vidare at det ikkje er sikkert den nye lova ville dekke Lundby si sak uansett. Olsen er kritisk til at lagmannsretten meiner Lundby si trening var frivillig:
– Parat forsvar meiner at det er svært beklageleg at retten tydelegvis ikkje vektlegger utsegn frå fagpersonell i Forsvaret eller at det å gje seg under trening i Forsvaret er noko ein ikkje gjer fordi ein kan, men fordi du må, seier Parat forsvar-leiaren.
Parat vurderer Høgsterett
Parat og Lundby er no i tenkjeboksen om dei skal anke til Høgsterett. Dette vil vere sjansen hans for å få erstatning, seier Olsen:
– Det er veldig bra for saka om Høgsterett slepp den inn og ser på den. Samtidig er nåløyet til Høgsterett veldig lite, seier forbundsleiaren av Parat forsvar.
Etterlyser overgangsordning
Grete Thorsby er forhandlingsleiar i Befalets fellesorganisasjon (BFO). Ho meiner politikarane må sørgje for at Lundby og andre som har blitt skadde på jobb for Forsvaret får yrkesskadeerstatning.
Ho ser for seg eksempelvis ei overgangsordning for yrkesskade:
– Det har vore historiene bak som har skapt ei forståing ovanfor Stortinget slik det har komme ei lovendring. Stortinget må også sjå på desse sakene og sikre at dei ikkje fell mellom to stolar, seier oberstløytnanten.
Reiten i NOF vil også ha Stortinget på banen om dei nylege skadesakene i Forsvaret:
– Det verkar urimeleg at dei ikkje òg får ei ny vurdering med bakgrunn i den nye lova som har komme, seier forbundsleiaren.
Cellene sprakk
Muskelcellene til Lundby sprakk og veska frå cellene gjekk ut i blodet under treninga for åtte år sidan. Rabdomyolyse kan gje både hjarte- og nyresvikt, og dessutan nerveskadar.
Den gamle lova seier at ein berre får erstatning om skaden kjem av ekstraordinær trening eller aktivitet. Borgarting lagmannsrett kom til at denne typen skader og trening er noko ein må forvente i Forsvaret.
Varige mein
Åtte år etter skaden, slit Lundby:
– Eg må framleis avgrense meg. Eg er blant anna aktiv i Norske gardeveteranars drillkontigent (Gardeveteranene), men etter eg har løfta hendene og spela trompet der er det berre å sette seg ei veke etterpå med smerter, seier den tidlegare grenaderen som nettopp er ferdig med ei bachelorgrad i freds- og konfliktstudium.
Lundby seier at han ønsker at saka hans kan bane veg for andre:
– Eg håpar andre slepp å stå i denne kampen. Eg håpar saka mi kan vere med å føre til ei avklaring slik at andre slepp å stå i dette i åtte år. No håpar eg nokon med makt og myndigheit kjem på banen. Vi er mange som har blitt skadde i teneste for staten. No bør staten ta ansvar, seier den tidlegare forsvarstilsette.