Europa-toppleiar: Sjølvstyrte land må ha sjølvstyrte dronar
Dei kallar han «gudfaren» av den internasjonale dronekoalisjonen. Latvias Andris Sprūds er villig til å ta KI-bruken langt – så lenge den vernar om Nato-familien.
DRONEDELEGASJON: Forsvarsminister Andris Sprūds hadde med seg 20 latviske selskap på Noregsbesøket.Foto: Oda Eggesbø Ottesen, Forsvarets Forum
– Dronar er «game changers», autonome system er «game changers». Dei er ein fullstendig kritisk del av den kombinerte militærkapabiliteten.
Annonse
Det seier den latviske forsvarsministeren Andris Sprūds til Forsvarets Forum.
Han besøker Noreg for å vise fram hjartebarnet sitt, latvisk droneteknologi, til forsvarstoppane.
Latvia leiar nemleg den internasjonale dronekoalisjonen saman med Storbritannia.
Dei starta det i 2024, med hovudformålet å støtte Ukraina med dronar og droneteknologi. Noreg blei medlem i fjor.
Også norske produsentar har blitt leiande aktørar på marknaden, meiner Forsvars og tryggingsindustriens foreining (FSI).
– Men vi bør ikkje lure oss sjølve. Vi har framleis ein lang veg å gå før vi kan seie at vi møter denne utfordringa med eit truverdig forsvar, sa FSi-leiar Torleiv Opland om dronetrusselen.
BYGGER NETTVERK: 20 latviske droneprodusentar var i Oslo for å bli kjent med sine norske kollegaar. Høvik-baserte Proxflyer hadde denne modellen ståande ved inngangen.Foto: Oda Eggesbø Ottesen, Forsvarets Forum
– Vi er her i dag for å utforske korleis Noreg og Latvia kan styrke samarbeidet, bygge industrikapasitet og styrke vår felles tryggleik.
«Permanent kappløp»
Verdas land er i eit «permanent kappløp» om å vere størst, ha best innovasjon, teknisk fordel og industrikapasitet, meiner Sprūds.
– Det handlar om å integrere alle nye teknologiar og gjere sjølvstyrte system endå meir sjølvstyrte ved å integrere dei med kunstig intelligens, seier han.
– Det har vore noko diskusjon om å få kunstig intelligens til å gjere val for menneska på slagmarka, kor effektivt det kan vere men også kor farleg. Kvar meiner du at grensa går?
FORSVARSTOPPAR: Andris Sprūds (blått slips) saman med forsvarsminister Tore O. Sandvik (svart slips) og forsvarssjef Eirik Kristoffersen (uniform) på droneforumet i Oslo.Foto: Oda Eggesbø Ottesen, Forsvarets Forum
– Vi har morale grenser, og lovlege grenser, for kor langt vi kan gå i å gi dronane sjølvstyre og i noko grad fjerne menneskelege val frå prosessen, svarar Sprūds.
– Men i krigstid har vi også tilgang på dei systema som kan slå tilbake fienden sine. Dei er kunstige system som til sjuande og sist vernar om liva, verdet og menneskerettane til folka i landa våre.
Han meiner at fiendane til Nato er villige til å utnytte sine tekniske fordelar, i ytste konsekvens for å «invadere andre».
Det er viktig å ikkje «hamne bakpå», ifølge Sprūds.
– Vi er eit lite land. Vi er ein del av Nato og vi lener oss på våre allierte, men vi grensar også til eit aggressivt land, seier han.
– Russland kastar alt inn i denne krigsmaskina. Vi må ikkje undervurdere det som russarane driv med.
Tips oss!
Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane.
– Bort frå krigens brutalitet
Argumentet om at nokon andre vil gå for langt dersom ikkje vi gjer det sjølve, er ikkje godt nok, meiner Elke Schwarz.
Ho er professor i politisk teori ved Queen Mary University, og forskar på politikken rundt ny militær teknologi.
– Ein går fort denne vegen med argumentet: vi er kanskje dei som følger lovverket, men kva med alle desse dårlege aktørane som ikkje vil spele med reglar, seier ho til Forsvarets forum.
– Men det kan ikkje finst eit argument for å ikkje ha normer og lovverk. For då er det berre fritt fram, du senkar terskelen.
RISIKOKAPITAL: Elke Schwarz besøkte Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi) denne veka for å dele kunnskapen sin om KI-bruk i krig.Foto: Oda Eggesbø Ottesen, Forsvarets Forum
Det er allereie for lite regulering av KI-industrien, ifølge Schwarz.
Ho viser til Ukraina som «ei kokeplate for nye Silicon Valley-modellar for krigføring», der risikokapital støttar opp små gründarar som vil bli statlege produsentar.
– Mål, blant dei menneskelege mål eller mål med menneske i seg, blir fullstendig digitaliserte og optimaliserte for å passe inn i arbeidsflyten som er laga for rask handling. Dei blir gjort upersonlege, umenneskelege, seier ho.
– Men realiteten er dette. Våpensystem eller målsystem som brukar KI til angrep lir sannsynlegvis av ufullstendige data, data av låg kvalitet, som er feil, moglegvis tukla med, av manglande detaljar eller utdatert.
KRIGENS REALITET: Elke Schwarz meiner den menneskelege dimensjonen forsvinn når ein set fokus på teknologien i krigføringa.Foto: Jevgenij Maloletka, AP, NTB
Prøving og feiling er heile poenget når ein testar ein KI, anten det er menneske involvert eller ikkje, meiner Schwarz.
Ho trur ikkje at krig nokosinne blir «overlate til maskinane».
– Krig handlar og kjem alltid til å handle om øydelegginga av nokon andre sine verdsette omgjevnader. Det er krigens natur, seier Schwarz.
– Dersom vi berre skulle seie «vel, det er mitt materiell mot ditt materiell», kvifor ikkje løyse ei konflikt med ei sportsturnering, eller i Formel 1?