Nyheter
PST ventar auka russisk sabotasje
Spesielt forsvarsindustrien og selskap som leverer tenester til Forsvaret er dei mest trulege måla, seier PST.
TRUSSELVURDERING: Politiet sikkerheitsteneste (PST) hevar trusselvurderinga og seier sabotasjetrusselen mot Noreg skjerpa.
Foto: Lise Åserud
PST skriv i si nyaste trusselvurdering at det har blitt fleire russiske sabotasjeaksjonar i 2026. Det gjeld både gjennomførte sabotasjeaksjonar, avverja planar og forsøk på sabotasje.
I denne saka til Forsvarets forum kan du sjå ei oversikt over mistenkte eller stadfesta russiske hybride angrep og sabotasje i Noreg.
PST: Alvorleg utvikling
Inger Haugland er avdelingsdirektør ved PST si avdeling for statlege trusselaktørar.
– I 2026 har det vore ei alvorleg utvikling i sabotasjetrusselen. Vi meiner det er god grunn til å forvente at russisk etterretning vil gjennomføre sabotasje i Norge det kommende året, skriv Haugland i pressemeldinga til PST.
Forsvarets forum har blant anna skrive om då Forsvaret sine kablar blei kutta ved dei militære flyplassane ved Andøya og Evenes.
Politiet mistenke kabelkuttinga for å vere sabotasje, men greidde ikkje å finne ut kven som eventuelt stod bak.
Forsvarsindustrien
PST skriv i trusselvurderinga at dei mest trulege måla i Noreg er forsvarsindustrien, samt forsvarsrelaterte verksemder og selskap som leverer tenester til forsvarssektoren. PST nemner også kritisk infrastruktur og energisektoren.
– PST har ikkje avdekt forsøk på sabotasjeoperasjonar mot norske mål. PST er likevel kjend med at aktørar med tilknyting til russisk etterretning har kartlagt infrastruktur og mål i Noreg. Derfor er det viktig å følge med på og aktivt arbeide mot spionasje som kan vere førebuingar til sabotasjehandlingar, skriv Haugland i pressemeldinga.
Ho legg vidare til:
– Russiske trusselaktørar er tilpassingsdyktige og opportunistiske. Dei utnyttar både sårbarheiter og moglegheitsrom idet norske samfunnet for å styrke Russlands strategiske målsetjingar. Sanksjonane og tiltaka frå Vesten har redusert handlingsrommet til russisk etterretning, men vi ventar at dei tilpassar seg og tek i bruk nye og kreative metodar, skriv Haugland i pressemeldinga.
PST deler at dei ønsker tips frå publikum og at dette er viktig for å hindre sabotasje.