Nyheter

Ekssjef i Forsvarsbygg får ikkje jobben tilbake

Etter at han blei fjerna med tvang frå jobben i februar, gjekk Thorbjørn Thoresen til sak mot Forsvarsdepartementet. No er konklusjonen i sivilrettssaka klar.

I RETTEN: Thorbjørn Thoresen meinte han blei ulovleg omplassert frå rolla si som sjef, men tapte i retten.
Publisert Sist oppdatert

Tips oss!

Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane. 

Forsvarsdepartementet si avgjerd om å omplassere Thorbjørn Thoresen frå sjefsjobben i Forsvarsbygg er gyldig.

Slik lyd dommen frå Oslo tingrett fredag.

Departementet blir dermed frifunne i saka, og Thoresen må betale 306.150 kroner i sakskostnader til staten.

Gjennom fire dagar i retten fekk både den tidlegare Forsvarsbygg-sjefen og leiaren hans, departementsråd Frede Hermansen, forklare seg i to omgangar.

Thoresen meinte at omplasseringa var ulovleg, og kravde både erstatning og jobben tilbake.

Forsvarsdepartementet (FD) meinte det hadde rett til å omplassere Thoresen når det ikkje var tillit til han som direktør.

Både Forsvarsministeren og Forsvarssjefen var vitne i saka, i tillegg til fungerande direktør i Forsvarsbygg Camilla Mathisen.

FORSVARSMINISTEREN: Tore O. Sandvik (Ap) sa i rettssaka at han meiner Thoresen må haldast ansvarleg for lovbrota til Forsvarsbygg.

Får ansvar for overskridingar

Den 17. februar i år avdekka ein intern gjennomgang at det var gjort ulovlege innkjøp over forbruksgrensa til fire av Forsvarsbygg sine rammeavtalar.

Thoresen seier han ikkje visste om desse før FD opplyste han om dei.

Retten kom likevel fram til at overskridingane var hans ansvar, uansett om han visste om dei eller ikkje.

– Etter hovudforhandlinga finn tingretten klar sannsynsovervekt for at Thoresen deltok personleg i avgjerda om overskriding, heiter det i dommen.

– Sjølv utan personleg skyld, vil ein toppleiar oftast ha både det operasjonelle, juridiske og moralske endelege ansvar for den verksemda hen leiar - slik ein toppidrettsutøvar har ansvaret for innhaldet i eigne dopingprøvar.

Den omtalar særskilt to rammeavtalar mellom Forsvarsbygg og høvesvis Sweco og Multiconsult.

Avgjerda frå dommarane er einstemmig. Dommen kan framleis bli anka, og er difor ikkje enno rettskraftig.

Powered by Labrador CMS