Nyheter

Noreg har kjøpt 500.000 dronar til Ukraina

Forsvarsmateriell har kjøpt inn ein halv million dronar som har blitt donert til Ukraina.

UKRAINA: Illustrasjonsbildet viser ein dronefabrikk i Ukraina. Mange av dronane Forsvarsmateriell (FMA) har kjøpt inn er laga i Ukraina av ukrainske produsentar.
Publisert

Gro Jære er direktør for Forsvarsmateriell (FMA). Frå scena på Open Arms-konferansen i Oslo i førre veke slapp ho ei nyheit.

– FMA har kjøpt inn til saman rundt 500.000 dronar som har blitt donert vidare til Ukraina.

I eit e-postintervju i etterkant utdjupa ho meir om det norske droneinnkjøpet.

DIREKTØR: Gro Jære er direktør i Forsvarsmateriell (FMA) Bildet er frå 29. oktober 2026 på Open Arms festival i Oslo om norsk-ukrainsk samarbeid

– FMA har skaffa dronar som ein del av støtta til Ukraina. Dette er ein del av Nansen-programmet. FMA kjøper i hovudsak dronar frå ukrainske produsentar, men kjøper òg dronar frå leverandørar i Noreg og andre land.

Tips oss!

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene. 

Forskar: – Stort tal

Direktør Jære seier ho og FMA ikkje kommenterer kva type dronar dei har kjøpt inn.

– Vi har ein brei dialog med ukrainske myndigheiter om behova deira og legg dette til grunn i vurderingane våre, seier Jære til Forsvarets forum i e-post-svaret.

Lars Peder Haga er forskar ved Luftkrigsskulen. Han trur Noreg har støtta med alt frå overvaking til angrepsdroner.

– Det er eit ganske stort tal og det seier litt om type dronar det er snakk om. At det er mindre overvåkingsdroner og småangrepsdroner, FPV-dronar. Det er forbruksmateriell og noko ukrainarane bruker i milliontal. Det må tenkast på som ammunisjon, kanskje meir enn som eit luftfartøy som skal vare lenge, seier forskaren til Forsvarets forum.

Mest avgjerande våpen

Haga seier at dronane har blitt dei viktigaste våpena på slagmarka i Ukraina.

– No er det jo sånn at desse FPV-dronane antakeleg står for rundt 90 prosent  av personelltap. Dei har jo på ein måte tatt den rolla som artilleriet har hatt fram til rundt 2024. Dronar er blitt den største tapspåføraren i staden for artilleri. Så det er jo det våpensystemet som drep og skaper verknad langs fronten, seier han og legg til om det norske bidraget:

– 500 000 dronar er eit stort nok tal til at det har ein betydning og ein ordentleg verknad, seier forskaren.

FMA-direktør seier at den norske dronestøtta også kjem norsk forsvarsevne til gode.

– Noreg er, med den solide støtta som blir gitt til Ukraina gjennom den militære delen av Nansen-programmet, ein betydeleg bidragsytar – også innanfor dronar. Dette gir òg Noreg kunnskap og erfaringar som er viktige for den norske forsvarsevna, seier Jære.

 

Powered by Labrador CMS