Nyheter

Trur fleire russarar døyr i kulda: – Verdset ikkje liva til styrkane høgt

Kampane i Ukraina fortset i tosifra minusgradar. Ein Russland-forskar meiner viljen til å ofre soldatar i kulda gir russarane ein fordel.

KULDEGRADAR: Natt til tysdag målte gradestokken -19 fleire stader i Ukraina. Her står ein soldat nær fronten i Donetsk.
Publisert

Situasjonen ved frontlinja har ikkje vore verre sidan fullskalainvasjonen i 2022, meiner Russland-forskar Pavel K. Baev i ved Institutt for fredsforsking (PRIO).

Han trur at mange av russarane som døydde i haust, og som dør i vinter, er skadde som frys i hel i kulda fordi dei ikkje blir evakuerte.

– Dei russiske kommandantane verdset ikkje liva til styrkane sine høgt, seier Baev til Forsvarets forum.

– Men for ukrainarane er det ei anna historie. Der er det framleis slik at alle liv betyr noko. Kvar einaste soldat er ein person. Så for ukrainarane, i den forstand, er det ei ulempe.

Den uavhengige russiske nyheitsnettstaden Mediazona og BBC Russian verifiserer fortløpande russiske dødsfall på slagmarka i Ukraina, basert på offentleg tilgjengeleg informasjon. 

DRONAR: Biletet viser, ifølge det russiske forsvarsdepartementet, russiske soldatar som førebur ei drone til eit oppdrag inne i Ukraina tysdag 3. februar. Biletet er ikkje verifisert av uavhengige kjelder.

Innan slutten av januar hadde dei talt 168.000. 

– Dei seier dei er i stand til å identifisere omtrent halvparten av det totale dødstalet, seier Baev.

– Talet på døde og skadde er forbausande, vil eg seie, sett saman med at samfunnet framleis held seg ganske likegyldig.

Rammar sivile annleis

Tom Røseth er hovudlærar i etterretning på Stabsskulen i Forsvaret, men forskar også på utviklinga på slagmarka i Ukraina. 

Han meiner at dei låge temperaturane, nede i -19 gradar natt til tysdag, ikkje påverkar krigføringa like mykje som den har gjort i tidlegare år.

– Det er utfordrande no i kulda, men det er ikkje slik at krigshandlingane opphøyrer, seier han til Forsvarets Forum.

Ei årsak til dette er at dronane har teke over dei store operasjonane langs fronten, seier han. Desse får i verste fall kortare rekkevidde, og går dermed tapt litt lettare. 

Dei som er mest utsette for kulda, er sivilbefolkninga.

– Det som har vore meir bevisste og tydelege mål for russiske angrep, er store sovjetiske industrianlegg som produserer varmt vatn og gir fjernvarme, seier Røseth.

MÅLTID: Det ukrainske militæret serverte varme måltid til bebuarar utan straum i Kyiv, laurdag 31. januar.

Ordføraren i Kyiv, Vitalij Klitsjko, sa i slutten av januar at kring 600.000 menneske hadde flykta frå hovudstaden, ifølge The Kyiv Independent.

– Etter snart fire år med krig, er det dei som er litt meir hardhuda som har bestemt seg for å vere der, seier Røseth.

– Når såpass mange har måtta forlate hovudstaden på grunn av kulda, så er det ei bekymring.

KALDT: Natt til tysdag 3. februar sov folk i boblejakker på undergrunn-stasjonar i Kyiv.

Ueinige om effekten av Starlink-kutt

Russiske dronar kopla opp mot Elon Musk sine Starlink-satellittar har blitt kopla til fleire nylege angrep i Ukraina, melder BBC.

Men denne veka skreiv Musk på X at dei hadde klart å avgrense bruken:

– Det ser ut til at stega vi tok for å stoppe uautorisert bruk av Starlink av Russland har verka, heitte det i innlegget.

– Gi oss beskjed dersom det trengst å gjerast noko meir.

STARLINK: Elon Musk, leiar av satellittselskapet Starlink, seier dei har sett i verk tiltak for at Russland ikkje skal kunne bruke satellittane til angrep på slagmarka i Ukraina.

Denne innsatsen har ført til «ekte resultat», seier den ukrainske forsvarsministeren Mykhajlo Fedorov til BBC måndag.

No må russarane finne andre løysingar, seier Røseth.

– Det er ein fordel at russarane ikkje får så gode måldata som dei fekk gjennom det systemet. Men det er ikkje slik at den russiske dronefordelen opphøyrer, seier han. 

– Russland har ein masseproduksjon av dronar, som er ein klar fordel. Vi ser også at dei byrjar å angripe rørlege mål.

DRONENETT: Hovudvegane aust i Ukraina er tildekte slik for å verme mot droneangrep. Russland har den siste tida angripe fleire mål i rørsle, blant dei eit passasjertog.

Bavel, på si side, meiner at effekten vil vere liten.

– Russarane har innført mange fiberoptiske kablar for å kontrollere dronane og blokkere elektroniske mottiltak, seier han.

– Så i drapssona, som blir større fordi der er fleire og fleire dronar med lengre og lengre rekkevidd, er ein ikkje eigentleg avhengig av Starlink.

Tips oss!

Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane

– Sakka kraftig ned

Uansett har Russland si framdrift i Ukraina «sakka kraftig ned», seier Røseth. 

– Det vi ser no, er at den territorielle vinninga er om lag halvparten det den var i november og desember.

Det er i Donetsk ein har hatt dei hardaste kampane den siste tida. Det er også der framdrifta til Russland har vore størst, legger Røseth til.

HAR HALDE UT: I byen Myrnohrad i Ukraina har ukrainske styrkar til no klart å halde ut i «ei slags lomme», ifølge Røseth. Han seier Russland brukar store ressursar i dette området.

– Men dei har framleis ikkje klart å ta heile Pokrovsk. I nabobyen der, Myrnohrad, har dei ukrainske styrkane halde ut i ei slags lomme. 

– Dit har russarane frakta inn masse artilleri. Dei prøvar å kraftsamle for å ta den lomma.

Powered by Labrador CMS