Nyheter

Han er ny sjef for «Hærens knyttneve»

Jørn Qviller tek over Brigade Nord midt i den største opprustinga sidan den kalde krigen: – Vi skal utvikle oss for å vinne trefningar, slag og vere Hæren sin knyttneve.

OVERTAKELSE: Torsdag 13. august 2026 tok brigader Jørn Qviller over som sjef for Brigade Nord.
Publisert Sist oppdatert

Torsdag overtok Jørn Qviller kommandoen over Brigade Nord. Brigaderen erkjenner han får stafettpinnen i ei krevjande tid:

– Det er krig i Europa. Vårt naboland Russland oppfattar at dei er i ein varig konflikt med Vesten og ser på Noreg som ein uvennleg stat. Det må vi ta på aller største alvor.

Vil lage avskrekkande knyttneve

Qviller har delteke i internasjonale operasjonar i Kosovo og Afghanistan.

Han starta militærtenesta si i Brigade Nord og har bakgrunn blant anna som sjef for Finnmark landforsvar.

Brigaderen har mellom anna fartstid frå Telemark bataljon og Etterretningsbataljonen. Han seier mykje av arbeidet går ut på å vere klar.

SKIFTE: Brigader Jørn Qviller, generalmajor Lars Lervik og brigader Terje Bruøygard i Bardufoss, i samband med sjefsskiftet. Qviller tek over for Bruøygard som skal ta vidareutdanning ved Royal College of Defence Studies i London.

– Oppgåva mi går ut på å gjere brigaden så klar som råd for ein mogleg krig. Det betyr at vi må vere så godt førebudd som mogleg. Vi må utvikle oss for å vere relevante for morgondagens krig.

Qviller legg til:

– Vi skal utvikle oss for å kunne vinne trefningar og slag. Vere Hæren sin knyttneve. Og kunne forsvare Noreg og allierte. Det er mitt hovudfokus.

Takksam

Forsvarets forum intervjua brigaderen nokre timar før sjefskifte-seremonien.

RUSTAR OPP: Hæren sin nye Leopard 2A8NO stridsvogn i aksjon. Noreg har kjøpt inn 54 Leopard-stridsvogner og alle desse nye skal til Brigade Nord.

Fakta om Brigade Nord

  • Vil telle rundt 4500 personell når den er fult opprusta.

  • Blir beskrive som den operative kjernen i Hæren.

  • Består av åtte battaljonar og eit militærkompani.

  • Brigaden skal blant anna få alle dei 54 nye Leopard-stridsvognene som er under produksjon.

  • Leia av Jørn Qviller som sidan 13.08.26.

  • Brigaden har battaljonar med artilleri, stormpanservogner, stridsvogner, ingeniørar, samband, sanitet, militærpoliti og logistikk.



– Eg er utruleg takknemleg for å få moglegheita til å skulle leie så mykje flinke folk og dyktige krigarar som er i Brigade Nord. Eg gler meg til å bli betre kjent med folka i brigaden, seier Qviller.

Han deler dette om kor han vil med leiarskapen sitt:

– Vere ein god leiar for Brigade Nord i fred, krise og krig. Og få den brigaden så god som mogleg innanfor dei pengane vi blir tildelt, og dei rammene vi får.

 Vil ta i bruk ny teknologi

Den nye sjefen for Brigade Nord seier han ønsker å få på plass dronar som kan brukast offensivt, frå operatørane til brigadenivå:

– Vi må heilt klart speede opp. Innføringa av dronar i alle moglege baugar og kantar, om det er til lufta, på land og til sjøs. Det her er noko vi må bli enda flinkare til å utnytte. Der lærer vi utruleg mykje av ukrainarane.

Han legg til at dei er i ferd med å finne ut av korleis dei skal bruke drone-teknologien i forsvaret av Norge:

ØVING: CV90 stormpanservogn frå Brigade Nord kryssar ei elv ved hjelp av ei Leguan-bro, på øvinga Thunder Reindeer i Setermoen skytefelt, mai 2026.

– No begynner vi å få innretninga på korleis vi skal få det til. Og det skjer ganske mykje i Forsvaret om dagen på det området. Eg har stor tiltru til at vi skal få utvikla Forsvaret og Hæren innanfor både droneforsvar og å bruke dronar meir offensivt.

Varslar tøffe prioriteringar

Stortinget har vedteke den største opprustinga sidan den gong trusselen mot Norge heitte Sovjetunionen. Det er sett av 1635 milliardar kroner dei neste ti åra.

 – Sjølv om Forsvaret no har fått, og får, svært mykje pengar, så vil driftssituasjonen vere anstrengt. Som betyr knallharde prioriteringar for å få maksimalt ut med operativ evne og operativ tilgjengelegheit. For nettopp det samfunnsoppdraget vi no har, å forsvare Noreg, Nato, og vere klare. Og gjennom det avskrekke, seier den nye sjefen for Brigade Nord. 

Powered by Labrador CMS