Finnmarksbrigaden

– Like bra forsvar av Finnmark som mot Sovjet

Den nye brigaden blir rusta opp med elektronisk krigføring, dronar og stridsvogner: – Finnmark vil bli like bra eller litt betre beskytta enn vi var under den kalde krigen, seier hærsjef Lars Lervik.

SJEF: Generalmajor Lars Lervik er sjef for Hæren og vil at Finnmarksbrigaden skal overta dei gamle Leopard-stridsvognene. På bildet står han framfor ein av dei nye Leopard 2 A8-stridsvognene. Norge har kjøpt inn 54 av desse.
Publisert Sist oppdatert

Tips oss!

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane

Rett ved den norske grensa rustar Putin-regimet opp: Ifølgje NRK står snart 17.000 russiske soldatar klare langs grensa mot Finland og Finnmark.

Torsdag kom tilrådingane frå Hæren om korleis Norge bør svare:

– Det viktigaste Finnmarksbrigaden, saman med resten av Forsvaret , ønsker å oppnå er å avskrekke Russland. Men, også om det blir nødvendig: Å forsvare oss. Frå grensa av, seier generalmajor og sjef for Hæren Lars Lervik.

Satsar på elektronisk krigføring 

Finnmarksbrigaden blei oppretta i fjor og skal telje 4000 kvinner og menn når han er ferdig oppbygd i 2033.

Hæren anbefaler at brigaden skal få dei gamle Leopard 2A4-stridsvognene. Dei vil også at det skal kome heilt nye sørkoreanske K9 artillerivogner, og at desse skal vere på plass i løpet av 2028.

– Kva erfaringar frå Ukraina-krigen tek de med til Finnmarksbrigaden?

– Det er å integrere dronar og ubemanna system, men også beskyttelse mot dronar. Det er også elektronisk krigføring, saman med dei andre kapasitetane vi har. Ukraina klarar å kombinere alt dette på ein veldig god måte, seier Lervik.

NY BRIGADE: Bildet er frå i august i fjor og under seremonien for oppretting av Finnmarksbrigaden. John Olav Fuglem er sjef for Finnmarksbrigaden.

Han understrekar at dronar og beskyttelse mot dronar blir ein del av alle avdelingar av Finnmarksbrigaden og Hæren generelt.

Forsvaret har sett av tre milliardar kroner til å utvikle og kjøpe inn ulike typar ubemanna system dei neste ti åra. 

NYTT: K9 artilleri i sving under Cold Response i Troms i mars i år. Neste år kjem det fleire av desse og dei skal til den nye Finnmarksbrigaden.

– Betre enn under den kalde krigen

Torsdag kom Hæren med si militærfaglege vurdering om korleis Finnmarksbrigaden skal byggjast opp. Den har i dag rundt 350 tilsette. Dette skal aukast til rundt 900 faste tilsette. 

– Kor sterk blir kampkrafta til styrkane i Finnmark, samanlikna med under den kalde krigen?

– Om du ser spesifikt på Finnmark trur eg vi vil vere på same nivå, eller kanskje litt over den kalde krigen. Med tanke på kva vi har av nærvær dagleg, seier Lervik og fortset:

– Ser du Forsvaret og Hæren i stort er vi framleis betydeleg mindre enn vi var under den kalde krigen. Det er også dei som er på den andre sida av grensa.

RUSSERGRENSA: Bildet viser soldatar ved Garnisonen i Sør-Varanger (GSV).

Ny strategi og tenking

Under den kalde krigen var strategien til Norge å bremse opp Sovjetunionen i Finnmark og stoppe dei ved Lyngen-linja i Indre Troms. Til alliert hjelp kom.

Lervik seier verda ser annleis ut no:

– Den tenkinga vil eg seie Hæren forlét for i alle fall ti år sidan. Mitt mandat er å forsvare Finnmark og heile landet vårt. Dette tankesettet var logisk under kalde krigen, seier generalmajoren og fortset:

– Det vi snakkar om no er noko anna. Det har vi jobba med i mange år og vi har ei plan. Det er å forsvare heile Noreg. Inkludert frå grensa mot Russland. Finnmarksbrigaden gjer oss i betre stand til akkurat det. Også med svensk og finsk Nato-medlemskap blir det lettare å sjå samanhengane på tvers av grensene.

Sender signal over grensa

Hærsjef Lervik seier at myndigheitene og Forsvaret med opprettinga av Finnmarksbrigaden signaliserer svar på russisk opprusting langs grensa vår:

– Vi signaliserer at vi aukar den kontinuerlege landmilitære nærværet i Finnmark. Vi aukar også kampkrafta som vi har tilgjengeleg. Som vi også kan forsterke i Finnmark, om det blir behov for det.


Powered by Labrador CMS