Kreml utvidar militærbasar langs grensene til Norden og Baltikum. Forsvarssjefen seier Noreg må få fart i opprustinga i nord.
EIN DRYG MIL FRÅ NOREG: Petsjengadalen i Russland ligg like ved Noreg, og husar ein militærbase som no rustar opp. Biletet viser stolpar litt lenger nord, ved Grense Jakobselv.Foto: Krister Sørbø, Forsvarets forum
Han meiner at Russland berre vil trenge to til tre år etter at krigen i Ukraina sluttar, før dei er klare til å angripe igjen.
– Eg er ikkje så nøgd med beredskapen i Forsvaret, seier Kristoffersen.
Han fortel om tidspress og mangel på materiell og ammunisjon, trass i store investeringar.
– Dersom Russland no bygger opp i det omfanget dei har sagt dei skal gjere, og som bileta viser at dei er i ferd med, då vil den militære trusselen mot Noreg auke.
Finnmarksbrigaden, når den er ferdig oppbygd i 2033, skal etter planen innehalde mellom 3000 og 5000 soldatar.
NY BRIGADE: Finnmarksbrigaden blei etablert i ein seremoni på Porsangermoen i fjor.Foto: Krister Sørbø, Forsvarets forum
Rustar opp langs heile grensa
Tips oss!
Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane.
Analysen av satellittbilete og russiske kjelder at Vladimir Putins militære oppgradering har skote fart.
Dette langs heile grensa til Nato, sjølv om det framleis er krig i Ukraina.
Når opprustinga er ferdig kan Russland utstasjonere opp mot 115.000 bakkesoldatar langs grensa, melder NRK vidare og siterer ein tidlegare finsk etterretningsmann.