Nyheter
Noreg skal med i felles europeisk forsvarsflåte
Ti land skal samle ei felles sjømakt for å forsvare langs den nordlege grensa mot Russland, melder fleire britiske medium.
Ei ny felles sjømakt med felles militært utstyr og innsats frå ti europeiske land, skal styrke forsvaret med Storbritannia si «opne sjøgrense» med Russland.
Det seier leiaren for Storbritannias kongelege marine, General Gwyn Jenkins, i ein tale sitert av blant andre The Guardian.
Sjømaktsleiarar frå desse landa har signert ein felles intensjonsavtale om å forme samarbeidet, ifølgje Jenkins.
Denne skal «komplementere» Nato-samarbeidet, seier han.
Noreg er med. Det er også dei andre nordiske landa, melder avisa.
– Det legg grunnlaget for det som vil bli ein livsviktig og varande partnarskap i mange år framover, seier Jenkins vidare ifølgje UK Defence Journal.
Initiativet vil innebere at landa samarbeider med system og plattformer dei har til felles, styrt frå den britiske marinen sitt operasjonssenter i Northwood, fortset han.
Han gir Lunna House-avtalen med Noreg og salet av Type 26-fregattar til Noreg og Canada som bevis på at avtalen allereie har fundament.
Flåten er «designa for å kjempe med ein gong ved behov, med ekte kapabilitetar, ekte krigsplanar, og ekte integrasjon».
Målet er at alle signaturlanda skal ha formelle erklæringar klare innan årets slutt, ifølgje forsvarsmagasinet.