NYE VIDEOAR

– Ukraina angrip med KI-dronar på autopilot

Ein raud firkant låser seg rundt den russiske militære lastebilen i fart:
– Algoritmane gjer at Ukraina treff oftare, seier overingeniør Nils Håheim-Saers.

SLUTTBANESTYRING: Bildet er eit skjermdump frå ein video lagt ut av det ukrainske forsvaret. Videoen skal vise ein KI-styrt drone som blår låst til lastebilen og treff på eiga hand, trass i at den skal ha utstyr for jamming og elektronisk krigføring på seg.
Publisert

Tips oss!

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane

Ukraina angrip med ein ny type drone-våpen som treff på autopilot. Det skriv den ukrainske militær-nyheitsnettstaden Militarnyi:

– Ukrainske pilotar angrip med dronar som brukar KI til sluttbanestyring. Dette gjer at ukrainarane no greier å øydeleggje fleire russiske mål enn før, seier droneekspert Nils Håheim-Saers, som kjenner igjen teknologien som blir vist i fleire nye videoar. 

DRONE-EKSPERT: Nils Håheim-Saers har bakgrunn som løytnant frå Forsvaret og er reservist i dag. Han har publisert fleire vitskaplege artiklar om dronar og autonome system.

Rød firkant låser seg

Militarnyi refererer og lenkjer til ein video lagt ut av den ukrainske hæren. Klippa skal vise det nettavisa beskriv som ein ny og uidentifisert angrepsdrone som finn målet på eiga hand.

Ein grøn lastebil køyrer av garde på ein sliten veg. På skjermen til dronepiloten lyser det ein raud firkant som har låst seg til lastebilen og følgjer den.

Oppe i hjørnet på skjermen til piloten lyser det i røde bokstavar «AUTO».

Dronen i klippet kjem nærare og nærare lastebilen som køyrer raskt av garde, heilt til videoen sluttar.

Drone treff på autopilot

Håheim-Saers jobbar som overingeniør ved forskingsinstituttet Norce med utvikling av dronar og autonome system til sivilt og militært bruk. Droneeksperten jobba i Hæren frå 2001 til 2015 og er i dag vernepliktig dronetroppsjef.

Han dreg kjensel på teknologien frå klippet:

– Det vi ser på den videoen er ei typisk pikselgjenkjenning. Der ein klarer å halde eksempelvis ein bil i motivet lenge. Så set ein gjenkjenning av dei pikslane som den bilen er. Då har dronar ei sluttbanestyring. Eller støtte til navigasjon som følgje av det, seier Håheim-Saers.

Han har sett videoen det er lenka til i Militarnyi-artikkelen. Han stadfestar at Ukraina no brukar KI-styrte dronar på autopilot.

 Jamming verkar ikkje mot KI-dronar

Håheim-Saers seier at når dronane angrip på autopilot, blir dei ikkje stoppar av elektronisk krigføring:

– Jamming vil øydeleggje for radiokontroll av dronar og når piloten flyg manuelt. Men, det vi ser her er at dronen ser målet optisk. Den låser seg inn på målet på operatøren sin kommando. Då er du ikkje er avhengig av eit menneske som sit og flyr dronen i sluttfasen, seier overingeniøren.

FIBEROPTISK: Denne ukrainske dronen let seg ikkje påverke av elektronisk krigføring. Den er styrt via ein fiberoptisk kabel som kjem ut av ein spole medan piloten styrer den mot målet.

Styrt av algoritmar

Det ukrainske 475. angrepsregiment er blant dei aller første som har lagt ut klipp av dronar som skal vere sluttbanestyrte.

Håheim-Saers forklarar korleis Ukraina brukar autopilot-dronar:

– I denne videoen ser du det som blir populært kalla kunstig intelligens i bruk. Her har du algoritmar som kjenner igjen objekt. Og då gjev operatøren ei tilbakemelding på at dette er eit lovleg mål. Dette er eit mål du kan bruke, ønsker du å overvinne det? Og så kan du låse dette målet. 

– Treff oftare

Drone-utviklaren ved Norce seier det er to konsekvensar av KI-styrte dronar:

– Det aukar presisjonen og sannsynet for treff. Det gjer at dronen klarer å ta avgjerder om korleis den skal styre inn på målet for å treffe i sluttfasen. Noko som då reduserer sannsynet for at eit menneske som skal følgje med manuell kontroll, kan gjere feil, seier Håheim-Saers.

Han legg til at autotracking-systema som blir brukt av Ukraina, er lett tilgjengelege:

– Dette er teknologi som er tilgjengeleg for oss alle i butikkhylla. Du finn same funksjonalitet i alle typar dronar som norske privatpersonar kan kjøpe. Også det med å spore bevegelse hos eit objekt, og då kunne eventuelt følgje det objektet. 

ØVING: Bildet viser ei drone brukt under øvinga Cold Response.

– Psykologisk krigføring

Håheim-Saers seier at videoar med robotstyrte angrepsdronar har ein annan viktig effekt:

– Det har større konsekvensar i den psykologiske krigføringa mot russarane. Ukrainarane viser at vi har effektive våpen som klarer å treffe logistikkolonnene til russarane. De kan prøve å gøyme dykk, men vi har teknologi som treff uansett. Dette er ein del av propagandakrigen, seier droneforskaren. 

Aukar presset med KI-dronar

Det 475. angrepsregiment, som har publisert videoar som skal vise angripande KI-dronar, opererer sør i Ukraina.

Etter det Forsvarets forum kjenner til bruker regimentet såkalla «Darts» angrepsdronar som sirklar og kan angripe på autopilot.

Ukraina har auka angrep med mellomdistanse-dronar på russisk logistikk, skriv blant andre Kyiv Post. Eit av måla er å kutte forsyningane til den okkuperte Krym-halvøya.

Powered by Labrador CMS