Nyheter

Hentar fram namn frå andre verdskrig

Det britiske sjøforsvarets Kommandologistikkregiment (CLR) skiftar namn til 48. kommandostøttegruppe, slik det heitte før i tida. 

Store kjøretøyer står i grunt vann ved kysten med fjell i bakgrunnen og speilinger i vannet.
GAMMALT OG NYTT: – Namneendringa merkar kombinasjonen mellom to tradisjonar, seier kommanderande offiser Jolyon Simpson i det britiske sjøforsvaret.
Publisert

Det har hatt namnet gjennom 54 år med operasjonar, blant dei Falklandskonflikten og to krigar i Irak.

No blir Kommandologistikkregimentet (CLR) døypt om for å minnast heltane frå andre verdskrig, samtidig som at det bevarer sine andre moderne element.

Det skriv det britiske sjøforsvaret på sine nettsider, og legg til at Kong Charles har godkjent namneskiftet.

Kommandostøttegruppe 48 føyer seg med dette til dei andre britiske kommandostyrkane, som alle har ei eiga spesialisert rolle.

Den har base i Chivenor, Nord-Devon, og skal halde fram med same type oppdrag som tidlegare.

Tips oss!

Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane


Powered by Labrador CMS