Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene.
ARENDAL (Forsvarets forum): – Det vil styrke både forsvaret av Noreg og forsvaret av Ukraina om meir av støtta til Ukraina går til å lage norske våpen som blir sendt til Ukraina, seier Hanna Hopko til Forsvarets forum.
Annonse
Ho var tidlegare leiar av utanrikskomiteen i det ukrainske parlamentet og deltok i fleire debattar under Arendalsuka.
Hopko er styreleiar av organisasjonen National Interests Advocacy Network (ANTS). Ho seier det finst fleire våpen som blir laga i Noreg som Ukraina treng.
– Noreg lagar gode dronar, drone-programvare, elektronikk, missil og artillerigranatar blant anna. Alt dette er i verdsklasse og noko vi treng i Ukraina, seier den tidlegare politikaren.
Ho peikar på fleire grunnar til å lage meir våpen til Ukraina i Noreg.
– Det er bra å lage våpen i Norge fordi fabrikkane er trygge frå bombing, det finst arbeidskraft og nok energi. Å styrke norsk industri er også noko som er eit god argument ovanfor skattebetalarane.
ETTERTRAKTA: Nasams-våpensystemet under øving på Andøya. Det Kongsberg-produserte luftvernet blir brukt i Ukraina til å skyte ned kryssarmissil blant anna.Krister Sørbø, Forsvarets forum
Fakta
Militær støtte til Ukraina
Norge gir i år til saman 85 milliardar kroner i støtte til Ukraina.
15 milliardar er til sivil bistand
Den militære støtta har gått frå 7,5 milliardar kroner i 2024, 72,5 milliardar i 2025 til 70 milliardar i 2026.
Det er politisk bestemt at maks 20 milliardar skal brukast i Noreg.
Mesteparten av pengane som kan brukast i Noreg har gått til blant anna opptrening og kursing av ukrainske soldatar og ikkje våpenkjøp.
I fjor gjekk seks prosent av den militære Ukraina-støtta til å kjøpe norske våpen.
Noreg skal gi til saman 274,5 milliardar frå 2023 til 2030.
Støtta til Ukraina heiter Nansen-programmet.
Hopko seier vidare at både Noreg, Ukraina og våre allierte land har mykje å tene på eit større og djupare samarbeid når det kjem til våpenproduksjon og militært samarbeid.
Seks prosent
I fjor gav Noreg 72,5 milliardar kroner i våpenstøtte til Ukraina. Tal frå Forsvarsdepartementet viser at 4,5 milliardar av desse gjekk til kjøpe våpen og utstyr produsert i Noreg.
Det tilsvarer seks prosent av den militære hjelpa.
– Dei fleste andre land som bidreg til Ukraina brukar bidraga bevisst for også å styrke eigen nasjonal forsvarsindustri. Vi skil oss betydeleg frå andre land i tenkinga, seier Torleiv Opland.
Han er administrerande direktør i Forsvars- og sikkerheitsindustriens foreining (FSI).
Kallar politikken feilslått
Han seier Ukraina kunne ha fått raskare og meir våpenhjelp, om meir av støtta blei brukt på å lage våpen i Noreg.
– Det er tapte moglegheiter fordi vi ikkje greier å hjelpe Ukraina slik som vi burde har gjort. Vi utviklar ikkje norsk nasjonal beredskap slik som vi må og som Stortinget har sagt at vi skal, seier Opland.
– Her har det gått store summar til ein konkurrent til Nammo, eit av våre viktigaste forsvarsselskap, seier Opland.
ETTERLYSER: Torleiv Opland er direktør i Forsvars- og sikkerhetsindustriens foreining. Han har blant anna bakgrunn frå 20 år i UD.Foto: FSI
I år og i fjor er det vedteke at skal bruke maks 20 milliardar kroner av støtta i Noreg. Desse pengane har gått i hovudsak til blant anna kursing og trening av ukrainske soldatar her til lands.
– Denne avgrensinga i Nansen-midla er ein uklok politikk og feilslått politikk. Forsvarsindustri og nasjonalt forsvar er to sider av same sak, seier Opland.
Meir hjelp
Det norske våpenkonsernet Kongsberg produserer mellom anna luftvernet Nasams, som Ukraina brukar til å skyte ned russiske kryssarmissil.
NORSK KURSING: Ukrainske soldatar får utdanning og trening i Noreg i bruken av National Advanced Surface-to-Air Missile System (Nasams) som blir donert til Ukraina.Foto: Martin Mellquis, Forsvaret
– På kort sikt avgrensar dei norske restriksjonane Ukraina sin evne til å få tak idet dei treng. Fordi Noreg produserer noko av det som dei treng mest. Mellom anna luftvern og ammunisjon, seier Anne Marie Aanerud, som sit i leiinga i Kongsberg Gruppen:
– På lengre sikt hemmar det ei oppbygging av norsk forsvarsindustri som er nødvendig for å auke eigenevna og beredskapen i Noreg og gjennomføre Forsvarsløftet, seier Aanerud.
Ho har tittelen executive vice president, government relations and communication i Kongsberg.
MOBILT: HML (High Moblity Launcher), ein del av Nasams.Foto: Ole Andreas Vekve, Forsvaret
Ho meiner Ukraina kunne hatt meir luftvern med anna bruk av innretning av støtta til Ukraina.
Fryktar høgare rente
Forsvarsminister Tore O. Sandvik seier regjeringa satsar på eigen forsvarsindustri.
– Vi bruker veldig mykje på å bygge opp den norske forsvarsindustrien. Det finst omtrent ingen andre industriar, uansett sektor i Noreg, som har fått meir direkte støtte enn forsvarsindustrien. Dei siste åra har det vore fem milliardar kroner, seier han og fortset.
– Det er ei enorm subsidiering av norsk forsvarsindustri. I tillegg har vi nær tredobla forsvarsbudsjettet, så vi kjøper òg meir frå norsk forsvarsindustri.
LUFTVERN: Bildet viser forsvarsminister Tore O. Sandvik under markeringa av at Finnmarksbrigaden får tre nye avdelingar i august.Foto: Heine Sandvik Brekke, Forsvarets forum
Forsvarsminister Sandvik seier at ein av grunnane til at det er sett eit tak på kor mykje av Ukraina-støtta som blir brukt i Noreg, er frykt for inflasjon.
– Skulle vi ha teke dei 50 milliardane som kom i tillegg på statsbudsjettet til Ukraina, og ført dei inn i norsk økonomi, ville vi ha oppnådd to heilt sikre ting. Det eine er prisdriv, som igjen driv opp renta. Det gjer alt anna dyrare. Det gjer kvardagen din og min dyrare. Det gjer forsvarsmateriell dyrare.
Viser til våpen-gjenkjøp
Forsvarsdepartementet opplyser at 89 norske bedrifter var del av Nansen-programmet i fjor. Og at norske bedrifter kan konkurrere når det er noko Ukraina har behov for.
– Vi må nesten forhalde oss til ukrainske styresmakter. Grunnen til at vi støttar Ukraina, er ikkje å styrke norsk forsvarsindustri. Det er for å sikre at Ukraina held fram med å vere sjølvstendig og fritt, seier Sandvik.
Forsvarsministeren viser også til at når Noreg skal kjøpe fregattar frå Storbritannia og ubåtar frå Tyskland, har landa avtalt å kjøpe norske våpen og varer via gjenkjøpsavtalar.
Storbritannia har sagt at dei skal kjøpe for 136 milliardar kroner frå norsk industri, like mykje som fregattane kostar. Tyskland har forplikta seg til å kjøpe for mellom 20 og 30 milliardar kroner, tilsvarande det Noreg betalar for dei tyske ubåtane.