Materiell

Svermageddon

Heile verda konkurrerer om å vere først ut med dei beste dronane. Desse leiar løpet i dag, ifølge to ekspertar.

Publisert

Dei er den store snakkisen på Nato-toppmøte, skyttargravar langs austfronten, og vanlege folk sine kjøkkenbord.

Kven vinn dronekappløpet i Ukraina? Har Iran dronar som kan sverme som maneter? Kor sjølvstyrte kan våpen bli før styresmakter set ned foten?

Ein ting er sikkert: vi står i eit paradigmeskifte der bruken av militær makt er i ferd med å endre seg heilt.

Det meiner Nils Håheim-Saers, overingeniør ved dronegruppa i forskingsinstituttet NORCE.

Han, og ein annan droneekspert, har fått i oppgåve å liste opp dei fem landa dei meiner leiar kappløpet i dag.

Vi startar med det dei er einige om.

– Eit hittil ukjent nivå av nytenking

– Landet som har kome lengst i utviklinga av droneteknologi, og som brukar dei mest effektivt, er definitivt Ukraina.

Det seier Federico Borsari, som forskar på droneteknologi og autonome system hos Senter for europeisk policy-analyse (CEPA), til Forsvarets forum.

– Dei har vist eit stort og hittil ukjent nivå av nytenking, ikkje berre i utvikling av teknologien, men også å meistre den, integrere den, og finne måtar å utnytte den på.

I løpet av fjoråret produserte Ukraina tre til fem millionar FPV-dronar, og håper i år på å utvide kapasiteten endå meir, skriv det ukrainske forsvarsdepartementet på sine nettsider.

– Det har blitt offisielt annonsert av ukrainske styresmakter at landet planlegg å produsere 20 millionar dronar i år, som er eit forbløffande tal, seier Borsari.

Det har skjedd ei fundamental endring i bruken av militær makt, seier Håheim-Saers, som har blitt synleg på slagmarka i Ukraina.

– Dronar som slost mot dronar. Det er fascinerande å sjå, seier han.

– Ukraina lærte leksa si då dei blei invaderte av Russland i 2014, altså i Krym og Donbas, seier han.

– Då la dei grunnlaget for ein droneindustri som resten av verda ikkje gjorde.

Ukraina sin droneproduksjon er svært desentralisert. Sivile ukrainarar bidreg til produksjonen av smådronar frå heimane sine, melder blant andre amerikanske Forbes.

Det finst også mange underjordiske dronefabrikkar i Kyiv-regionen.

– Alle som lagar dronesystem som kan verke til å oppdage eller nedkjempe mål, enten det er i sjøen, lufta eller på land, eller for å drive med logistikk, får selt dronesystema sine til det ukrainske forsvaret, seier Håheim-Saers.

Henta seg inn på kapasitet

Etter dette punktet skil listene til ekspertane seg. Men begge har rangert den russiske dronemakta høgt.

– Når ein ser på teknologien i seg sjølv, ligg Russland sannsynlegvis litt bak dei andre landa på mi liste, seier Borsari.

– Det første halvtanna året sleit det veldig med å levere dronane dei trengde til frontlinja, fordi industrien ikkje hadde emna til det.

Sidan har landet tilpassa seg enormt, og har teke igjen Ukraina på produksjonskapasitet, fortset han.

Russarane har eit forsprang med at landet sjølv er kjempestort, seier Håheim-Saers. Dette gjer det lettare å lage dronar i stor skala.

– Russland har omstilt økonomien sin til ein krigsøkonomi, seier han.

– Det inneber at dei er i stand til å produsere uhorveleg mykje meir krigsmateriell enn før for ein heilt annan penge, og dei har skrudd saman verdikjedene sine over lang tid, slik at dei lukkast med det.

Ein må rekne med at Russland vil kome med kopiar av alt som Ukraina har å stille med på slagmarka, i løpet av månader eller veker, seier han.

Det betyr ikkje, ifølge Håheim-Saers, at dei klarer å bruke teknologien til å organisere styrkane sine annleis, slik Ukraina gjer.

Eit verktøy i maktspelet

Håheim-Saers plasserer Iran nest øvst på si liste.

– Iran brukar dronane i måten dei utøver makt, der dei har interesser. Det såg vi veldig tydeleg gjennom at Houthiane brukte dei fjor, seier han.

I perioden i fjor då skip frå heile verda blei plaga av droneangrep frå Houthiane på Raudehavet, sende USA ut styrkar for å beskytte dei.

– Då møtte dei Houthiane, som var utrusta med luftvernmissil som var utvikla av Iran, og ikkje var designa slik vi i vesten designar luftvernmissil, fortel den norske eksperten.

I staden møtte dei det ein kallar for rekande ammunisjon, altså dronar rusta med 358-missil utvikla av Iran.

– Dei klarte å jage amerikanarane ut av ørkenen med dette, for jagarflya var ikkje designa for å møte slike truslar.

Han viser i tillegg til rapporten til ein av dei amerikanske pilotane som blei skotne ned over Iran i april. 

I eit intervju med CNN skildrar piloten eit «sjokkerande syn» før han skaut seg ut frå F-15 flyet: fleire iranske dronar som sveva i lufta, i ein koordinert formasjon som likna maneter.

– Dette er skumle greier. Det fortel oss at du skal ikkje kimse av Iran på teknologiutviklingssida, seier Håheim-Saers.

Borsari er ikkje heilt einig.

– Eg vil ikkje avvise ein vitnesbyrd frå nokon i militæret som garantert har meir operasjonell erfaring enn eg, seier han.

– Men eg er typisk veldig, veldig skeptisk når det kjem nyheiter om typar teknologi vi ikkje har høyrt om før, som dukkar opp på slagmarka utan noko forvarsel.

Medan Iran har vore ein pioner innan rekande ammunisjon, som Håheim-Saers viser til, er ikkje dette sofistikert nok til å kunne konkurrere med motstandarane, meiner han.

– Til sjuande og sist var ikkje nokre av desse systema i stand til å hindre amerikanske og israelske styrkar i å ta seg inn i luftrommet deira, og å angripe og øydelegge det dei ville.

– Teknologisk førsteplass

Israel er det landet i verda som var først ut med ei operasjonell drone, fortel Borsari.

– Heilt på første plass innan sofistikert teknologi er utan tvil USA og Israel, som har vore pionerar i fleire tiår, seier han.

Dette gjeld særleg store, tunge system til bruk i overvaking og etterretningsoppdrag, seier han.

– På 2000-talet under kampen mot terror blei dei brukte i stor grad av USA, og dei er framleis brukte i dag. Særleg MQ9-Reaper, seier han, og viser til den tunge rekognoseringsdronen.

– Men vi veit at desse systema no er i nedgangsfasen av den militære karrieren si, fordi både regjeringa og militæret utforskar andre typar som er meir kostnadseffektive.

Borsari har sett landa på ein delt andreplass, idet store bildet. Ei anna årsak til dette, er talet på dronar dei har mista i krigen mot Iran.

Berre ein MQ-9 kostar USA omtrent 30 millionar dollar.

– Vi snakkar om fleire titals dronar som er tapt, skotne ned av Iran. Det betyr at tapsraten i konflikt er ganske høg for desse plattformene, seier han.

– Det må skje ei ny vurdering om kva type drone ein treng til å oppnå i denne typen oppdrag, med djupn-rekognosering og angrep frå avstand.

Treige og billige

Tyrkia har blitt eit viktig nøkkelland i droneverda, fortel Borsari.

– Den viktigaste faktoren i Tyrkia sitt drone-økosystem, er kor varierte modellar det kan produsere. Bayraktar TB2, for eksempel, er veldig populær, seier han.

Også desse dronane ser ein i land på tvers av Midtausten og Afrika, men også europeiske land som Romania og Polen, fortel han.

– TB2 er eit relativt billig system, den kostar om lag 5 millionar dollar per stykk, og er eit system som også er testa på slagmarka, seier han.

Håheim-Saers løftar også fram dei tyrkiske dronane, og seier dei først blei kjende gjennom kampane mellom Aserbajdsjan og Armenia.

Deretter blei dei viktige i Ukraina, fortel han.

– Deretter hadde dei ei sentral rolle i å stoppe den russiske angrepskolonnen ned mot Kyiv i 2022, seier han.

– Dei brukast framleis idet ukrainske forsvaret, men dei er veldig sårbare for luftvern.

Dette er fordi dei er store, og attpåtil flyg sakte, konkluderer Håheim-Saers.

– Tek verkeleg innpå

– Når vi er inne på teknologien, tek Kina verkeleg innpå i stor fart, seier Borsari.

– Eg kan nemne Wing Loong-familien, som er ein drone som har blitt brukt og eksportert i ganske stor grad.

Kinesarane har selt desse store systema, som minner veldig om amerikanske MQ9, til mange land i Afrika og Midtausten.

– Kina har teke mykje inspirasjon frå amerikanske system, og laga eigne som er veldig like, seier Borsari.

– Men no utforskar dei også meir sofistikerte typar, og tek i bruk produksjonskapasiteten sin.

Denne er endå større enn dei USA og Israel har til rådigheit, legg italienaren til.

– Kina har vist ei sjokkerande evne til å produsere dronar, skip, og ubåtar, for eksempel.

Håheim-Saers, på si side, har ikkje Kina på si liste idet heile.

– Pressa peikar ikkje på at dei får eksportert dei militære systema, eller at dei lukkast med å vise dei fram, seier han.

Dei blir likevel selt i stor skala på forbrukarmarknaden, legg han til.

– Dei brukar desse for å beskytte sin dominans og tilgang til etterretningsinformasjon rundt om i verda, seier han.

– Det at dei sørger for at andre land bruker kinesiske dronar, på ein måte som gjer at dei landa hentar inn informasjon om deg gjennom dei kinesiskproduserte dronane, er ein openberr taktikk som fungerer for Kina.

Slik er resultatet

Omsider er altså leiartabellen klar.

Når ein reknar med faktorane Håheim Saers og Borsari reknar som viktigast idet store bildet, blant dei teknologi, militær doktrine og produksjonskapasitet, blir leiartavlene sjåande slik ut:

federico borsari

  1. Ukraina

  2. Russland

  3. USA/Israel

  4. Kina

  5. Tyrkia

nils Håheim-Saers

  1. Ukraina

  2. Iran

  3. Russland

  4. Tyrkia

  5. Israel



Powered by Labrador CMS