Angrepa mot netthandelgigant kan føre til at det gjeldstyngde selskapet går konkurs og skape pengetrøbbel i Russland, seier Erlend Bjørtvedt, ekspert på russisk økonomi.
KRAKK: Erlend Bjørtvedt seier Ukraina lenge har jobba for å påføre Russland eit økonomisk krakk og finanskrise i lang tid.Foto: Privat
Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene.
Dei siste vekene har det velta skyar av svart røyk frå 16 store lager til Wildberries. Netthandelsselskapet blir ofte kalla Russland sitt svar på Amazon.
Annonse
Erlend Bjørtvedt er dagleg leiar av analyseselskapet Corisk og er spesialist på russisk økonomi:
– Eg tenker at bombinga kan føre til at Wildberries rett og slett går konkurs, seier analytikaren til Forsvarets forum.
Mogleg finanskrise i Russland?
Fell Wildberries kan det føre til ei dominoeffekt i russisk økonomi. Bjørtvedt fortel at selskapet har lån for rundt 10 milliardar dollar i den russiske storbanken VTB.
Og at banken kan få store problem - ved ein konkurs:
– Det russiske banksystemet er veldig skjørt, seier analytikaren og legg til:
– Det er seks bankar i Russland som er såkalla systemiske. Det betyr at dei står for langt over 50 prosent av all kapital. Og viss dei ramlar, så riv dei andre bankar og selskap med seg. VTB er ein av desse seks systemiske bankane.
BOMBING: Ukraina har systematisk bomba ei rekke Wildberries-lager langt inne i Russland. Bildet er frå 24. juli.Foto: AP/NTB
Når kunden eig banken
Bjørtvedt og Corisk har samarbeidd og laga rapportar om russisk økonomi med blant andre NUPI, Den norske Helsingforskomite og Handelshøgskulen i Stockholm (SITE). Han peikar på dei enorme låna til Wildberries:
– Det er eit gammalt uttrykk som heiter: Viss du skyldar banken 100.000 kroner, så eig banken deg. Skyldar du banken 100 millionar kroner, så eig du banken. Går dei som skyldar mykje over ende, går også banken over ende, seier Bjørtvedt som er utdanna økonomisk historikar og var leiar for landrisiko i Telenor.
Han seier at ein svekka russisk økonomi og eventuelt bankkrise vil reamme krigføringa til Putin-regimet.
TREFF: Denne brannen frå eit Wildberries-lager skjedde etter eit treff av langtrekkande ukrainske dronar i St. Petersburg 24. juliFoto: AP/NTB
Bjørtvedt seier at Ukraina angrip Wildberries-lagra fordi selskapet blant anna fraktar og sel vidare dronar og anna materiell frå Kina, som blir brukt til å angripe Ukraina.
Banktrøbbel kan bli ein konsekvens av Wildberries-lager i flammar:
– Det har vore eit ukrainsk mål veldig lenge, å ramme banksystemet. Dette har dei håpa på heile vegen. Det er mange måtar å få det til å skje på. Blant anna at folk mistar tilliten til banksystemet og at svært mange vil ta ut pengane sine samtidig.
Professor: – Ukraina håper på dominoeffekt
Forsvarsanalytikar og professor Michael Clarke seier til Sky News at angrepa har kosta rundt 30 milliardar kroner i tapte varer. Også han peikar på den store gjelda til Wildberries:
Smoke billows into the sky following Ukrainian drone strikes on warehouses of Russia's online retailer Wildberries, in St. Petersburg, Russia, Friday, July 24, 2026, backdropped by the St. Isaac's Cathedral. (UGC via AP)AP / NTB
– Tenkinga i Kyv verkar å vere at om dei greier å ta ned Wildberries, greier dei kanskje å ta ned VTB og starte ei dominoeffekt og krise i banksektoren, seier Clarke som har bakgrunn frå King`s college og Center for Defense Studies.
Mykhajlo Podoljak er rådgivar for president Volodymyr Zelenskyj. I eit intervju med Deutcshe Welle (DW) peikar han på at Wildberries er tett integrerte med dei største russiske bankane og høg gjeld:
– Dersom verksemda blir øydelagt, vil det føre til store tap for næringslivet. Som igjen vil føre til at staten mistar svært store skatteinntekter.
Den ukrainske rådgivaren peikar også på at mange private selskap som er avhengige av Wildberries kan gå dukken.