nyheter

Dette er Ukrainas første ballistiske missil

Det har ei rekkevidde opp mot 250 km og blei nyleg brukt mot Russland, ifølge president Zelenskyj.

FØRSTE: Bildet viser eit FP-7 ballistisk missil under test tidlegare i år. Missilet skal ha blitt brukt mot russiske mål for første gong nyleg. Bildet er henta frå ein video lagt ut av produsenten Fire Point.
Publisert

Tips oss!

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene. 

– Ukrainsk taktisk-ballistiske missil FP-7 første bruk i kamp. Takk for resultatet. Neste steg: Produksjon. Ære til Ukraina!

Det skreiv president Volodymyr Zelenskyj på X torsdag kveld, og la ved ein video som skal vise oppskytinga.

Ukraina har jobba over tid med å lage eigne ballistiske missil.  No er målet vere nådd, ifølge ukrainske myndigheter.

Ifølge produsenten, det ukrainske selskapet Fire Point, skal FP-7 bere eit stridshovud på 200 kg. Rekkevidda blir opplyst å vere på opptil 250 km. Hastigheita skal vere på 4,4 mach, tilsvarande 5400 kmt. Produsenten skriv at den har ein presisjon på 14 meter og den har ei maks flygetid på fem minutt. 

MODELLAR: Bildet viser utstillingsmodellar av FP-9 til venstre og FP-7 missil under ei messe i Polen tidlegare i år.

Fire Point opplyser at dei også jobbar med ein annan variant, den heiter FP-7X, og er eit bakke til luft-missil. Denne avskjæringsvarianten blir laga for å skyte ned andre ballistiske missil og er ein del av det felleseuropeiske Freyja-programmet. Fire Point jobbar også med eit nytt ballistisk missil, FP-9 som er større og skal ha ei rekkevidde på opp mot 850 km

Powered by Labrador CMS