Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene.
I sommar har Russland avfyrt eit nytt våpen mot Ukraina. Det blei sett for første gong i 2025 og blir brukt i aukande grad.
Annonse
– Ein del av ideen er å lage eit billig kryssarmissil som gjer at Ukraina må bruke high-end luftvern mot, seier Lars Peder Haga, førsteamanuensis ved Luftkrigsskolen.
Ukrainsk etterretning melder at kryssermissilet Banderol (S8000) har mange delar frå Kina, men også fleire vestlege land. Blant anna skal jetmotoren koste rundt 160.000 kroner og vere av same type som blir brukt til avanserte modellfly. Motoren kan kjøpast gjennom AliExpress.
Kan bli stort problem
Missilet skal ha ei rekkevidde på 500 kilometer, ei fart på 500 km/t og eit stridshovud på opp mot 150 kg. Eit tradisjonelt russisk kryssarmissil kostar om lag 7,5 millionar kroner. Banderol skal koste mellom 500.000 kr til 1,4 millionar kroner, avhengig av varianten, skriv Euronews.
FORSKAR: Lars Peder Haga forskar på russisk luftmakt og militærmakt ved Luftkrigsskolen.Foto: Forsvaret
– Banderol-missilet kan bli eit stort problem. Om russarane greier å produsere store mengder og skyt mange av dei, vil det kunne føre til at Ukraina må bruke av Nasams og IRST-luftvernet sitt. Det kan opne opp for at Russland kan treffe meir og fleire sårbare mål, seier Haga til Forsvarets forum.
Avfyrast frå stor drone
Banderol er laga av russiske Kronshtadt group. Det same selskap lagar Orion-dronen som er Russland sitt svar på dei amerikanske Predator og Reaper-dronane. Banderol er designa for å kunne bli avfyrt frå bakken, helikopter og frå Orion-dronen.
UAV: Banderol blir avfyrt blant anna frå denne russiske UAVen Kronshtadt Orion.Foto: Wikimedia Commons
Missilet kostar omtrent det same som ei Shahed-drone, men er for rask til at det går an å skyte det ned med maskingevær og anna lett luftvern.
Kan bli brukt mot kraftforsyning
– Banderol er truleg meint å kunne angripe mål der stridshovudet er tilstrekkeleg, og som også er ganske godt forsvart. Kryssarmissilet skal vere utvikla for å ha betre evne til å manøvrere seg forbi luftvernsystem enn det eksempelvis Shahed-dronen har, seier Haga.
Forskaren trur at Russland blant anna vil ramme ukrainsk straumforsyning med Banderol.
– Det er kanskje eit våpensystem som er meint å fylle eit slags gap mellom einvegs angrepsdronar og dei tyngre, meir langtrekkande kryssarmissil. Det vil heilt sikkert bli brukt mot industrimål, delar av kraftforsyninga og truleg også mot luftvernsystem, seier Haga.
Banderol er eit gamalt russisk namn for pakke eller noko lite innpakka.