Då ein SAR Queen skulle lande på Hallingdal helikopterplass i vår, gjorde vinden frå rotorblada at gavl og fleire veggplater losna. No er rekninga klar.
BLÅST AV: Gavlen som blei blåst av i Hallingdal var tetta med både vindsperre og OSB-plater, men losna likevel, skriv Forsvaret i skaderapporten.Foto: 330 skvadron, Luftforsvaret
Det var under ei vanleg helikopterlanding at delar av ein hangar i Hallingdalen blei spreidde for vinden og hamna i terrenget, seier Luftforsvaret.
Annonse
Ingen blei skadde under hendinga, heiter det i skaderapporten til Forsvaret, som Forsvarets forum har fått innsyn i.
– Dette var ein ordinær tankestopp. Same helikoptertype har landa der fleire gongar tidlegare, seier kommunikasjonssjef i Luftforsvaret, Eivind Byre, til Forsvarets forum.
FORTSETTE DRIFT: Området på Torpomoen brukast til landing og fylling av drivstoff, og var i drift gjennom heile reparasjonsperioden.Foto: 330 skvadron, Luftforsvaret
– SAR Queen har ein kraftig såkalla downwash. Det vil seie at den flyttar mykje luft. Det handlar blant anna om vekt og rotorstorleik, som gjer at den kan løfte tungt og operere stabilt i dårleg vêr.
Forsvaret har fått eit erstatningskrav frå selskapa som eig og driftar hangaren, på 278.922 kroner.
– Etter det eg kjenner til, er det førebels ikkje avklart kven som dekker kostnadene, seier Byre.
– Forholdet er rapportert internt og vi følger opp saka.
– Vanskeleg å peike på ei årsak
Hendinga skjedde 1. april i år på Hallingdal helikopterplass.
Helikopteret var av typen AW101 (SAR Queen), som tilhøyrer 330 skvadron, Luftforsvaret si operative eining for søk og redning.
Hangaren og landingsplassen tilhøyrer Torpomoen Eiendom.
– Det er vanskeleg å peike på ei årsak, seier dagleg leiar Adnan Hejna i Torpomoen Utvikling AS, det tilknytte driftsselskapet.
FORSTERKA: Gavlen blei midlertidig forsterka like etter hendinga i april, seier driftsselskapet.Foto: 330 skvadron, Luftforsvaret.
– Det som er sikkert, er at det er snakk om vesentlege krefter når eit helikopter av denne storleiken er i aksjon.
Samspelet mellom rotortrykk, vind og konstruksjon kan gi utslag ein ikkje kan føresjå, fortel han vidare.
– Når det gjeld tiltak, er hangaren både utbetra og forsterka, og vi har hatt ein god og løpande dialog med dei operative miljøa om bruken av anlegget framover.
Tips oss!
Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane.