Nyheter

Tyskland skaut opp ballistisk missil i Nord-Atlanteren

Nato deler at Tyskland i hemmelegheit har testa eit israelsk ballistisk missil frå eit krigsskip.

HEMMELEG: Fram til no har det vore hemmeleg at Tyskland testa og avfyrt eit ballistisk missil frå eit av sine krigsskip i Nord-Atlanteren. Bildet er ein skjermdump frå ein video NATO Joint Force Command Brunssum la ut på X.
Publisert

Tips oss!

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene

Det ballistiske missilet skal ha ei rekkevidde på over 500 km, melder NATO Joint Force Command Brunssum på X. LORA-missilet er produsert i Israel av selskapet IAI og kan bere eit stridshovud på 600 kg.

– Med den suksessfulle avfyringa av eit ballistisk missil i Nord-Atlanteren, har vi skrive marine-historie. Eg er veldig nøgd med det vi har oppnådd. Rekkevidda til systemet overgår alt vi har sett så langt, seier sjef for den tyske marinen, viseadmiral Jan Christian Kaack i ei pressemelding.

Fulgte planlagt kurs

LORA-missilet blei skoten opp frå ein tysk fregatt. Eksakt dato for avfyringa er ikkje kjent, men videoen blei lagt ut på X av Nato 2. september. Den israelske produsenten IAI skriv i ei pressemelding at begge kryssarmissila som blei avfyrt, følgde planlagd kurs og trefte måla sine.

LORA kan bli avfyrt frå skip, bakken, fly og når ei fart på opp mot fem gongar lyden si hastigheit. Missilet er laga for å kunne forandre kurs for å unngå både å bli spora og skoten ned.

FRÅ DEKK: Skjermdumpet frå NATO.videoen viser LORA-missilet i det det blir avfyrt frå dekk på den tyske fregatten.

Første gong sidan andre verdskrig

Ein tysk analytikar seier til den tyske kringkastaren Deutsche Welle at LORA-missilet er kjøpt inn for å avskrekke Russland. Videoen blei lagt ut dagen etter at det blei kjent at Tyskland meiner Russland stod bak forsøket på å sprenge eit ukrainsk fly i Leipzig.

Frå før har Tyskland rundt 600 langtrekkande Taurus-missil. Dette er eit kryssarmissil som blir avfyrt frå fly.

Ballistiske missil som LORA er kjent for å vere vanskelegare å skyte ned blant anna fordi dei er mykje raskare enn kryssarmissil. Frå før er det kjent at Tyskland skal kjøpe inn langtrekkande Tomahawk-kryssarmissil frå USA. Tyskland har ikkje hatt eigne ballistiske missil sidan andre verdskrig.

Powered by Labrador CMS