nytt om namn
Stian Jenssen får ny jobb
Jens Stoltenberg sin tidlegare rådgjevar i Nato blir sjef for Nscale i Skandinavia, skriv han på Linkedin. Rolla er sentral i Aker ASA si satsing på datasenter.
Stian Jenssen blir den nye sjefen for Skandinavia i Nscale, delar han sjølv i eit innlegg på Linkedin.
– Ei ny og spennande rolle i familien av Aker ASA-bedrifter, skriv han.
– Eg gler meg til å jobbe med eit team i verdsklasse på Nscale, her i Noreg og utanfor.
Dagens Næringsliv skreiv om saka først.
I den nye stillinga får Jenssen ansvar for fleire titals milliardar kroner som Aker har øyremerkt for datasenter.
Jobben vil innebere mykje tid «på bakken», aller først i Narvik, skriv Jenssen.
Der skal dei etablere eitt av Europa sine mest ambisiøse datasenterprosjekt, Stargate Norway.
Satsinga er eit samarbeid mellom Aker, Nscale og OpenAI.