Nytt om namn
Tidlegare forsvarssjef heidra på heimebane
Harald Sunde har fått utdelt heimkommunen sin gjævaste heiderspris, Ringsakerprisen.
På ein festkveld i Prøysenhuset blei tidlegare forsvarssjef Harald Sunde utdelt Ringsakerprisen.
72-åringen var Noregs forsvarssjef frå 2009 til 2013.
– Eg er veldig stolt, sa Sunde til Hamar Arbeiderblad på prisutdelinga.
– Det er jo ein av dei største prisane å få frå den kommunen du kjem ifrå, så det set eg umåteleg stor pris på.
Prisen blei overrekt av ordføraren i Ringsaker, Kai Ove Berg.
– Saman med andre eldsjeler i Ringsaker historielag har han gjort ein formidabel innsats i å formidle krigshistorie og demokratiforståing, sa Berg om avgjerda.
Harald Sunde er medverkar i Hamar Arbeiderblad sin nye dokumentarfilm, «Hamars farlegaste mann», som har premiere 8. mai.
Ringsakerprisen blei delt ut tysdag kveld.