Nyheter

FORVENTNINGAR: Forsvaret har klare forventningar til korleis soldatar som tenestegjer skal oppføre seg. Og personar som ikkje følgjer desse reglane, har ingenting i Forsvaret å gjere, forklarar bataljonssjef Nina Sofie Berg.

– Dette vart eit slag i trynet for heile avdelinga

BARDUFOSS (Forsvarets forum): Over natta vart Stridstrenbataljonen Noregs mest kjende militæravdeling. Varslingssaken som kom fram i media i vinter har prega tenestetida dei siste månadane, seier bataljonssjef Nina Sofie Berg.

Publisert

Denne artikkelen er over ett år gammel og kan inneholde utdatert informasjon.

I midten av februar stod 22 år gamle Silje Falmår fram i NRK og fortalde om mobbing, seksuell trakassering og overgrep under førstegangstenesta i Forsvaret. Saka slo ned som ei bombe i den norske offentligheita.

Tips oss:

Har du tips eller innspill til denne eller andre saker? Send oss en e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med en av journalistene.

Medan forsvarsleiinga måtte svare for det mange meinte var ein ukultur i Forsvaret, kalla forsvarsministeren inn til krisemøte. På direktesendt TV beklaga forsvarssjef Eirik Kristoffersen direkte til Falmår for kva ho opplevde som vernepliktig. Falmår hadde tenestegjort i Stridstrenbataljonen i Indre Troms fram til april 2022 som ein av rundt 300 vernepliktige.

Skal ha respekt for varslarar

Over natta vart Stridstrenbataljonen Noregs mest diskuterte militæravdeling. Stortingsrepresentantar sa dei ikkje ville sende sine eigne døtre i militæret. Statsminister Jonas Gahr Støre meinte Forsvaret måtte rydde opp.

I media var det bataljonssjef Nina-Sofie Berg som måtte svare for kva Forsvaret hadde gjort og ikkje gjort, i den konkrete varslingssaken. Berg fortel at saka traff avdelinga på ein ganske brutal måte.

– Det er ei veldig trist sak. Frå vårt perspektiv er dette hardt fordi det er veldig få som kjenner seg igjen i det narrativet som vart presentert. Då blir dette eit slag i trynet for heile avdelinga. Dette er ikkje dei verdiane vi står for, seier Berg.

Berg ønskjer ikkje å kommentere den konkrete varslingssaka, men understrekar at ein skal ha respekt for dei opplevingane Falmår hadde, og at ho stod fram med si historie offentleg. Forsvaret har klare forventningar til korleis soldatar som tenestegjer skal oppføre seg. Og personar som ikkje følgjer desse reglane, har ingenting i Forsvaret å gjere, forklarar bataljonssjefen.

Snakkar meir om dette no

Berg er tydeleg på at det kan vere svært krevande å skulle sjå «heile perspektivet og treffe dei rette vala» i ei avdeling med nye soldatar kvart halvår frå heile landet, som skal bu, jobbe og leve saman praktisk talt oppå kvarandre i (minst) 12 månader.

Varslingssaken i Stridstrenbataljonen

  • Silje Falmår (22) valde i vinter å varsle både på eigne og andres vegne om det ho meiner var mobbing, seksuell trakassering og overgrep under førstegangstenesta i Forsvaret.
  • Bakgrunnen er eigne og andre sine erfaringar fra tenestetida i Hæren og Stridstrenbataljonen i 2021 og 2022. I ein NRK-artikkel skildrast det korleis medsoldatar verbalt og fysisk trakasserte ho seksuelt.
  • Ifølge varslaren vart ho utestengt og satt mykje ålene etter at ho melde frå til hærleiinga.
  • Saka har fått store konsekvensar. Forsvarsleiinga, tillitsvalde og forsvarsministeren møttest til oppvaskmøte kort tid etter varslingssaka vart kjent. Varslarinstituttet i Forsvaret skal løftast til sentralt nivå.
  • Hæren har granska varslingane Falmår sende inn. Der har dei konkludert med at Forsvaret ved to høve ikkje har fulgt opp omsorgsplikta som arbeidsgjevar hadde overfor ein varsler, melde NRK i slutten av april.

Dette krev kompetanse hos dei med leiaransvar, frå øvste nivå og heilt ned til lagføraren.

Dei siste månadane har Berg lært mykje om korleis det er å stå i medias søkjelys og svare på krevjande spørsmål om trakassering av soldatar ho har ansvaret for. Men Berg meiner noko fint også er kome ut av den vanskelege saka: I Forsvaret snakkar ein no langt meir om uønska hendingar og dårleg oppførsel, og korleis dette skal handterast.

– Det vår jobb å sette standarden for korleis vi vil ha det i vår avdeling, seier Berg.

Berg understrekar at trakassering først og fremst er mest alvorleg for dei som blir utsette for det. Men konsekvensane merkast i heile avdelinga. Eit utrygt miljø blant dei vernepliktige, med mistillit og utfrysningar, går på forsvarsevna laus, seier Berg.

– Det å skape tillit blant soldatane, og sørgje for at det er trygt for soldatane å vere inne i teneste, er ein kjempeviktig del av det å kunne gå i strid. Eg må kunne stole på folka rundt meg 100 prosent og vite at dei vil løyse jobben sin. Og at dei tar vare på meg dersom noko skjer, seier Berg.

– Kunne skjedd kor som helst

Bataljonssjefen meiner varslingssaka ikkje på nokon måte skildar ei «stemning» blant soldatane i avdelinga, sjølv om det er færre kvinner som tenestegjer i Stridstren samanlikna med andre avdelingar i Hæren.

– Det kunne skjedd kor som helst, trur eg.

– Så dette er ikkje noe unikt for dykk?

– Nei, det at Stridtrenbataljonen fekk denne saka er i utgangspunktet tilfeldig. Eit breidt spekter av norsk ungdom tenestegjer her, seier Berg og legg til at det Forsvaret kan gjere, er å forme personane best mogleg når dei er inne i organisasjonen.

– Og så er det mange utfordringar som kan oppstå etter kvart, seier Berg.

– Kva for utfordringar kan oppstå?

– Det kan vere alt frå kva forutsetning du har for å klare å identifisere noko som ikkje er bra, til å ta tak i grupperingar blant soldatane. Så handlar det også om korleis ein som leiar vel å adressere eit problem, seier Berg.

Stridstrenbataljonen

  • Stridstrenbataljonen er ei kampstøtteavdeling i Brigade Nord.
  • Bataljonen har rundt 500 vernepliktige soldatar og befal.
  • Hovudkvarter er i Rusta leir i Bardufoss.
  • Bataljonens oppgåver dreier seg om alt frå nasjonal beredskap til operasjoner i utlandet. Stridstrenbataljonen etterforsyner stridande avdelingar med for eksempel mat, vatn, drivstoff og ammunisjon.
  • Bataljonen har fem kompani og har ved fleire høve vore i utenlandsoppdrag, som Afghanistan, Kosovo og Irak.
  • Stridstrenbataljonen er også ansvarleg for å gjennomføre berging, vedlikehald og reparasjonar av brigadens materiell, samt transport av andre brigadeavdelingar.
  • Avdelinga har stort behov for soldatar med teknisk kompetanse, som for eksempel bilmekanikarar og våpenteknikarar.

Kjelder: Forsvaret.no, Wikipedia, Store norske leksikon

Rutiner vart revidert

Berg vart bataljonssjef sommaren 2021 og kan ikkje svare for kva som er gjort med haldningsskapande arbeid før den tid. Men Berg fortel at det er jobba kontinuerleg med varslingsrutiner sidan den gang. Leiargruppa i bataljonen har etter varslingssaka vart kjent revidert eigne rutiner i samråd med vernepliktige for å «sørge for at fokus er rett».

Det er gitt tydeleg beskjed nedover i systemet om at arbeidet med førebygging skal prioriterast høgt.

Men Berg er tydeleg på at kompis-støtta også er viktig for å få bukt med dårleg oppførsel:

– Vi kan ikkje få gjentatt ofte nok overfor dei vernepliktige at dei faktisk må stille opp for sine venner om dei opplever noko som er ugreit. Og at dei må seie frå. Og så har vi jobba med å bevisstgjere lagførarane – dei soldatane som følger tettast på vernepliktige i kvardagen, seier Berg.

Ein lagførar er ein soldat som etter fullført verneplikt på eitt år har tatt eit kurs på 14 veker. Dette er lågaste leiarnivået i Hæren. Tilbake i avdelinga har dei ei leiarrolle for soldatar som ofte er på same alder eller eldre.

Mange av lagførarane er unge, nokon kan vere 19 år, og har budd på dei same kasernene som dei nye vernepliktige soldatane.

– Det å leie unge soldatar er krevjande, og vi legg derfor stor vekt på at trening, utdanning og leiing av soldatane skjer i troppen og kompaniet, leia av befal og offiserer med meir erfaring, seier Berg, som understrekear at selekteringa til lagførerskolen er streng.

Handler også om modenheit

Men det at mange med leiaransvar får vidareutdanning skapar ei anna utfordring. Bataljonssjef Berg seier «funksjonelt fråver», altså det å vere vekke frå operativ teneste for å ta naudsynte kurs, til tider gjer det vanskeleg å følge soldatane tett i kvardagen.

– Det gjer at vi må vere flinke til å skape ein kultur, der alle tar ansvar for å bidra til eit godt og trygt arbeidsmiljø, seier Berg.

Hæren er no i ferd med å leggje om på lagførarutdanninga. Blant anna skal ein kunne ta ei slik utdanning direkte etter vidaregåande saman med førstegangstenesta. Målet er å redusere «funksjonelt fråver».

– Er det nok med eit kurs på 14 veker for å få eit slikt ansvar?

– I dei fleste tilfeller er det nok. Dette handlar jo også om modenheit. Men nokon gongar merkar vi at det kan vere behov for meir kompetanse, seier Berg, som understrekar at ung snittalder blant lagførarane ikkje er årsaka til varslingssaka som ramma hennar avdeling.

– Mange seier dei ikkje vil råde sine døtre til å gjennomføre førstegangsteneste i Forsvaret. Kva tenkjer du om det?

– Heilt ærleg så meiner eg det er eit feil råd. Det å vere i Forsvaret som kvinne er, utan at eg skal gjere meg til representant for alle kvinner i Forsvaret, veldig bra. Eg har tenestegjort her i snart 25 år. Og eg opplever Forsvaret som ein veldig inkluderande arbeidsplass med samhold, og der du opplever å vere ein del av noko større, seier Berg.

Militær logistikk

  • Ein av dei første som forstod kor viktig logistikk i militæret var under krig, var Napoléon, som på starten av 1800-tallet oppretta ein funksjon som heit Générale de Logistique, det vil seie «logistikk-general».
  • Logistikk i krig vart endå tydelegare under den andre verdskrigen på allierte side. Produksjon av krigsmateriell føregjekk i USA, medan fronten var i andre verdsdelar. Materiell måtte fraktast over store avstandar som Atlanterhavet og Stillehavet. Denne greina av logistikken kallast militær logistikk.
  • Heilt sidan Noreg vart Nato-medlem i 1949 har mottak av hjelp frå andre allierte vore ein del av føresetningane for forsvaret av landet. Fleire stader langs kysten er det bygd opp infrastruktur som kan nyttast for å ta imot militær hjelp om krig skulle bryte ut.

Kjelder: Wikipedia, Forsvaret

Powered by Labrador CMS