Nyheter

Nato-senter skal inn i ein atomsikker fjellhall i Bodø

Natos luftoperasjonssenter i Bodø vert lagt til ein underjordisk flyhangar frå den kalde krigen.

OPERASJONSSENTER: Combined Air Operations Centre skal flyttast inn i ein flyhangar i Bodø.
Publisert Sist oppdatert

Tips oss!

Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane

Nato sitt luftoperasjonssenter i nord, Combined Air Operations Centre (CAOC), vert lagt til anlegg 96 i Bodø. Det skriv Bodø Nu.

Det underjordiske anlegget eigd av Forsvarsbygg vert i dag, som inntil nyleg var brukt som lager for flya til Norsk Luftfartsmuseum. 

– Forsvaret planlegg å igjen ta i bruk fjellanlegget for kampfly i Bodø i samband med etableringa av Combined Air Operations Centre Bodø, seier Stine Barclay Gaasland, fungerande kommunikasjonssjef i Forsvaret til Bodø Nu.

– Dette anlegget vert vurdert som det mest eigna, både på grunn av storleiken og i lys av prosjektgjennomføringa.

Anlegg 96 vart opna i 1959 og brukt av 31-skvadronen sine F-86 jagarfly.

Vidare vart den underjordiske hangaren brukt av Starfighter-jagarflya, etterfølgt av F-16-fly fram til 1996.

Forsvaret opplyser at fjellhallane vil trenge mykje rehabilitering og oppussing før CAOC kan flytte inn.

Senteret har kontroll over Nato-luftoperasjonar i Norden, Østersjøen, Nord-Atlanteren og Barentshavet. 


Powered by Labrador CMS