Nyheter

GENERALMAJOR: Rolf Folland deltok på Arctic Challange på Ørlandet i 2023.

Sjefen for Luftforsvaret flyttar til «Forsvaret sitt hjarte»

Generalmajor og sjef for Luftforsvaret, Rolf Folland, skal jobbe i ein fjellhall aust for Bodø.

Publisert Sist oppdatert

– Sjefen for Luftforsvaret flyttar tenestestad til Reitan frå 1. august, seier Luftforsvaret sin kommunikasjonssjef Eivind Byre til Forsvarets forum.

Reitan ligg på Tverlandet i Bodø kommune i Nordland. Dei fleste som jobbar ved Reitan, er ein del av Forsvarets operative hovudkvarter (FOH), står det på Forsvaret sine nettsider:

«FOH er på mange måtar Forsvarets hjarte. Frå operasjonsrommet inne i fjellanlegget på Reitan held FOH kontinuerleg oversikt over Forsvarets aktivitetar ( . . .)»

Hovudkvarteret samordnar, planlegg og leiar også Forsvarets militære operasjonar her heime og i utlandet.

I eit debattinnlegg hjå DN har Anders Romarheim, førsteamanuensis ved Institutt for forsvarsstudiar ved Forsvarets høgskule, undra seg kvifor Folland skal styre Luftforsvaret frå eit «avsides fjellanlegg»:

«Her har tilsynelatende Forsvarssjefen simpelthen bestemt seg og iverksatt en rask prosess uten særlige rom for motforestillinger», skriv Romarheim.

Forsvarets forum har sendt Romarheim sitt innlegg til Forsvaret sin pressevakt, oberstløytnant Per Gunnar Grosberghaugen

– Forsvarssjefen er diverre ikkje tilgjengeleg i dag, svarar Grosberghaugen i ein e-post.

– Fragmentert

Eit av poenga til Romarheim er at «fragmenterte staber» ikkje er eit pluss for effektiv ledelse. Han meiner at Luftforsvarsstaben i framtida bør ligge samla.

Han skriv om Folland og nokre medarbeidarar at dei:

«(. . . ) har fått husrom i Forsvarets operative hovedkvarter (FOH), og har dermed forlatt funksjonelle lokaler, 134 Luftving, Rygge flystasjon, østlandsområdet, og fremfor alt hele luftforsvarsstaben (LST), minus en håndfull medarbeidere.»

– Ønskjer Rolf Folland å kommentere Romarheim sitt innlegg?

– Vi forholder oss til politiske beslutningar, og løyser dei oppdraga som forsvarssjefen gjev, svarar Eivind Byre i ein e-post.

– Ei større omstilling

Byre skriv at Folland startar i Bodø 1. august, men han har tiltredingsreise 14. august på grunn av sommarferie.

– Kor mange andre frå Luftforsvaret skal sitte samam med Folland i Bodø?

– Heile leiinga til Luftforsvarets er inne i ei større omstilling som etter planen skal implementeras frå 1. januar 2024. Resultatet av denne kan ikkje forskutteras, svarar Byre.

Og han legg til:

– Etter sommarferien flyttar sjefen for Luftforsvaret, saman med sjefssersjant, militærassistent og adjutant, sin tenestestad til Reitan. Så vil den pågåande omstillinga vise korleis videre utvikling blir, svarar Byre.

Powered by Labrador CMS