Nyheter
No skal alle norske kommunar øve på krig
– Det følast absurd å stå å seie dette, men slik er situasjonen no, seier justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen som ber 357 kommunar vere klare.
Ein måse seglar sakte over ein speilblank Drammens-fjord som glinsar av solstrålar og skimrar i blått:
– No er det bokstaveleg talt blå himmel her. Det opplevast som om Norge er under konstant blå himmel. Vi har ikkje måtte tenkte på dette på veldig mange år. Det følast absurd å skulle seie at vi må forberede oss på krig, seier justis- og beredskapsminister Astri Aas-Hansen (Ap).
Vil mobilisere heile landet
Ho har akkurat snakka til ei forsamling av kvinner og menn i alt frå sivile klede til raude, grøne eller blå uniformer.
Både ho og Direktoratet for Samfunnssikkerhet og beredskap (DSB) har ei viktig melding som vil merkast i alle kommunar frå Finnmark til Agder i år: Krig er ikkje lenger berre noko vi ser på ein skjerm. Den kan komme til oss:
– Vi må alle saman ta inn over oss korleis den sikkerheitspolitiske situasjonen er. Kommunar, fylkeskommunar, bedrifter og alle type verksemder må tenkje:
– Kva må eg planleggje og vere budd på for å halde mest mogleg vanleg drift i ei krise, seier Aas-Hansen.
Scenario: Angrep på Baltikum
Tysdag har det gått ut to dokument frå myndigheitene til kommunane.
DSB har laga ein rettleiar om kva som er oppgåvene og jobben til norske kommunar om det smell. I det andre dokumentet, lyser det med store raude bokstavar på toppen av kvar side, tre gonger: ØVING.
Eit land som ikkje er nemnt ved namn har angripe Estland, Latvia og Litauen. Nato har utløyst artikkel fem og Norge er i krig. Allierte utanlandske soldatar kjem til norske hamnar og flyplassar.
Noreg blir utsett for desinformasjon og sabotasje. Heimevernet kallar inn alle vernepliktige og Forsvaret mobiliserer.
HV-sjef: – Ein god og viktig start
Ein av dei som ville bli sett inn i dette tenkte scenarioet er Simen Sandum. Han har jobba 24 år i Forsvaret og er distriktssjef for HV-03, Telemark og Buskerud heimevernsdistrikt:
– Alle hendingar og kriser startar i ein kommune. Vi har fått ein rettleiar på plass for heile Kommune-Noreg der vi har eit felles standpunkt og felles scenario gjennom heile landet. Det vil gje ei felles forståing for kva kommunane og det offentlege skal gjere. Det er ein veldig god og viktig start, seier oberstløytnanten.
Håpar folk har lager i kjellaren
Distriktssjef Sandum har jobba med beredskap i mange år. På spørsmål om kva som skal til for at han er nøgd med kor budde folk er, legg han vekt på beredskapslager:
– I første omgang blir eg nøgd om eg får vite at dei fleste innbyggjarane har eit lager til seg sjølve som varer i sju dagar, seier han og legg til:
– Deretter vil eg vere nøgd om kommunane har gjennomført kontinuitetsplanlegging og har eigenberedskap for kommunane. Vidare at dette blir integrert til eit heilskapleg nasjonalt planverk.
– Må tilpasse oss ei ny tid
Lars Jacob Hiim er direktør for DSB. Han har blant anna bakgrunn som statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet.
Han viser til at for ti år sidan la regjeringa fram ei samfunnstryggleiksmelding. Den heitte «Kriser i ei trygg verd»:
– Når vi ser det som skjer i Ukraina er det klart at verda har forandra seg veldig. Det er eit ganske anna scenario vi ser rundt oss no. Det betyr at vi også i stat, kommune og heile samfunnet må tilpasse oss ei anna verkelegheit.
Ser til Ukraina
DSB og regjeringa har sett på korleis det ukrainske samfunnet har fungert og organisert seg etter fullskala-invasjonen:
– Kommunane skal øve seg på å framleis vere kommune. Sjølv i ein krigssituasjon. Det kan vere at straumen går, det kan vere at du manglar forsyningar. Det kan vere andre utfordringar som gjer det meir krevjande å drive. Det er det kommunane må førebu seg på i planane sine, og ikkje minst øve på. For å sjå kva vi må gjere for å få til det, seier DSB-direktør Hiim.
Retningslinjene om øving på krig i alle norske kommunar er ein del av regjeringa sitt Totalforsvarsåret 2026.