Frankrike

Skogbrannane truar delar av fransk forsvarsindustri

Fleire fabrikkar for forsvarsmateriell ligg i nærleiken av området som brenn i Frankrike, skriv Le Monde. Ein av dei produserer atomdrivne missil.

VEST FOR BORDEAUX: Her prøvar brannvesenet å stogge flammane ved Arés i Frankrike.
Publisert

Brannane som har herja skogane sørvest for Bordeaux, har denne veka roa seg i noko grad.

Men med ein ny hetebølge på veg, er ei rekke installasjonar som er viktig for produksjonen av fransk forsvarsmateriell framleis utsette.

Det skriv den franske avisa Le Monde, som har følgt brannane tett dei siste vekene.

I området ligg ArianeGroup sitt senter for utvikling av atommissil, og testområde som høyrer til fransk Forsvarsmateriell (DGA) og Dassault Aviation.

Dei utsette fabrikkane til ArianeGroup er alle evakuerte, ifølge selskapet.

På spørsmål om moglege konsekvensar av brannane, skriv talsperson Gregor Waschinski følgande i ein e-post til Forsvarets forum:

– Det er for tidleg å evaluere innverknaden denne situasjonen vil ha på våre aktivitetar.

SLØKKER: Tiltaka ved militærleiren Souge har verka i denne omgang.

Må flytte på «sensitivt utstyr»

Dassault Aviation har også eit lager for eksplosiv i området, ifølge The New York Times.

– I tett samarbeid med Direktoratet for forsvarsmateriell og lokale styresmakter, har vi måtta flytte på sensitivt utstyr, skriv talsperson Durand Mathieu i Dassault på e-post.

FRANSK FLYGIGANT: Dassault Aviation produserer både militære og sivile fly. Her frå eit møte mellom Dassault-sjef Eric Trappier (venstre) og Volodymyr Zelenskyj i desember 2025.

Alle tilsette ved dei to Dassault-anlegga i området evakuerte, med unntak av dei som deltek i flyttearbeidet og å verne bygga mot brannen, fortset han.

2800 hektar av skogen husar også militærleiren Souge, heimen til det 13. fallskjermdragonregimentet i det franske forsvaret.

Entreprenørar har sikra heile området med brannbremsar, seier lokale styresmakter til Le Monde.

Tips oss!

Har du tips eller innspel til denne eller andre saker? Send oss ein e-post på: tips@fofo.no eller ta direkte kontakt med ein av journalistane


Powered by Labrador CMS